Sniktitt

Gears of War

Eit monster er i anmarsj. Sola går ned, og lyden av eksplosjonar kan høyrast i det fjerne. Finn fram våpenet ditt, det er tid for krig.

Av alt som har blitt vist av Xbox 360-spel har omryet til Gears of War spredd seg som ild i tørt gras. Det er ein grafisk maktdemonstrasjon frå skaparane av Unreal-motoren, og det er veldig tydeleg at desse karane veit kva dei driv med. Gears of War er eit tredjepersons taktisk skytespel. Historia er satt til planeten Sera, der mennneska har bygd opp ein storslagen sivilisasjon som dei sjølv presterar å øydelegge.

Når menneska oppdagar substansen "immulsion", bryt alt helvete laus. Dette stoffet kunne enkelt omformast til energi, og var verdt si vekt i gull. Nasjonar kjempa om kontroll, og ein langvarig krig utarta seg. Du trer inn i rolla som Marcus Phoenix, ein tidlegare soldat. Eigentleg er du ikkje interessert i krig, og ein dag tok du det skjebnesvangre valet å trosse ordre, for å redde far din. På godt seransk heiter dette forræderi, og Marcus blei kasta i fengsel.

Om krig ikkje skulle vere nok, låg ein ukjend rase og venta under jorda. På det som skulle bli kjent som "Emergence Day", kom Locust horda til overflata, med eit brutalt mål; å utrydde menneskeheita. Krigen mot desse kosta mange menneske livet, og militæret såg til slutt ikkje noko anna råd enn å sleppe fangar ut av fengsel, for å kjempe mot den felles fienden. Som ein dekorert soldat, trer du inn i rolla som leiar for ein bande soldatar som ikkje har noko å tape.

Taktikk og gru
I følge sjefsdesigner Cliff Bleszinski har han alltid hatt eit stort ynskje om å skape eit spel som kombinerar taktisk action, med dramatiske horror-element. I Gears of War tilbyr spelet det du vil ha av taktikk, og historia og designen byr på horror. Den invaderande horda med Locust er kraftigare om natta enn om dagen, noko som gjerne vil gjere oppdrag om natta til ein mykje meir nervepirrande situasjon enn kva du finn om dagen. Som ei naturleg følge av dette er eit av dei viktigaste elementa i spelet å gå i dekning bak objekt i miljøet. Du kan gøyme deg bak ting, men fortsatt skyte på fienden. Du kan til dømes skyte vilt mot fienden i raske intervallar ved å halde våpenet over kanten på det du gøymer deg bak. Du kan også skape nye gøymestadar ved å skyte ned søyler, statuer og andre ting du finn i områda du bevegar deg gjennom.

Epic er ikkje ute etter å skape eit typisk action-spel der du stormar på for full guffe. Litt av poenget er at du skal tenke før du handlar. Fiendar kan vere kvar som helst, og å springe rett fram som ein anna idiot kjem ikkje til å fungere. Granatar kan bli eit svært effektivt våpen i mange situasjonar der du kan sjå ut til å sitje fast. Når du skal kaste ein granat får du ein markør som viser kvar granaten vil lande, noko som gjer det mykje lettare å utføre det du tenker. Du kan bruke veggar til å trikse granatane dit du vil, vinkle dei rundt eit hjørne, eller du kan bruke dei for å sprenge kulissane slik at du får noko å gøyme deg bak.

Om du er glad i kooperativ action, vil Gears of War kome som ei gledeleg nyheit. Om du sit og spelar gjennom historia, kan ein ven når som helst bli med, utan å måtte starte spelet på nytt. Du har alltid med deg eit lite lag, og når nokon skal bli med, vil dei ta over rolla som ein i laget. Om nokon du kjenner er på Xbox Live, kan dei også bli med når som helst for å spele kooperativt over nettet. Det ser midlt sagt ut som det perfekte spelet for samarbeid. Når du skal kome deg fram til eit mål, må du gjerne gjere det i kjappe intervallar. Du spring framover, søker dekning, fyrer av nokre runder, og spring vidare. Med ein ven kan du koordinere dette betre ved at venen din kan skyte mot fienden medan du spring framover, og omvendt.

Gears of War er eigentleg det spelet vi har sett så langt som best demonstrerar kva Xbox 360 er i stand til, og å sjå det i aksjon var noko heilt anna enn å sjå ein video. Det er nokre mektig imponerande effekter som blir tatt i bruk, og ild og røyk ser fabelaktig ut. Til dømes fekk vi demonstrert kva som skjer når ein tenner fyr på ein bensintank, og resultatet var spektakulært. Det var også svært imponerande å sjå på fysikken i spelet. Til dømes fekk vi sjå korleis ei statue vippa fram og tilbake før den datt ned, og slo støvskyer opp frå bakken. Vi fekk også sjå insektliknande skapningar sverme i flokkar i lufta. Det var eit imponerande skue å sjå tusenvis av enorme insekt fly etterkvarandre høgt over deg, før dei storma ned.

Det er tydeleg at Gears of War er ein tittel som kan bli svært populær på Xbox 360. Spelet har veldig god design, og ser ut til å ha det vesle ekstra som gjerne må til for å skape ein hit. Grafikken er enormt bra, og det er nesten skummelt å tenke på at det enda er ei god stund til spelet skal lanserast. Det er mykje som kan skje fram til den tid, og vi ser på det som sjølvsagt at dei få problema vi fann med bildeoppdateringa blir ordna opp i til då. Om spelet vil halde alt det lovar gjenstår å sjå, men så langt er Gears of War eit svært lovande spel til neste generasjon.

Siste fra forsiden