Feature

Kelly Davis - manuskonsulent

Osloenseren har skrive for Rockstar. No vil han dele tipsa sine for å bli spelskribent

Denne veka er manuskonsulenten og forfattaren Kelly Davis på turné i Noreg.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

«Slik blir du ein spelforfattar» er overskrifter ein ser med jamne mellomrom på mange av dei store, internasjonale spelnettsidene. Dessverre er ofte konklusjonen at ein neppe kjem til å tene noko særleg, at det er omtrent umogleg å kome gjennom nålauget og at ein må ha råflaks for å få fast jobb.

Manusutvikling er gjerne noko som blir nedprioritert når spelutvikling er så kostbart som det er. Då er det få som tar seg råd til å hyre inn eigne folk. Spesielt her i Noreg, der me har ein knøttliten bransje dominert av indieselskap, er det neppe enkelt å tene noko særleg.

Denne veka var ein av dei få her i landet som faktisk har hatt nokre slike jobbar på ein liten noregsturne. 47 år gamle Kelly Davis tok med seg den litterære verktøykassen sin for å gi skribentar i Kristiansand, Stavanger og Bergen eit innblikk i korleis han jobbar.

I løpet av dei siste åra har Davis jobba med fleire små spelprosjekt rundt i Skandinavia, og har tidlegare arbeida som manuskonsulent for Rockstar på Grand Theft Auto IV.

Lærerikt

Davis fortel til Gamer.no at han møtte Rockstar-direktøren Sam Houser på ein kafe i New York.

– Eit par veker seinare ringde dei meg og spurde om eg ville kome inn for å kikke på eit prosjekt.

Det viste seg å vere GTA IV. Davis var involvert i prosjektet som konsulent i rundt ein månad.

UKJEND UTFALL: Davis har konsultert på ein haug av ulike prosjekt, og mange gongar har han vore éin av veldig mange som kjem med innspel på manuset. Ofte får han ikkje vite om det han kommenterer kjem med i det heile.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

– Det er veldig interessant å jobbe med spelutviklarar, for du har kreativiteten og fantasien i eine enden, og så har du budsjettet i andre enden. Slikt lærte eg mykje om der. Dei var ein enorm gjeng, og det var skikkeleg gøy å jobbe med Rockstar, seier Davis.

Rockstar var ute etter inntrykk og idear, og Davis drøfta ein del med Houser.

– Eg var eigentleg ikkje så veldig imponert over Niko, hovudfiguren, for eg syns han var ganske stereotypisk og flat. Eg skulle gjerne gitt han litt meir djupne. Men så er det jo dette med at hovudfiguren gjerne skal vere ein avatar for spelaren, og slik sett må vere eit blankt ark.

Ver observant

Davis har òg vore manuskonsulent for fleire mindre produksjonsselskap innan TV, og har jobba med HBO på Band of Brothers og Netflix med andre sesong av Ozark.

Les også
Anmeldelse: Grand Theft Auto IV

Han fortel at skilnadane mellom å jobbe med spel og TV først og fremst kjem an på formatet til spelet.

– Det er vanskeleg å lage ei open verd i ein film. Du kan kanskje skape ei slags kjensle av det med eit «vandrande kamera», men med ein gong du kjem inn i oppdragsstrukturen i spel som GTA, så er det jo mykje det same som ei vanleg forteljing.

Det fremste tipset hans for dei som vil starte med å skrive for spel, er å berre skrive mykje. Tipset gjeld eigentleg all type skriving, seier han.

– Kom deg i gang. Det å utsette ting er dødeleg for oss skribentar. Og ikkje rediger så mykje, berre få ned det som kjem ut av hovudet ditt, få det ned på papiret.

SKRIV KONSTANT: – Eg er besett av gode forteljingar, seier Kelly Davis. No er han aktuell med eit teaterstykke som er inspirert av interaktiviteten i spel.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sjølv har han alltid med seg ei notatblokk i baklomma. Davis meiner det er ekstremt viktig å vere observant på det som skjer rundt ein som skribent, og han skriv ofte ned ting han ser eller høyrer som er litt utanom det vanlege i kvardagen.

– Viss du berre skriv når du har gode idear, så er ikkje det å skrive. Spytt det ut, kom inn i ein skikkeleg rytme. Det å skrive skal vere som å puste, og du har aldri tid til å ikkje puste.

– Alltid ha det i bakhovudet. Kva om den dialoglinja du overhøyrde på kafeen kunne bli skrive inn i speluniverset ditt? Eller den ulukka, det dramaet, det unike du såg nokon gjere. Få det ned.

Engasjerte publikummet

SAMLAR SKRIBENTAR: – Det er viktig å lære frå kvarandre, seier Davis, som inviterer skribentar inn frå alle typar sjangrar, om det så er spel, film eller teater.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Davis arrangerte workshopen over to kveldar i kvar av kystbyane, og møtte stort engasjement blant publikum i Stavanger.

– Veit du, eg har vore heilt «stuck» på eit stadium i spelet mitt i lang tid no, men etter førelesinga i går var det berre noko som klikka, seier Freddy Ekren, som utviklar eit plattformspel på hobbybasis.

Han deltok for å få litt inspirasjon til forteljinga i spelet sitt.

– Eg sat og skreiv i ni timar før eg kom hit i dag, seier Ekren på dag to.

Davis runda av kvelden med å fortelje om eit gratistilbod for alle som driv med skriving. Skulen hans, Skriverommet, arrangerer jamleg skriveøkter over nett, og fungerer som ei slags nasjonal skrivegruppe for dei som vil vere med.

– Eg er veldig opptatt av at ein skal skape eit samfunn rundt skrivinga, seier Davis.

Her er nokre av punkta frå workshopen summert opp:

  • Skriv ned dei interessante augeblikka i kvardagen, og ver observant på det som skjer rundt deg. Ha alltid med deg noko å skrive på
  • Skriv. Skriv meir. Skriv endå litt til. Ikkje berre glan på eit tomt dokument eller eit blankt ark. Få ned noko, kva som helst. Redigere kan du gjere seinare
  • Figurane dine treng eit problem å løyse. Problem skapar mål, og det skapar konflikt - som igjen skapar gode forteljingar. Finn umoglege problem som tvingar figuren din til å endre seg
  • Ikkje gi for mykje informasjon i skildringar eller dialogar. Du skal byggje halve brua, men den siste halvdelen er det fantasien til lesaren som skal setje opp. Prøv å tenk på formidling av informasjon som toppen av eit isfjell, og tenk at lesarane dine er smarte nok til å fylle opp resten
  • Det same gjeld figurane dine. Sjå for deg at det å skrive ein figur som å teikne ein karikatur. Du gjer visse element, slik som øyra i karikaturen, store og overdrivne. Det andre er opp til lesaren
  • Jag etter dei morosame og spanande tvistane i forteljingane dine. Skriving skal vere kjekt
  • Få fram det unike. Det er det som limer seg i minnet til mottakaren etter opplevinga
  • Lær deg reglane i skriving, så kan du heller bryte dei når du har meistra dei
  • Alle har ulike utgangspunkt, og ein må prøve seg fram for å finne sin eigen metode
  • Tenk analytisk når du opplever kulturelle verk du likar, om det er enkelte scenar, eller heile filmar, spel, teaterstykke eller kva det måtte vere. Kva var konflikten i scenen? Korleis har avsendaren skapt spaninga? Korleis fungerer dialogane? Lån det i dine eigne verk, og tilpass det til din stil

Siste fra forsiden