Førsteinntrykk

Apex Legends

Frisk spinn på Battle Royale med ypparleg skytekjensle

Titanfall er tilbake i nytt format – utan dei karakteristiske titanane.

Eg har alltid vore storfan av kjappe skytespel. Som Titanfall og Titanfall 2, til dømes. Det raske rørslesystemet der minner meg om dei tusenvis av timane eg la inn i Call of Duty 4: Modern Warfare (frå nokre av dei same utviklarane som Titanfall) for eit tiår sidan, og dei botnsolide skytemekanismane for soldatane passar meg perfekt.

Derimot kan eg ikkje fordra robotane. Difor var eg særs positivt overraska då Respawn avduka det nye spelet deira på måndag. Apex Legends, eit gratis helteskytespel, er i praksis Titanfall utan Titans, basert på ein Battle Royale-modus. Skytespelet fekk over ein million unike spelarar på den første dagen, og det er definitivt ikkje utan grunn. Battle Royale-sjangeren har fått eit etterlengta og høgst nødvendig friskt pust.

Gamal oppskrift, nye ingrediensar

Har du spelt Battle Royale-spel før vil Apex Legends vere enkelt å sette seg inn. Du byrjar kvar runde i eit skip saman med to vener, og må velje kvar på kartet du skal lande. Nokre områder er rolege, men byr på mindre ressursar, mens andre områder har betre utstyr kombinert med konkurranse om kven som får det. Tempoet er omtrent på linje med PUBG sitt Sanhok-kart med rundar på rett under 20 minutt. Det betyr litt dødtid her og der, men landar du i travle områder kan du forvente action heile vegen. Elles er det sjølvsagt ein sirkel som langsamt kryp innover mot sentrum av kartet, som tvinger deg saman med dei gjenståande motspelarane.

Grunnkonseptet er altså identisk til alle dei andre Battle Royale-spela. For å skilje seg ut frå mølja på andre vis har utviklarane henta inspirasjon frå spel som Overwatch og Rainbow Six Siege via eit heltesystem. Du får velje mellom åtte ulike figurar («legends») som kvar har forskjellege ferdigheiter du kan dra nytte av i kampens hete. Heltedesignet er ikkje spesielt originalt, men det speler ei viktig rolle i korleis Apex Legends fungerer. Blant anna har du figurar som kan få opp helsa til lagkameratane, du har ein som kan teleportere rundt for å kome unna eller flanke rundt fiendar, og du har ein figur som kan klone seg sjølv for å lure motstandarar.

Heltefiguren Bloodhound kan merke andre spelarar og følgje fotspora deira.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kvar figur har to ferdigheiter, og dei fleste kan brukast til å piffe opp spelestilen din. Mobilitet er eit fokus her, som gjer at det er plenty av sjansar for å kome opp med smarte trekk for å utspele fiendane dine. Viss du først klarar å ta knekken på nokon – eller dei deg –, så er ikkje nødvendigvis runden over heller.

Spelarar som døyr droppar ein «battle token». Dersom du har andre lagkameratar som framleis er i live, kan dei springe bort til liket ditt og plukke opp denne. Deretter kan dei finne eit gjenopplivingspunkt, der du vil stå opp igjen frå dei døde via eit romskip. Dei gongane ein blir drepen av spelarar i campingtelt med marshmallows og grillpølser, er det fint å vite at ein kanskje får ein ekstra sjanse til å utrydde utøyet. Likevel er helteferdigheitene og respawn-systemet langt frå høgdepunktet her. Det er nemleg skytekjensla som har hovudrolla i Apex Legends.

Med denne dingsen kan du bringe lagkameratar tilbake frå dei døde.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Skytemekanismar i verdsklasse

Titanfall har nokre fantastiske skytemekanismar, og det same systemet finn me på plass i Apex Legends. Kjensla av å bruke våpena er rett og slett konge. Dei kjenst presise og responsive, akkompagnert med eit flott lyddesign som gjer det til ei fryd å spraye ned fiendar med kulestormar. Det er skikkeleg, skikkeleg moro å kjempe i Apex Legends.

