Test

Roccat Kone Pro

Gammal klassikar er tilbake i stormform

Det er kanskje ikkje altfor lenge til Roccat kan bli ein skikkeleg utfordrar for Logitech og Razer.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dei siste tre åra har det kome ei bølgje av lette gamingmus på marknaden. Det har blitt direkte vanskeleg å halde oversikt på alt, spesielt når mange av dei mindre kjende produsentane leverer glitrande produkt. Då blir det opp til oss her på huset å løfte dei fram.

Roccat har aldri vore noko stort namn her i Noreg, sjølv om det tyske selskapet har sponsa ein del gode e-sportlag og levert habile produkt i ei årrekkje. Dei var nok meir kjend rundt 2010 enn dei er i dag. Roccat blei kjøpt opp av Turtle Beach for nokre år sidan, og har opplevd ein liten renessanse med ferske produkt og meir omtale. Selskapet har blant anna blitt ein av dei offisielle leverandørane av utstyr til LCS i League of Legends.

Roccat Kone Pro er del av ei nysatsing for å hente inn nokre ferske kundar, og samstundes gi eldre produkt eit strøk med måling. Musa kostar deg vanlegvis 870 kroner, men har vore på sal til rundt 650.

Design og komfort

Roccat Kone Pro er ei mellomstor kabelmus på 64 gram. Gamingmusa har eit ergonomisk design rekna for høgrehendte, med ei utheva tommelstøtte som gir overraskande god støtte. Tommelen ligg som støypt på sida av produktet.

BEHAGELEG: Den noko uvanlege forma til Roccat Kone Pro ligg perfekt i handa.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det verkar som forma passar best dei med klogrep eller hybridgrep. Kroppen er noko breiare enn det gjennomsnittlege gamingmus pleier å vere, men det er den høge ryggen som gjer produktet best eigna til den type grep. Dei med handflategrep vil måtte halde veldig langt bakpå musa for å få fingertuppane ned på museknappane.

Komfortnivået er på topp med mine mellomstore hender og klogrepet mitt. Men sjølv kunne eg tenkt meg at ryggen ikkje var så høg.

Den låge vekta sikrar at Roccat Kone Pro held følgje med mange av dei lettaste produkta på marknaden, og gjer ho særskild eigna til raske konkurransespel. Skolissekabelen byggjer opp om dette. Det finst betre skolissekablar der ute, men denne er mjuk og fleksibel nok til at du nesten gløymer at han er der.

Museføtene er veldig, veldig glatte, og gjer at Kone Pro glir bra på dei fleste stoffmusematter. Det er heller ikkje mykje å seie på byggekvaliteten, anna enn at produktet knirkar litt viss eg pressar veldig hardt på sidene. Ein kjem ikkje unna det med plastprodukt, uansett.

Knappar

Roccat Kone Pro har fem knappar og eit klikkbart rullehjul. Dette er ei av få mus du får kjøpt med optiske brytarar under knappane, som gjer at du potensielt kan spare del av eit millisekund i forseinking når du trykker. Det er strengt tatt umogleg å merke forskjell på forseinkinga, men klikket i høgre- og venstre museknapp er i alle fall behageleg. Vandringa er likevel ein smule lengre enn eg likar.

Det same gjeld sideknappane. Dei har lengre vandring enn mange av dei mest populære gamingmusa for tida, som gjer at dei verkar litt «mjuke» når ein trykker dei inn. Eg syns òg at dei burde vore plassert litt lengre ned i forhold til tommelstøtta.

MJUKE: Sideknappane på Kone Pro kunne vore betre.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kritikken her er mest pirking, men med tanke på kor ekstremt mykje konkurranse det er for denne typen produkt, så har det faktisk ein del å seie.

Rullehjulet er i plast, men er samstundes veldig responsivt og godt å bruke. Det er høgdepunktet med musa når det kjem til knappane. Den siste knappen sit på undersida, og lar deg endre på RGB-lysa som sit i framsida av høgre- og venstre museknapp.

Sensor

Roccat har utstyrt alle dei nye musa sine med Owl Eye-sensoren (PMW3381). Dette er ein modifisert variant av Pixarts PMW3389, og den er feilfri. Den gir støtte for PPT heilt opp til 19 000.

Det er lite å seie på ytinga her. Sensoren kjem til å levere alle dei hovudskota du vil, sett at du treff sjølv, naturlegvis. Sporinga er perfekt ned til det minste piksel.

Programvare og RGB

ROTETE: Programvara til Roccat Kone Pro er tilnærma kaos, men det gir deg verktøya du treng.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Roccat Swarm er kompanjongen til alle gamingprodukta til Roccat. Programvara er rotete og utdatert, men har meir funksjonalitet enn ein del av konkurrentane. Du får moglegheit til å endre eigenskapar på alle knappane, sette opp ekstra kommandoar slik som Razer og Logitech har, opprette makrokommandoar og alt det ein forventar.

Produsenten har òg gitt oss verktøy for å til dømes endre løftedistansen og hastigheita på rullehjulet. Det er det ikkje alle som gjer.

Lyselementa i knappane er dessverre ikkje så mykje å skryte av. Programvara har òg berre fem ulike modusar for RGB-lyset, som er ganske tamt samanlikna med mykje anna. Det er for så vidt ikkje så viktig, heller.

Konklusjon

DYR: Kone Pro kunne med fordel vore nokre hundrelappar billigare.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Roccat Kone Pure er eit klart steg fram for ein produsent som har mista ein del av stjernestatusen over åra. Me har testa nokre av produkta deira i løpet av dei to siste åra, og det er ingen tvil om at dei framleis held følgje med dei store namna.

Likevel når ikkje Kone Pro heilt opp. Passforma er komfortabel, kabelen er mjuk og fleksibel og vekta er låg, men knappane er ikkje heilt slik dei bør vere, og prisen er litt for stiv. For 879 kroner er me nesten oppe i prissjiktet til dei beste trådlause produkta.

Det er mange knallgode 3389-mus heilt nede i 500 kroner no, så denne kostar litt meir enn ho burde. Roccat leverer eit bra produkt her, men det finst betre alternativ til denne prisen.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

7.5
Roccat Kone Pro
Lett, behageleg og presis gamingmus som manglar det vesle ekstra.
Solid byggekvalitet
Feilfri sensor
Låg vekt
Skolissekabel
Funksjonsrik programvare
Mjuke knappar med lang vandring
Litt for stiv pris
Rotete programvare
Hardware

Les også

Siste fra forsiden