Hogwarts Legacy

Hogwarts Legacy-oppdatering skal redusere trøbbel på PC

PC-versjonen fungerer ikkje optimalt for alle enno, men hjelp er på veg.

OPPDATERING: AMD lanserte seint tysdag kveld ein ny drivar som skal auke ytinga på RX 6950 XT i Hogwarts Legacy med opptil fire prosent.

Opphavleg sak følgjer:

Hogwarts Legacy har blitt ein hit blant kritikarane sidan lanseringa førre veke, og har for tida nesten ein halv million samtidige spelarar på Steam.

Dessverre er det framleis mange som melder om tekniske problem for PC-versjonen.

Utviklaren kom med ei stor oppdatering som reduserte ein del trøbbel med yting på lanseringsdagen, og melder tysdag kveld at ei ny er på veg til PC og Xbox Series X.

Oppdateringa til PlayStation 5 kjem nokre dagar seinare.

Verken AMD eller Nvidia har laga ein dedikert drivar til spelet på PC enno, og Gamer.no har difor kontakta begge produsentane for å få svar.

Joe Cowell, AMD sin PR-kontakt for Nord-Europa, seier at dei ikkje kan kommentere komande drivarar. AMD har ikkje lagt ut ein ny drivar sidan 24. januar.

Jen Andersson, Nvidia sin PR-kontakt for Nord-Europa, har ikkje svara på spørsmål om dei lagar ein ny drivar.

Nvidia kom med ein drivar førre veke, men denne har berre ein såkalla profil for spelet, ikkje direkte optimalisering.

Det er allereie lansert nokre modifikasjonar til spelet, der eit par ulike NexusMods-brukarar har lasta opp uoffisielle oppdateringar. Desse skal redusere problema med hakking, men me har ikkje testa dette sjølv.

«Stuttering and low performance fix» og «Ascendio – unofficial FPS hotfix» er blant dei mest populære.

Siste fra forsiden