Kan du overleve i eit livsfarleg asteroidebelte?
(Bilde: Atari)

Kan du overleve i eit livsfarleg asteroidebelte?

Oppfølgjaren til legendariske Asteroids er lansert på Steam Early Access.

Asteroids er eit av dei første skikkelege dataspela, og har sidan lanseringa i 1979 nådd legendestatus. I spelet styrte du eit enkelt lite romskip som skaut asteroidar som suste inn frå alle kantar. Spelet har i ettertid inspirert mange andre spel, blant anna Geometry Wars frå Activision.

Asteroids såg noko annleis ut i 1979.
Asteroids såg noko annleis ut i 1979. Bilde: Atari

I februar blei det kjent at Atari har hyra inn ei rekke bransjeveteranar for å byggje eit nytt Asteroids-spel. Dette blir derimot langt frå Asteroids slik vi kjenner det. Asteroids: Outpost blir eit opa verd-spel der du reiser ut i rommet for å sanke ressursar. Det burde ikkje kome som ei overrasking at desse ressursane hentast frå asteroidar.

I ei pressemelding fortel Atari no at Asteroids: Outpost er lansert på Steam Early Access.

Kampen mot regnet

Dette blir ikkje Asteroids slik vi kjenner det.
Dette blir ikkje Asteroids slik vi kjenner det. Bilde: Atari

Asteroids: Outpost ser ut til å ha mykje til felles med andre spel som sender deg ut i ei opa verd der store delar av målet er å overleve. Du reiser ut i rommet, sankar ressursar, og byggjer basar og utstyr. Samtidig kan du alliere deg eller kjempe mot andre spelarar.

Eit av elementa som kan vere med på å gjere Asteroids: Outpost unikt, er nettopp asteroidane. Du reiser ut til asteroidebelte asteroideregn kan bli både ei fare for liv og helse, men og ei kjelde for rikdom. Når asteroideregnet kjem må du forsvare deg ved å skyte ned asteroidane, men i etterkant kan du sanke ressursar frå dei som du igjen kan bruke for å skaffe deg betre utstyr.

Atari prøvar for fullt å få liv i gamle spelseriar om dagen. I fjor avslørte dei at nye spel i Alone in the Dark- og Haunted House-seriane er undervegs.

Asteroids: Outpost

Windows
Slippdato: 26. mars 2015
Sjanger: Massivt online
Utvikler: Salty Games
Utgiver: Atari

Kommentarer (3)

Black Week

onsdag

Følg salget på Gamer.no

Vi har oversikten over alle de beste gaming-tilbudene under hele Black Week og Black Friday.

Se alle tilbudene

Forsiden akkurat nå

Til toppen