Lanserte «verdas beste spelprosessor»

Intel hyttar med neven mot AMD.

Onsdag kveld inviterte Intel til avduking av ein ny generasjon med gamingprosessorar. Alder Lake-S skal vere prosessorane som gir eit lite spark til konkurrenten AMD sine Zen-prosessorar, og flaggskipet skal visstnok vere «verdas beste gamingprosessor».

Prosessorane skal bli allment tilgjengeleg for sal 4. november.

Den nye generasjonen frå Intel er såkalla hybridprosessorar. Prosessorane får både «ytekjernar» (p-kjernar) og «energieffektive kjernar» (e-kjernar), der førstnemnde køyrer høgare klokkehastigheiter og brukar meir straum, medan dei energieffektive kjernane brukar mindre straum og har noko lågare klokkehastigheiter. P-kjernane er bygd for mest mogleg kraftig einekjerneyting, og e-kjernane for fleirkjerna oppgåver.

Flaggskipet Intel Core i9-12900k har 16 kjernar og 24 trådar, med 8 p-kjernar og 8 e-kjernar.

I9-prosessoren kan booste heilt opp til 5,2 GHz, og får ein prislapp på 589 dollar. Det er ei auke på 50 dollar sidan førre generasjon. For 564 dollar får ein KF-versjonen av prosessoren. Den manglar integrert grafikk, men skal i teorien ha same yting elles.

Intel viste fram nokre interne speltestar, der prosessoren slår AMDs Ryzen 9 5950x i sju av ni spel. Dette bør ein naturlegvis ta med ei klype salt fram til det kjem testar av prosessorane. Det høyrer òg med til historia at det er snart eit år sidan AMD sin prosessor kom ut, og dei kjem sannsynlegvis til å lansere ein ny generasjon litt ut i 2022. 5950x kostar rett nok over 8000 kroner.

Ny sokkel

Intel Core i7-12700k får 12 kjernar og 20 trådar, med 8 p-kjernar og fire e-kjernar. Prislappen kjem visstnok på 409 dollar, og prosessoren skal kunne klokke opptil 5 GHz med TurboBoost. KF-versjonen kostar 384 dollar.

Neste i rekka er Intel Core i5-12600K med 10 kjernar og 16 trådar. I5-prosessorane pleier å vere dei mest populære til speling. Denne får seks p-kjernar, fire e-kjernar og ei klokkehastigheit på opptil 4,9 GHz. Prislappen er 289 dollar for K-versjonen og 264 dollar for KF-versjonen.

Prosessorane kjem på ein ny sokkel, som betyr at ein treng nytt hovudkort. Mange av dei nye hovudkorta kjem med støtte for ny generasjon av PCIe og DDR5-RAM, så det vil vere ei betydeleg investering for nytt minne og gjerne ein ny SSD. Alder Lake S-prosessorane skal kunne takle DDR5-minne på hastigheiter opp mot 4800 MT/s.

Intel skriv i ei pressemelding at dei forventar å selje hundretusenvis av prosessorane ut året, og at dei skal levere to millionar eksemplar innan mars 2022.

Siste fra forsiden