Karane i Respawn Entertainment veit korleis dei skal lage skytespel. Har du spelt Titanfall så kjenner du gjerne til korleis desse våpena fungerer, då dei er henta rett ut av det spelet. Samstundes har det kome nokre nye mekanismar som endrar korleis ein må bruke våpen. Du har nemleg moglegheit til å plukke opp skjold for å gi figuren din eit ekstra lag av helse. Det gir delvis ein «kulesvamp»-effekt, men det betyr òg at ein må vere treffsikker for å få has på fiendane. Ein må også følgje med på kor mykje helse skjoldet til andre har, slik at du veit når du bør gå inn for å avslutte livet deira, og når du bør jobbe med å seinke skjoldet deira på avstand.

Etter kvart som du kjem lengre inn i runden, vil du finne betre utstyr som kan gi deg meir skjold og auke regenerering av helse og liknande. I same slengen får du òg med deg ein drøss med våpentilbehør, om det så er sikte, stokkar, eller kompensatorar.

Etterlengta forbetringar

Les også
Anmeldelse: Apex Legends

Her er ein av dei tinga eg likar best med Apex Legends. Når du plukkar opp våpentilbehør, så klikkar det rett på våpenet ditt. Du treng ikkje inn i lagersystemet for å byte fram og tilbake som i til dømes PUBG. Eit enkelt trykk er alt som trengs viss du vil flytte siktet på eit våpen over til eit anna.

Apex Legends har òg inkludert eit ping-system liknande det ein finn i League of Legends (og delvis i Blackout). Dette gir langt meir informasjon til medspelarane dine i farta. Du kan merke fiendar, merke kvar dei har vore, kvar du ser, utstyr, kvar du spring og liknande. Dette er element som burde ha vore på plass i andre Battle Royale-spel for lenge sidan. Utviklarane bak Apex Legends har openbart peiling på kva me vil ha, og det lovar særs godt at dei faktisk høyrer på spelarane.

Derimot gjer det at dette er eit gratisspel at ein må rekne med eit system for mikrotransaksjonar. Her er Apex Legends langt frå verst i klassen med ein modell som liknar Overwatch. For kvar gong du går opp eit nivå i spelet får du nokre kister å opne, som sprayer skjermen med nye skins til våpen og figurar, samt nokre animasjonar du kan erte fiendane med. Spelet har òg ein virtuell valuta som kan kjøpast for ekte pengar. Der kostar nokre av skinsa du kan få i overkant mykje, men alt dette heilt frivillig då mikrotransaksjonane berre har kosmetisk påverknad på spelet.

Konklusjon

Apex Legends er eit friskt pust i Battle Royale-sjangeren, men det er for tidleg å seie om det blir ei døgnfluge eller om utviklaren faktisk held det dei lovar.
EA

Det er forfriskande å spele eit Battle Royale-spel der eg ikkje får lyst til å slå tastaturet mitt gjennom skjermen etter at eg døyr. Dette kjem delvis av at eg framleis er ny i spelet, men òg at veit at eg kan få ein ny sjanse til å hemne drapet mitt viss lagkameratane mine heng med i svingane.

Det blir spanande å sjå korleis Apex Legends vil utvikle seg. Respawn Entertainment har allereie lagt fram nokre planar for nytt innhald, men dei må jobbe hardt for å halde liv i spelet. Call of Duty: Back Ops 4s Blackout, PUBG, Islands of Nyne og andre liknande spel har alle skuffa når det kjem til «spel som teneste»-modellen, noko eg trur er heilt nødvendig for Battle Royale over tid. Fortnite er vel det einaste spelet som faktisk har levert fullt ut der.

Skytekjensla i Apex Legends treff blink for min del, og endringane i standardformelen for Battle Royale er gjennomtenkte. Eg trur det er fare for at me går fort lei av kartet på grunn av den vesle storleiken, men førebels storkosar eg meg med Titanfall i Battle Royale – spesielt no som me er kvitt dei hersens robotane.

Mange andre er nok skuffa for at utviklaren gjekk for å sleppe dette spelet i staden for Titanfall 3. Det førre spelet hadde riktig nok svake salstal, men opparbeida seg ein iherdig tilhengarskare på grunn av den høge kvaliteten. Ein skal ikkje sjå bort frå at Apex Legends vil få eit liknande følgje, heller. Eg har i alle fall stor tru på dette spelet. Spørsmålet er berre om utviklarane klarar å leve opp til forventningane våre, eller om dette går inn i den etter kvart lange rekkja av Battle Royale-spel me har gløymt om ein månads tid. Spelet er tross alt gratis, så du har ikkje mykje å tape med å gi det eit forsøk.

Les også: – Me lagar ikkje Titanfall 3 »

Siste fra forsiden