Gammal klassikar oppstår på ny

Prince of Persia: The Sands of Time kjem i 2026.

Prince of Persia har fått ein skikkeleg renessanse dei siste åra, og måndag kveld avslørte Ubisoft at dei skal lage ein ny versjon av klassiske The Sands of Time.

Det er 21 år sidan spelet først kom ut, og nyversjonen lanserer i 2026.

Spelet blei faktisk først annonsert i 2020, men blei lagt heilt på hylla og til slutt overtatt av Ubisoft Montreal.

Sjølve sniktitten viser ikkje meir enn eit talglys, men det blir spennande å sjå kor tett dei legg seg opp til det gamle spelet.

Ubisoft publiserte eit lengre intervju om nyversjonen i fjor.

Siste fra forsiden