Test

JBL Quantum One

Går rett i strupen på 10/10-headsettet

Har me endeleg funne ein erstattar for Audeze Mobius?

Mikkjell Lønning/Gamer.no

I fjor annonserte Harmon-eigde JBL at dei ville ta steget inn i den etter kvart svært metta marknaden av gamingheadsett. No har me fått bryne oss på toppmodellen deira, Quantum One.

Med ein pris på rundt 3000 kroner konkurrerer dette heilt øvst i marknaden, mot blant andre Audeze Mobius, som så langt er det einaste headsettet me har gitt 10/10. Det har vore omtrent i dagleg bruk hos meg sidan me testa det i 2019, men knakk dessverre over den venstre øyreklokka førre veke. Ikkje heilt game-over, for lim skal nok gi det eit år eller to til, men det er i det minste grei timing for å kikke på headsettet til JBL.

JBL Quantum One deler nemleg mange trekk med Audeze Mobius. Det har 7.1 surround, 3D-hovudsporing, lydkvalitet på audiofilnivå og svært god komfort. Så. Har det kome ein ny konge på haugen her hos oss?

Design og komfort

Quantum One er ikkje trådlaust slik som Audeze Mobius og Audeze Penrose (ein ny, trådlaus versjon, men med noko svakare lydkvalitet), og kan difor kome unna med eit sterkare gamingpreg. Dette er ikkje noko du tar med på bussen. Omfattande bruk av RGB-lys gjer dette til eit oppsiktsvekkande headsett, men mønsteret på RGB-lysa er samstundes overraskande smakfulle. Eg likar utsjånaden til Quantum One.

MASSE RGB: Det er ikkje akkurat mangel på fargar på JBL sitt gamingflaggskip.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Med sine 369 gram er dette eit forholdsvis tungt headsett. Bøyelen og hengslene til klokkene er i plast, og verkar ikkje som dei mest solide me har vore ute for. Det toler nok litt røff behandling, men eg saknar noko av den premiumkjensla ein forventar med ein slik prislapp.

Høg vekt gjer òg at det er viktig med god støtte. Det har ein meir enn nok av her. Undersida av bøyelen er dekkja av ei behageleg pute i kunstlær, og putene i øyreklokkene gjer at du kan spele komfortabelt i fleire timar i strekk – sett at det ikkje blir for varmt. Headsettet sit veldig stabilt på hovudet som dessverre gjer at ein kan bli klam.

Tilkopling og knappar

JBL har utstyrt headsettet med både ein 3.5 mm-utgang og ein USB-C til USB-A-utgang. Dei fleste vil nok bruke det siste, for du må bruke USB-tilkopling for å få tilgang til surroundeffektane, støydempinga og lyset.

CHATMIX: Denne kontrollaren lar deg justere lydbalansen mellom stemmeprat og spellyd. Men det er ein smule bortkasta å bruke så mykje plass på noko som i praksis berre er eit rullehjul.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

På midten av den lange og stive USB-kabelen er ein liten ChatMix-boks. Denne lar deg til dømes justere på kor mykje du vil høyre av spellyd opp mot stemma av folk du snakkar med på Discord og liknande. Det er litt bortkasta at JBL ikkje implementerte fleire funksjonar når boksen tar opp så mykje plass som han gjer, men knappane på headsettet byr på resten av det du har behov for.

Venstre øyreklokke har nemleg eit rullehjul for volum, ein knapp for å slå av og på ANC («Active Noise Control», støydemping), ein dempeknapp for mikrofonen og ein knapp for å resette posisjonen din i 3D-sporinga.

Viss du skal bruke 3.5mm-utgangen, får du ein liten kontroller med eit rullehjul for volum og ein eigen dempeknapp for mikrofonen du kan bruke.

Lyd

Lydkvaliteten er det som veg tyngst på vektskåla vår, og her klarar drivarane på 50mm å argumentere greitt for prislappen til headsettet.

I programvara får du val mellom stereolyd, surroundeffekten DTS Headphone v2, 7.1 surround og 7.1-surround med sporing av hovudet ditt. Det klarar ikkje å konkurrere med dei planarmagnetiske drivarane til Audeze Mobius i stereomodus, men leverer likevel lydkvalitet på eit høgt nivå.

SKIKKELEG LYD: Drivarane på 50mm gir stereolyd som lever opp til den høge prisklassen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det einaste eg har å trekke noko særleg for er at det manglar litt driv i bassen, men equalizeren i programvara kan delvis gjere opp for det. Elles leverer Quantum One eit engasjerande og relativt presist lydbilete.

Aktiv støydemping gjer at ein forsvinn endå meir inn i spelverda om ein vil. Støydempinga er effektiv for eit gamingheadsett, og løftar opplevinga eit hakk når oppvaskmaskinen går i bakgrunnen. Samanlikna med aktiv støydemping frå til dømes Bose er ikkje dette så mykje å rope hurra for, men det er førebels få gamingheadsett som har aktiv støydemping i det heile.

Problemet med Quantum One oppstår når ein prøver på dei andre lydtypane. Det som er unikt med Audeze Mobius er at 7.1-modusen er god nok til å bruke til musikk og andre ting, for det er svært sjeldan kost for gamingheadsett utan DAC.

