Øystein Furevik får pris

Gamer.no-skribent Øystein Furevik får nynorskpris

– Det er heilt enormt, seier hovudpersonen om prisen.

Øystein Loftheim Furevik er årets vinnar av Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar.
Privat

Sidan 2006 har Kultur- og likestillingsdepartementet delt ut ein nynorskpris for journalistar. I år er det Gamer.no-skribent Øystein Loftheim Furevik som får den gjæve prisen.

Formålet med prisen er å fremja bruken av nynorsk i media, og heidra ein journalist som bruker god og levande nynorsk, og som er eit førebilete for andre. Vinnaren får 75 000 kroner og eit kunstverk.

Juryens grunngjeving

Vis mer

Spelverda er internasjonal og i all hovudsak engelskspråkleg. Gjennom gamer.no har me ein redaktørstyrt nyhendenettstad for spel som publiserer på norsk. Årets vinnar av Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar er ein fast bidragsytar til denne nettstaden.

Øystein Furevik (f. 1982) er frå garden Furevika i Førdefjorden. Herifrå har han sidan 2002 skrive vel 1900 meldingar og innsiktsfulle artiklar til gamer.no. Tekstane er grundige, lettlesne og fulle av humor. Og dei er alle skrivne på nynorsk.

Det siste er langt frå sjølvsagt. Furevik fortel i eit intervju med NRK i 2015 at han vart møtt med veldig mange negative kommentarar på språkvalet sitt då han starta opp som spelmeldar. Spor frå ymse diskusjonsforum vitnar om denne motbøra. Ein språkpolitisk medviten redaksjon som støtta Furevik, vart avgjerande for at han ikkje valde å gå over til bokmål, og kritikken og motstanden har etter kvart stilna.

Globalt har spelindustrien ei enorm omsetjing. Han har for lengst vakse seg ut av guteromma og appellerer no til alle kjønn og aldrar. Likevel er den offentlege merksemda liten, og det er magert med grundig journalistikk på feltet. Gamer.no er ei sjeldan svale i norsk samanheng, og i over 20 år har Furevik no standhaftig drive journalistisk nybrotsarbeid på eit område der det er lite norsk og minimalt med nynorsk. Det at Furevik er godt synleg i det viktigaste norskspråklege organet for ein stor og viktig kulturarena, er umåteleg verdifullt for nynorsken.

Det er ei sann glede for juryen å gje Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar 2023 til Øystein Furevik.

Øystein har skrive for Gamer.no sidan 2002, alltid på nynorsk. Dette har resultert i over 1900 publiserte artiklar for oss, og 470 av dei er spelmeldingar. Du kan lesa alt Øystein har skrive på hans forfattarside.

Hovudpersonen sjølv er stolt over prisen, og fortel at det er godt å få anerkjenning for arbeidet.

– Det er heilt enormt. Å gå frå å ha ein draum om å kunne skrive om spel, til å vinne ein så gjev pris, er vanskeleg å setje ord på. Det er både ei stor ære for meg, men og ei anerkjenning av den jobben vi som skriv om spel gjer, fortel Furevik til Gamer.no.

Juryen trekkjer spesielt fram at Furevik har stått temmeleg åleine på nynorskfronten innanfor speljournalistikk i grunngivinga si.

– I over 20 år har Furevik standhaftig drive journalistisk nybrotsarbeid på eit område der det er lite norsk og minimalt med nynorsk. Det at Furevik er godt synleg i det viktigaste norskspråklege organet for ein stor og viktig kulturarena, er umåteleg verdifullt for nynorsken, skriv juryen i grunngivinga si.

– Globalt har spelindustrien ei enorm omsetjing. Han har for lengst vakse seg ut av guteromma og appellerer no til alle kjønn og aldrar. Likevel er den offentlege merksemda liten, og det er magert med grundig journalistikk på feltet. Gamer.no er ei sjeldan svale i norsk samanheng.

Kontroversiell målform

Å skriva om spel på nynorsk har ikkje berre vore positivt lada. Opp gjennom åra har det dukka opp ein del negative tilbakemeldingar i kommentarfelta på Gamer.no om nynorskbruken. Sjølv seier Furevik at han ikkje har late det gå spesielt inn på seg.

– Eg har aldri vurdert å endre språket. Sjølv om det ikkje er moro å bli møtt med negativitet, har det eigentleg berre gjeve meg blod på tann, fortel han.

Han har likevel sett ei endring sidan byrjinga, og merkar sjølv at kritikken har dempa seg.

– Det var absolutt verst i starten. Då kunne ein få inntrykk av at eg var der for å øydeleggje ein heil hobby med nynorsken min, men no er det noko heilt anna. Eg har mange som støttar meg, og om det kjem nokon og sutrar er andre lesarar raskt framme og kjempar kampen for meg. No verkar det mest som ei ikkje-sak, og det er flott. Ei stor takk til alle som har kome med støttande ord opp gjennom åra, seier han.

I juryen sit Solveig Barstad (leiar), programleiar og journalist i TV 2, Jens Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidende og Øystein A. Vangsnes, professor ved UiT Noregs arktiske universitetet og Høgskulen på Vestlandet.

Tidlegare vinnarar:

  • 2022 – Roger Sevrin Bruland, NRK
  • 2021 – Siri Kleiven Strøm og Arill Riise, TV 2
  • 2020 – Eivind Molde, NRK
  • 2019 – Kjersti Mjør, Bergens Tidende
  • 2018 – Harald Thingnes, NRK
  • 2017 – Jens Kihl og Guri Kulås, Klassekampen
  • 2016 – Jon Hustad, Dag og Tid
  • 2015 – Jan Zahl, Stavanger Aftenblad
  • 2014 – Ingunn Solheim, NRK
  • 2013 – Christian Wiik Gjerde, NRK
  • 2012 – Katrine Sele, Firda og Hilde Sandvik, Bergens Tidende
  • 2011 – Njord V. Svendsen, Bergens Tidende
  • 2010 – Astrid Brekken, NRK
  • 2009 – Ronny Brede Aase, NRK
  • 2008 – Odd Reidar Solem, TV 2
  • 2007 – Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen
  • 2006 – Linda Eide, NRK

Siste fra forsiden