25
Teknologi presenteres av Komplett.no
Annonsøren som presenterer denne artikkelen har betalt for profilering av logoen.
Annonsøren har ingen påvirkning på innholdet. Les mer.
Test

PowerA Advantage Wireless Controller

Fullverdig Switch 2 Pro-alternativ

Eit par Nintendo-styrte skavankar til trass, er dette ein ny favoritt.

Øystein Furevik/Gamer.no

Maskinvare blir stadig dyrare, og der mange av oss vaks opp i ei verd der ein ekstra kontroller til din favorittkonsoll ikkje kosta meir enn nokre hundrelappar, er prisane no noko heilt anna. Skal du til dømes ha deg ein ekstra Pro Controller til din Switch 2, må du ut med over tusen kroner, noko som gjer inngangsportalen til komfortabel speling mykje dyrare.

Ei anna endring som har skjedd dei siste tiåra er at kvaliteten på tredjeparts maskinvare no ofte er på same nivå som det du får frå konsollmakarane sjølve, og PowerA er eit av selskapa som satsar hardt på å produsere ekstrautstyr til blant anna Switch 2.

Vi har fått tilsendt deira nyaste modell Advantage Wirless Controller for Switch 2. Kan den hamle opp med Nintendos eigen Pro Controller?

Mykje er likt, men PowerA Advantage er hakket meir kompakt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Fy, Nintendo, fy!

Det første du vil merke med PowerA Advantage er at den ikkje kan vekke Switch 2 frå dvale. Dette i seg sjølv er openbert eit stort skår i gleda for alle som vurderer noko anna enn offisielle Nintendo-produkt, men det er likevel ikkje noko vi kan klandre PowerA for.

Nintendo tillet rett og slett ikkje at lisenserte kontrollarar vekker Switch 2.

Det er eit håplaust forbrukarfiendtleg standpunkt frå Nintendo, noko som ikkje er uvanleg frå den kanten.

Vidare er det eit anna minus med denne kontrollaren, og det er den komplette mangelen på risting. Her er det igjen Nintendo som stikk kjeppar i hjula for tredjepartsprodusentar, men her er det i langt større grad ei smakssak om det har relevans for deg.

Personleg er ikkje dette noko eg legg vekt på, sidan eg knapt tenkjer over det om risting er til stade. Om dette er ein avgjerande faktor for deg, er det derimot greit å ha i tankane.

Eit pluss er den tre meter lange USB-C-kabelen som følgjer med kontrollaren. Med den vil dei fleste kunne lade rett frå konsollen utan problem. Nedst på kontrollaren ligg eit diskret lys som viser batteristatus slik at du aldri er i tvil om du ligg godt an. Mykje meir oversiktleg enn Nintendos eigen Pro-kontroller som er vendt bort frå spelaren.

Lysa som viser batteristand og kontrollernummer er meir synlege enn på Switch 2 Pro-kontrolleren.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eit kvalitetsprodukt

PowerA Advantage Wirless er ein så god kontrollar i bruk at eg har slutta å bruke min Pro-kontroller. Den er hakket meir firkanta i forma, men elles er den så godt som identiske med det offisielle Nintendo-produktet.

Forskjellane er små, men tydelege.

Kontrollaren har ei ru, nesten gummiaktig overflate som gir deg betre grep. Stikkene har ein grov struktur som held tomlane på plass, og heile kontrollaren er svart, i motsetning til Pro-kontrollarens svarte og grå design.

Vidare er alle småknappar dytta ned på ei linje nedst på kontrollaren. Pluss, minus, heim, og alt anna ligg på rekke og rad. Dette krev litt tilvenning. Sjølv etter mange timar med speling tek eg meg sjølv i å leite på feil plass etter viktige knappar. Det er ikkje ei stor sak, men det er verdt å nemne.

Det viktigaste er uansett stikker og knappar, og her har Advantage Wireless ein massiv fordel samanlikna med Pro-kontrolleren. Desse stikkene nyttar såkalla «Hall Effect», noko som eliminerer risikoen for stikkeglidinga mange Nintendo-produkt har vore sårbare for.

Ikkje berre det, men desse stikkene kjennest mykje betre ut i aksjon. Dei sprett tilbake med herleg snert, og glir betre under tommelen. Det er vanskeleg å fullt ut setje ord på, men det heile framstår som eit mykje dyrare produkt enn Pro-kontrollaren, sjølv om det kostar mindre.

Knappane elles er gode. Dei er litt mindre enn knappane på Switch 2 Pro-kontrolleren, og dei ligg litt lågare i kontrollaren. Responsen er god, og på same vis som Switch 2 Pro-kontrollaren har du to knappar på baksida av kontrollaren som lett kan programmerast til å duplikere funksjonen til ein av dei andre knappane på kontrollaren.

Du kan lett la deg lure til å tru dette er eit offisielt produkt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

PowerA har laga ei lang rekke billegare alternativ for offisielle Switch-kontrollerar. No har dei kome med ein trådlaus kontrollar som leverer ei minst like god oppleving som Nintendos eigen kontrollar gjer.

Advantage Wirless har slitesterke og presise stikker, gummigrep, og analogstikkene har grov struktur som får tomlane til å ligge godt.

Kontrollaren kjem derimot ikkje med risting. Om dette er viktig for deg er det best å leite etter noko anna. Eit større minus er at den ikkje kan vekke Switch 2 frå dvale, noko som er eit stort minus, men eit minus Nintendo har ansvaret for sidan dei ikkje tillet tredjepartsprodukt å vekke Switch 2.

Om dette ikkje er eit problem for deg, er PowerA Advantage Wireless Controller eit fullverdig alternativt til Nintendos Pro-kontroller.

Hall effect-stikker
Gummigep
Lang USB-C-kabel medfølgjer
Kan ikkje vekke Switch 2 frå dvale
Manglar risting

PowerA Advantage Wirless Controller for Switch 2

Siste fra forsiden