Dette er dessverre ikkje tilfellet for JBL Quantum One. Surroundmodusen gjer at eg høyrer betydeleg betre kvar fiendane mine er i til dømes Counter-Strike, men det har ein uheldig konsekvens med at lydkvaliteten stuper. Det er ei prioritering ein må gjere der. Ein kan alltids venne seg til det utvaska, skarpe lydbiletet som blir litt som å høyre noko under vatn, men eg syns ikkje at det er verd det.

MASSE KNAPPAR: Du får styre funksjonar i hopevis på venstre øyreklokke.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Og 3D-sporing er som alltid litt gimmick. Sporinga gjer at dei virtuelle høgtalarane flyttar seg viss eg beveger på hovudet mitt i forhold til skjermen, og skapar ei kjensle av å flytte seg vekk frå lydkjelda viss ein ser ein annan veg. Det kan fungere i einspelarspel og film, men eg har ikkje brukt det på årevis med Mobius, og eg kjem nok ikkje til å bruke det etter testperioden med dette, heller. Eg må ofte trykke på resettknappen på headsettet fordi eg flyttar på stolen eller kroppen min på eitt eller anna vis, som gjer at det har vore meir bry enn det er verd.

Summen er eit headsett som yter svært godt i stereomodus, men som ikkje heilt klarar å konkurrere i surroundlyd. Sjølv om det kan hjelpe deg med å høyre kvar fiendane dine er, er headsettet langt mindre allsidig enn det Audeze Mobius, Penrose og HyperX sin Mobius-klone er, nettopp fordi surroundlyden ikkje er i nærleiken like bra. Og så lenge det ikkje fungerer, er det med eitt veldig mange andre headsett som kan vere gode alternativ til dette – slik som til dømes SteelSeries Arctis Pro med GameDac og Sennheiser GSP 670.

Mikrofon

OK MIKROFON: Mikrofonen er meir enn god nok til stemmeprat på Discord og liknande, men det finst betre mikrofonar der ute.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

JBL Quantum One kjem utstyrt med ein avtakbar boom-mikrofon. Lydkvaliteten her heilt grei. Stemma mi kjem fram klart og tydeleg, og volumet er kraftig nok til at folk eg snakkar med høyrer meg godt nok. Men det finst betre mikrofonar i denne prisklassen, det er det ikkje tvil om.

Når eg høyrer på opptak av mikrofonen får stemma min eit litt nasalt preg, og s-lydane er for dominerande for min smak. Det er ein del å gå på her.

Programvare og RGB

JBL QuantumEngine er eit oversiktleg program som lar deg endre på alle funksjonane til headsettet. Du må nesten bruke QuantumEngine for å få mest mogleg ut av headsettet, som gjer at dette eignar seg klart best til PC.

EQ på 10 spor, to ulike surroundmodusar, mikrofonvolum og sidetone, RGB-innstillingar og 3D-lyd er blant funksjonane du kan justere på.

Det er faktisk heile seks ulike RGB-mønster du kan velje mellom, og kvart lyselement har deretter fem ulike effektar dei kan setjast opp med. Eg har aldri sett eit headsett med så imponerande RGB-innstillingar før. Det er sjeldan nok at headsett har det i det heile.

Konklusjon

JBL Quantum One er eit imponerande produkt. Det er behageleg, har grei mikrofonlyd, svært høg lydkvalitet og mange kule funksjonar – slik som aktiv støydemping, masse RGB-lys, 7.1-surround og 3D-lyd. Sjølv til 3000 kroner er ikkje det altfor gale.

Denne typen produkt er trass alt mynta på dei som syns det er greitt å bruke ein tusenlapp eller to meir på gaminglyd. Det finst nok av headsett til ein tredjedel av prisen som leverer meir enn god nok lydkvalitet til å spele, men det vesle ekstra kostar.

HØG KOMFORT: JBL Quantum One er blant dei mest behagelege gamingheadsetta me har testa. Materialbruken i konstruksjonen er eg meir skeptisk til.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Du får mindre for pengane dess meir du betalar. Slik er det berre. For så vidt var dette på sal til 1400 kroner under Black Week i fjor, og då snakkar me eit kanonkjøp. Nesten eit ran, faktisk. Det er nok ikkje dumt å følgje med under årets veke om ein er på utkikk etter noko nytt.

Det er likevel vanskeleg å ikkje samanlikne dette med Audeze Mobius på grunn av alle dei liknande funksjonane. Mobius kostar ein tusenlapp meir, men ein må naturlegvis ut med ein del meir for Bluetooth-støtta. Surroundlyden på Audeze Mobius og HyperX Cloud Orbit er i ein heilt annan liga enn det JBL Quantum One sin er, og då snakkar eg om lydkvaliteten, ikkje kor presis surrounden er i forhold til lydkjelda. Og så er stereolyden elles klart betre med planarmagnetiske drivarar.

JBL Quantum One er eit veldig bra gamingheadsett, sjølv til prisen, men det falmar i skuggen av den fremste konkurrenten sin.

8
/10
JBL Quantum ONE
Ein imponerande start for gamingsatsinga til JBL.
Behageleg i bruk
God stereolyd
Aktiv støydemping
Svært omfattande RGB
EQ med 10 spor
Støtte for både virtuell 7.1-surround og DTS 2
Støtte for 3D-sporing
Lang kabel med ChatMix
Svak surroundlyd
Øyreputene pustar dårleg
Høg pris
Middels mikrofon
Mykje plast

Siste fra forsiden