Hektisk action i neste Dragon Quest

Rollespelserien er tilbake på PlayStation, men ikkje slik vi kjenner den.

Ikkje sidan Dragon Quest VIII: The Journey of the Cursed King frå 2006 har eit spel i Dragon Quest-serien dukka opp på ein PlayStation-konsoll. Dette vil endre seg til neste år, for då lanserer Square Enix Dragon Quest Heroes på PlayStation 3 og PlayStation 4.

I likskap med Dragon Quest VIII og Dragon Quest IX vil ikkje Square Enix utvikle Dragon Quest Heroes sjølve. I staden har dei hyra inn Omega Force, studioet bak Dynasty Warriors-serien. Som du kanskje skjønar betyr dette at Dragon Quest Heroes vil skilje seg stort frå rollespelserien som gjennom svært mange år heldt seg til dei tradisjonelle turbaserte kampane.

I staden kan vi vente oss storslagne kampar der du i rolla som ein av fleire heltar vil suse over slagmarka medan du grisebankar alle fiendar. For dei første glimta frå Dragon Quest Heroes kan du ta ein kikk på traileren nedanfor.

Sjanger med lange armar

Dynasty Warriors-serien og andre liknande spel går som regel under fellesnemnaren Musou. Ved sidan av Dynasty Warriors-serien finn vi og Samurai Warriors og Dynasty Warriors: Gundam. I nyare tid har Omega Force i tillegg laga Musou-spel basert på kjende manga- og anime-seriar. Blant anna har dei laga spel basert på Fist of the North Star og One Piece.

I fjor fekk mange sjokk då Nintendo kunngjorde at Omega Force var i full sving med å lage eit Musou-spel basert på deira The Legend of Zelda-univers. I Hyrule Warriors som lanserast 19. september får vi ta på oss rolla som både Link og mange andre heltar frå Zelda-universet før vi legg ut på monsterjakt.

Musou-sjangeren har opp gjennom åra hatt eit heller lite publikum i vesten, medan spela i Japan har stor popularitet. Om Hyrule Warriors og Dragon Quest Heroes er det som skal til for å bryte gjennom i vesten vil berre tida vise. For det vestlege publikummet skal ein ikkje sjå bort frå at Final Fantasy Heroes kanskje hadde slått betre an.

Dragon Quest Heroes vil lanserast i Japan til neste år, ei europeisk lansering er ikkje stadfesta enno.

Siste fra forsiden