Okto Technologies

Kontoret er på ti kvadratmeter – vil gjere norske spel til milliardindustri

Okto Technologies har allereie henta store summar i finansiering, og siktar mot å ha fleire millionar spelarar innan nokre få år.

Okto Technologies-leiinga ved Filip Nag og Ole Martin Ølmheim.
Mikkjell Lønning/Sandnesposten

Denne artikkelen blei først publisert i Sandnesposten.

To spelutviklarar. Ein tidlegare proffsyklist og Bikefinder-gründer. Og den tidlegare produktsjefen i ladeselskapet Zaptec.

Denne firkløveren deler eit lite kontor på Forus i Sandnes. Dei har ambisjonar om å ta verda med storm gjennom eit mobilspel, samstundes som dei skal få ungdommar opp av kjellaren og ut i dagslyset.

Begge delar er vanskeleg nok kvar for seg.

I fjor henta selskapet Okto Technologies AS 3,8 millionar kroner i ein emisjon. Filmkraft har spytta inn 100.000 kroner, Innovasjon Noreg har gitt dei støtte og til hausten skal dei hente mellom fire og åtte millionar til i ein ny emisjonsrunde.

Gründerane har dyppa hendene ned i både eigne lommer og lommene til Dag Otto Lauritzen for å finansiere gildet.

– Eg elskar å vere med i etableringsfasen av nye selskap, seier dagleg leiar Ole Martin Ølmheim (31).

Ingen spelentusiast

Ølmheim, som er den tidlegare proffsyklisten og Bikefinder-gründeren, seier han i utgangspunktet har null interesse for spel. Likevel har han altså blitt dagleg leiar i eit spelutviklingsselskap – det i eit land der det er svært vanskeleg å lukkast med dette.

– Eg har vore med på fleire reiser i andre selskap. Nokre kroner har blitt tent, nokre har blitt tapt. Det er ei god blanding. Me er nye i bransjen, men me har internasjonale ambisjonar, seier Ølmheim.

Ole Martin Ølmheim (31) er dagleg leiar i Okto Technologies. Han fortel at han knapt har spelt monopol, men har forstått kor mykje gaming kan bety for unge i dag.
Mikkjell Lønning/Sandnesposten

– Nabolanda vår tener milliardar på spel. Me vil bidra til at Noreg òg kan klare det.

Det overordna målet til Okto er å skape meir utandørsaktivitet gjennom såkalla «spelifisering».

Omgrepet handlar om å bruke ideane i speling på situasjonar utfor spel. I mobilspelet «Soria Saga» skal familiar og unge bruke telefonane sine for å gå rundt i nærmiljøet og spele små spel på utvalde stadar. Slik vil Okto lokke barn og unge til å bli meir aktive.

– Gjennom Soria Saga vil spelaren lære, utvikle og vere meir ute utan å merke det i det heile, hevdar Ølmheim.

Soria Saga forvandlar fysiske stadar om til ein «hub» i spelet, der brukaren kan ta del i småspel. Planen er å lansere spelet i løpet av 2023.

Flip Nag (32) pratar med seniorutviklar Atle Mæland (41) og utviklar John Gustav Hauge (31). Desse to er starten på eit stjernelag, meiner bedrifta. Okto har henta inspirasjon frå spelselskap som finske Supercell for å organisere arbeidet.
Mikkjell Lønning/Sandnesposten

Konseptet verkar tungt inspirert av supersuksessen Pokémon Go, men utan lommemonster denne gongen.

Førebels har dei laga éin aktivitet i spelet, og fleire er på veg. Utviklarkreftene deira har ikkje vore med i biletet så lenge, så dei treng litt tid.

På sikt vil utviklarane at brukarane sjølv skal kunne lage innhald til spelet.

Millionar av spelarar

Produktet til Okto har vore gjennom ei rekkje endringar, men visjonen har vore den same heile tida.

Først gjekk Filip Nag saman med ein annan Zaptec-tilsett for å utvikle ein fitnessapp. Så blei konseptet endra til eit slags Pokémon Go for syklistar, før dei gjekk over til dagens produkt.

– Når ein utviklar spelet er prinsippet om «follow the fun», så er det viktig å tørre å prøve og feile, seier Ølmheim.

Filip Nag, medgrunnleggar, er i motsetning til Ølmheim ein skikkeleg gamer. Han har visstnok vore på landslaget i Battlefield tidlegare, fortel han.
Mikkjell Lønning/Sandnesposten

Analysar og testar av appen viste at det var eit større potensial viss dei gjorde målgruppa si breiare. Difor gjekk dei vekk frå sykkelkonseptet.

– Det er tusenvis av produkt innanfor kvar spelsjanger, men for utandørsspel er det eigentleg berre den eine store; Pokémon Go. Difor trur me det er eit stort potensial for at me kan lukkast, seier Filip Nag.

– Målet vårt er at millionar skal spele dette innan nokre få år. No er det berre oss fire her, men me var ikkje fleire enn fire-fem i Zaptec då me starta, heller. Eg har full tru på at me skal få til dette, seier han.

Ladeselskapet Zaptec ventar å få ei omsetning på rundt éin milliard i 2022.

Tilset fleire

Den neste finansieringsrunden til Okto Technologies startar i tredje kvartal, og dei lanserte ein offentleg betatest av spelet sitt denne veka. 40 prosent av pengane dei hentar i haust vil gå til marknadsføring og lanseringa – trass i at spelet er langt frå ferdig.

Betatesten skal gå gjennom sommaren, og dei vil køyre ein analyserunde på resultata til hausten igjen. Det vil avgjere korleis dei planlegg vidare.

– Viss me klarar å følgje planane våre, så trur eg nok me er 6–7 tilsette rundt nyttår. Og det er berre å kome innom for å ta ein kopp kaffi viss ein er interessert, seier Ølmheim.

Okto Technologies er nøgde med at dei har fått tak i lokale utviklarar. Atle Mæland held til i Stavanger, medan John Gustav Hauge jobbar vanlegvis frå heimekontor på Karmøy.
Mikkjell Lønning/Sandnesposten

Dei vil førebels ikkje kommentere noko om når dei eventuelt byrjar å tene pengar.

– Det er ikkje noko me går ut med enno. Me skal ha 50.000 nedlastingar dei første månadane etter lansering, og over 100.000 etter eitt år i marknaden, seier Ølmheim.

– I dag har me mest fokus på éin ting; nemleg å lage eit enkelt beta-spel gøy. Så får me heller ta det steg for steg deretter, seier Nag til slutt.

Siste fra forsiden