Test

BackForce One Plus

Kan ein forsvare å bruke 7400 kroner på ein gamingstol?

Me testar tysk kvalitet.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg er for tida i gang med å flytte inn i ny leilegheit, og er i full oppskruingsmodus. Hyller, bord, benkar, stolar, gardiner og lamper. Du veit. Garderobeskapet frå IKEA, som kjem i nærmare 27 separate pappesker, har godgjort seg på terrassen i nokre dagar.

Kontoret mitt skal bli eit skikkeleg gamingrom, og slik sett var det god timing at tyske Backforce kontakta oss for å teste den nye gamingstolen deira One Plus.

Dette gav meg ein liten pustepause frå den grenselause irritasjonen over den elendige gamingpulten eg har kjøpt som er omtrent like stabil som gele, og som sender vibrasjonar gjennom skjermane mine som ville registrert høgt på Richters skala. Og det lar meg utsetje maredraumen frå Sverige ei stund til.

Me takkar vanlegvis nei til slike tilbod, men litt av pitchen til Backforce er å kritisere OEM-designet som dei aller fleste gamingstolar brukar. Corsair, Dxracer, Acer og andre bruker stort sett nett dei same delane frå ein fabrikk i Kina, og det står tusenvis av desse stolane i norske heimar.

Det gjeld tilfeldigvis mitt kontor òg.

Så eg blei nysgjerrig. Er det verd å bruke nokre tusenlappar ekstra på ein skreddarsydd, tysk gamingstol, eller er min godt brukte Dxracer Racing Pro R131 meir enn nok?

Spenstig pris

Alle komponentane i stolen er produsert i Tyskland. Det meiner Backforce gjer at ein bør velje deira stol opp mot myriaden av OEM-produkt på marknaden.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Backforce One Plus er dyr. Den tyske stolprodusenten lar deg velje mellom tolv ulike fargar, og du kan sjølv bestemme kva som skal stå på merkelappane på toppen av stolen. Difor må ein førebels bestille gjennom nettbutikken deira, då til den nette sum av 7400 kroner inkludert meirverdiavgift.

Det er over dobbelt så mykje som eg har betalt for Dxracer-stolen min.

Forskjellen i kvalitet er betydeleg. Kjernen i ryggen til One Plus er bygd i tre, medan setet, korsryggstøtta og armlenet er trekt i velur. Føtene kjem i aluminium og resten er trekt i lær med ein saum i fargen du vel.

Der har ikkje plaststolen min så mykje han skulle ha sagt. Backforce byr òg på 10 års garanti, så her er du sikra eit produkt som skal halde i mange år framover.

Les også
Nettbutikk går saman med CS-legende for å lage e-sportutstyr

Eit hav av moglegheiter

Byggekvaliteten er ein ting, men komforten er trass alt den fremste grunnen til å kjøpe ein gamingstol. Backforce One Plus byr på ein heil haug med justeringsmoglegheiter for å gi den beste sittestillinga.

Stolen er bygd for personar mellom 45 og 130 kilo, og fungerer best for dei som er mellom 151 og 192 centimeter høge.

Som ein av landets minst handy personar set eg pris på at ting er enklast mogleg. Stolen var klar for bruk etter ein knapp halvtime med skruing.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Du får stille på høgda på heile stolen, vippe setet opp og ned, justere setet i lengda, stille på ryggen – både heile og avgrensa til korsryggen og meir til. Armlenet kan naturlegvis stillast både i høgda, lengda og breidda, men det kan òg leggast heilt ned bak ryggen.

Det er ein mengde med knappar og spakar å velje mellom. Ein del av justeringane er så gradvise at det er vanskeleg å vite kva du faktisk stiller på, så det er greitt å kikke litt på bruksrettleiinga for å få oversikta.

Stolen har eit meir smakfullt design enn det mange av OEM-stolane har. Men så veldig anonym er han ikkje. Dette oser gaming lang veg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er ikkje mange stolar som lar deg stille korsryggstøtte både horisontalt og vertikalt, eller endre på setedjupna. Likevel slit eg med å finne den optimale sitteposisjonen, for justeringstrinna på ryggen og setedjupna er såpass store at eg, vel, fell litt mellom to stolar her.

Slik stolen er sett opp er du omtrent aldri borti hovudstøtta i det heile, og det takla ikkje nakken min i starten. Men dette handlar mest om tilvenning. Etter to år med eit racing-sete, der mesteparten av støtta kjem rundt baksida av skuldrene, i staden for korsryggen, syns eg ikkje stolen var spesielt god å sitte i. Det endra seg etter nokre dagar.

Komfortnivået er likevel ikkje nemneverdig høgare enn med den billige stolen. Faktisk tvert imot. Eg syns Dxracer-stolen er betre å sitte i, og det same syns fleire andre som har fått prøvesitte her i heimen.

Den fremste grunnen til det er at setet er mykje kortare på Backforce One Plus enn Dxracer-stolen.

Konklusjon

Så, ville eg brent 7000 kroner på ein gamingstol?

Nei.

Her kan du sjølvsagt få meir for pengane med å kjøpe ein heilt vanleg kontorstol, men av openberre grunnar er ikkje det så interessant for oss i Gamer.no.

Det er ingen tvil at om at byggekvaliteten til Backforce One Plus er eminent, og stolen er behageleg når du venner deg til han, men ærleg talt syns eg ikkje komfortnivået er noko betre enn med stolen eg har no. Eg likar den førre betre. Og det gjer bankkontoen min òg, då stolen kosta meg 2700 på sal.

Velurtrekket er behageleg å sitte på. Men det som gjer mest for komforten er at produsenten har brukt to ulike material inni setet. Setet er mjukare under knea enn ved ryggen, for å gi betre støtte.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg føler ikkje eg har bruk for alle justeringsmoglegheitene Backforce One Plus byr på. For dei med ryggproblem trur eg nok stolen er verd pengane og vel så det, men sjølv har eg rett og slett ikkje behovet. Det trur eg ikkje dei fleste andre har, heller.

Me set ikkje karakter i denne testen.

Førebels har eg ikkje all verda med samanlikningsgrunnlag, difor må me prøve litt fleire stolar før me set karakter.

Backforce One Plus er ein glimrande stol for dei som vil kunne skreddarsy kvar minste funksjon for å få den beste sittestillinga – sett at du har ein kropp som passar trinna på innstillingane. Det er nok ein smule tilfeldig.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden