Test

MSI RTX 4080 Suprim X

Kunne dominert marknaden, men blir øydelagd av det viktigaste

MSI har laga eit glimrande produkt som burde fått toppkarakter.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Konklusjon
2: Testdata i 15 spel

Skjermkortmarknaden har hatt eit astronomisk prisnivå sidan 2020, og fjorårets produktgenerasjon har gjort situasjonen verre.

Det er nesten deprimerande å vere PC-spelar for tida.

Høge straumprisar og stadig meir straumkrevande komponentar er ingen kjempekombinasjon i denne samanhengen. Det er blitt så gale at du kan få både fire, fem og seks PlayStation 5 for prisen av ein entusiast-PC.

Så ja.

Me held likevel fram med dekninga vår, og har kikka litt på ein av dei mest heftige variantane av Nvidia sitt RTX 4080.

MSI RTX 4080 Suprim X syg 17 249 kroner ut av kontoen din om du vel å kjøpe. Er det mogleg å forsvare den prisen på noko som helst vis?

Svindyre skjermkort

Det har blitt ein tradisjon at eg innleier skjermkorttestane mine med å syte om pris. Dette kan sjølvsagt ikkje bli noko unntak.

Lovelace-arkitekturen kan verke som ein slags konkurranse om kva skjermkort som gir minst for pengane.

Alle skjermkorta i 4000-serien er langt dyrare enn tidlegare generasjonar. Ein liten kikk på prishistorikken for 80-skjermkorta til Nvidia skildrar det godt:

SkjermkortPrisLansering
RTX 408016 000*November 2022
RTX 30808000September 2020
RTX 20808500September 2018
GTX 10805000Mai 2016

*Nvidia lanserte i utgangspunktet RTX 4080 til 15 400 kroner i Noreg, men Founder's Edition kostar 16 000. Det er heller ingen kort som kosta så lite ved lanseringa.

Både RTX 4090 og RTX 4070 Ti er òg langt dyrare enn tidlegare generasjonar.

Det heng delvis saman med svak kronekurs, høg inflasjon og stigande produksjonskostnadar, men historikken viser at Nvidia har skrudd opp prisen ganske heftig berre på dei to siste åra.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Nvidia har òg fått kritikk for å presse tredjepartsleverandørane til for små marginar.

I haust blei det kjend at EVGA avsluttar sin produksjon av skjermkort. Spekulasjonar rundt saka handlar om nettopp minkande profittmarginar for dei som lagar eigne versjonar av Nvidia sine skjermkort.

MSI RTX 4080 Suprim X kostar berre 1250 kroner meir enn Nvidia sitt Founder's Edition. Denne typen kjølar pleier å koste betydeleg meir, så ein kan tenke sitt. Sannsynlegvis har tredjepartsprodusentane prøvd å legge seg så nært lanseringspris som mogleg fordi skjemkorta allereie er frykteleg dyre.

Det kryr av 4000-skjermkort i norske nettbutikkar. Prisnivået har nok gjort sitt for å drepe etterspurnaden som har prega marknaden under koronapandemien.

Koloss

Me hopper tilbake til sjølve testen.

Nvidias nest kraftigaste skjermkort kjem med 9728 CUDA-kjernar, 16 GB med GDDR6X-videominne og ein boostklokkehastigheit på 2510 MHz.

Suprim X er MSI sitt luftkjøla flaggskip, og byr på ein spenstig klokkehastigheit på 2865 MHz ut av eska. Skjermkortet har ikkje klatra over 70 grader under vår testing.

På det meste har skjermkortet dratt 320 watt frå veggen, så ein treng ei stor straumforsyning for å bruke kortet. Nvidia anbefaler 750 watt for RTX 4080, men MSI meiner ein bør ha 850 watt for Suprim X.

KREV PLASS: Suprim X-kortet er latterleg stort.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Skjermkortet har to ulike BIOS-modusar for viftene. Gaming-modusen leverer så vidt høgare yting med litt meir viftestøy, medan Silent-modusen reduserer viftestøyet endå nokre hakk.

Kjølaren er eksemplarisk. Sjølv med Gaming-modusen er det omtrent null støy frå viftene i speling, og Suprim X blir sannsynlegvis overdøyva av alt som er av prosessorvifter.

Problemet er – som vanleg – storleiken. Skjermkortet er ein koloss.

Med ei lengde på 34 centimeter og ei vekt på 2,3 kilo krev det eit vakse kabinett for å få plass.

Yting

RTX 4080 er kraftig. Veldig, veldig kraftig. Men det viktigaste spørsmålet når det kjem til skjermkort er altså pris.

På den eine sida har me storebror RTX 4090, på den andre sida veslebror RTX 4070 Ti. Mellom dei er over 10 000 kroner.

RTX 4090 er seks prosent kjappare enn RTX 4080 i 1080p, 15 prosent i 1440p og 29 prosent raskare i 4K.

Det er først i 4K at prosessorflaskehalsen forsvinn heilt og ein får all krafta ut av RTX 4090. Slik sett er det heller ingen vits i å kjøpe noko kraftigare enn RTX 4080 viss du ikkje speler i 4K eller bryr deg om strålesporing.

Samstundes er det lett å tenke at ein like greitt kan kjøpe eit skjermkort til 21 000, sett at ein har råd til eitt til 17 000.

Uansett.

Eg har hatt begge skjermkorta tilgjengelege ei god stund, og har ikkje gidda å skifte tilbake til RTX 4090 etter eg blei ferdig med testinga av dette.

Det er rett og slett ikkje behov for meir.

Sannsynlegvis treng du ikkje RTX 4080 heller. RTX 4070 Ti leverer yting på linje med flaggskipet frå førre generasjon, og gir langt meir yting for pengane.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

RTX 4080 er 26 prosent raskare enn RTX 4070 Ti i 1440p. Det er der skilnaden betyr mest for dei fleste på denne typen skjermkort, men til gjengjeld er startprisen på RTX 4080 50 prosent høgare enn RTX 4070 Ti.

Utifrå speltestane våre på neste side kan me rekne ut at MSI RTX 4080 Suprim X kostar 71 kroner per FPS i 1440p, medan RTX 4070 Ti-varianten vår (Gigabyte Gaming OC) kostar 57 kroner per FPS.

AMD sine skjermkort gir klart meir for pengane i speling utan strålesporing, men me har dessverre ikkje lukkast i å få tak i skjermkort frå AMD enno for å teste dette skikkeleg.

Strålesporing

Testrigg

Denne lysteknikken har vore det store trekkplasteret til Nvidia sidan Turing-arkitekturen (2000-serien), men krev svært mykje av skjermkorta.

AMD har ikkje klart å knekke koden heilt enno, og ligg eit stykke bak konkurrenten.

Nvidia har heller ikkje klart å gjere det verd det, meiner eg. Spel som Cyberpunk 2077 kan sjå fantastisk bra ut med teknikken slått på, men det er på ingen måte verd reduksjonen i bileteflyt.

Me har ikkje laga noko snitt på testane våre med strålesporing, då det blir litt tynt med berre fire spel. Likevel ser me at tendensane frå testane i 4K med vanleg rasterisering blir forsterka.

RTX 4080 og RTX 4090 aukar leiinga si betydeleg på tvers av alle oppløysingane.

Konklusjon

MSI RTX 4080 Suprim X burde eigentleg fått toppkarakter.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kjølaren er aldeles glimrande, med omtrent ingenting støy og låge temperaturar. Byggekvaliteten gir eit skikkeleg premiuminntrykk og det til berre litt over ein tusenlapp meir enn Founder's Edition.

Det er eminent for å vere eit RTX 4080.

Dessverre for MSI kan me ikkje ignorere at det finst andre skjermkort enn RTX 4080. Det er i seg sjølv eit skuffande produkt. Skjermkortet sparkar godt ifrå seg i alle oppløysingane me har testa, men det er ikkje god nok grunn til å doble prisen frå førre generasjon.

Dette går ikkje i lengda. Nvidia må rett og slett skjerpe seg. Dei går ikkje ut med tal på kva marginar dei opererer med, men det er liten tvil om at heile PC-marknaden lid med desse latterlege prisane.

RTX 4080 burde kosta minst 5000 kroner mindre for å leve opp til lanseringa av førre generasjon. Bruktmarknaden er dessverre den einaste staden du kan gjere gode skjermkortkjøp i dag.

7.5
/10
MSI GeForce RTX 4080 GAMING SUPRIM X 16GB
Absurd prisnivå, men det er lite å seie på ytinga og kjølaren.
Kraftig yting i 4K
Omtrent ingen støy
Solid byggekvalitet
Låge temperaturar
Gratis auke i yting med DLSS 3 og Frame Generation
Stort og tungt
RTX 4080 kostar dobbelt (!) så mykje som forgjengaren
1: Konklusjon
2: Testdata i 15 spel

Siste fra forsiden