Anmeldelse

Legendary

Hjernedød skytefest

Du er fri som ein fengselsfugl med tvangstrøye på polstra celle, men har det moro lell.

I løpet av dei første minutta av Legendary må du springe ut frå eit naturhistorisk museum før det kollapsar, karre deg veg gjennom kaotiske gater medan griffar flyg over deg og plukkar med seg både folk og køyretøy, før du litt paff ser ein enorm golem vandre tvers gjennom ein enorm bygning. Du blir fullstendig skamslått av sanseinntrykk, og det skjer enormt mykje rundt deg heile tida. Kva retning du kastar auga er det eit eller anna som fell saman, eller noko som blir angripen. Det er som å faktisk vere midt i eit katastrofeområde, og det er vanskeleg å vere heilt trygg på kva du skal gjere.

Varulver

Vis større

Trailer: Legendary #4

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • playstation 3
  • legendary


Med hovudet først

Du kjenner ikkje spelet enno, du veit ikkje korleis dei små tinga fungerer, og når alt praktisk talt går til helvete, dreg spelet deg med, og får deg til å springe. Akkurat som dei andre uvitande menneska på museet. Samtidig blir du heilt paff når du endeleg kjem ut og ser det totale kaoset utanfor. Du har framleis full kontroll over Hr. Deckard, men det er ikkje vanleg med så heftig skripta historieforteljing som dette. Du greier ikkje heilt å bestemme deg for om dette er verkeleg eller ikkje, og faren for at alt kan drepe deg, er overbevisande nok til at du vel å leve forsiktig.

Når det demrar innser du omsider at alt det du såg var berre juks. Ingen av dei skapningane du såg fly gjennom lufta kunne skadast på nokon måte, og dei kunne heller ikkje skade deg, men effekta blei likevel oppnådd. Dette er berre starten på ein saleg heisatur som har eitt mål for auget: Å underhalde deg. Legendary set ikkje ut på nokon misjon om å gjere noko nytt, eller skape nye rammer for ein allereie utmatta sjanger. Dette er eit spel frå utviklarar som veit kva dei synest er moro, og dei gjer det dei kan for å få deg til å meine det same.

Ut av dette kjem eit spel som er vanvittig stramt regissert. Om du vil ha ei open verd der du står fritt til å gjere akkurat det du vil, kan du springe langt bort allereie no. Legendary er som ein tur i ei berg- og dalbane. Du får aldri så mykje som tenkje på å forlate skinnene, men kva skal du no det for? Det er på skinnene moroa ligg, så du får jaggu halde deg der.

Som med desse tivolibanene, har Legendary óg ein del opp og ned. Ned i den forstand at det går unna som ei kjerre utan bremser, og oppover i den forstand at det kan gå litt tregt til tider. Legendary presterer å gi oss eit av dei mest massive antiklimaksa eg har vore borti. Etter den fabelaktige opninga som verkeleg får adrenalinet til å pumpe, stoppar det fullstendig opp. Du må vandre langs togskinner, krype gjennom ventilasjonssjakter, og generelt sett grave hardt for å kome til innmaten. Det er ein del av spelet som ikkje gir meining. Det går frå å vere heilt vilt, til å bli eit klaustrofobisk ork der ditt store problem er alt for få kuler mot alt for mange fiendar. Fiendar som berre er irriterande.

Dødtid

Det er eit par slike episodar gjennom spelet, og dei er ikkje heldige, men dei er ikkje så mange og så ille at dei tek frå deg motet. Det du vil hugse frå Legendary er korleis du kom deg gjennom dei sjukaste situasjonar. Dette gjer du sjølvsagt med eit assortert utval våpen, og ei uhorveleg mengde kuler. Nokre fiendar i spelet tek imot magasin etter magasin med kuler, og andre igjen tar den eine raketten etter den andre. Det blir direkte tåpeleg kor mykje ein del fiendar tåler, men så er dette spelet eigentleg fullstendig hjernedødt, så det gjer liksom ingenting.

Legendary er så uintelligent og håplaust at ein lett kan la seg friste til å kalle det søppel, men om eg skulle ha gjort det, ville eg ha vore akkurat som ein av dei sjølvhøgtidelege filmkritikarane som berre likar smale filmar ingen andre likar. Eg ville ha vore ein av dei som totalslaktar dei filmane vi eigentleg likar å gå på kino for å sjå. Hadde Legendary vore ein film, hadde det vore Independence Day eller Cloverfield. Eigentleg heilt utan meining, historia er fullstendig uoppfinnsam, men du lar deg rive med. Det er eit skikkeleg B-spel, som gjer deg glad når du spelar. Eg kan med handa på hjarte seie eg har kosa meg meir gjennom 6-7 timar med Legendary enn eg har gjennom svært mange andre spel i år.

Så kva er det då som gjer det så hjernedødt? Den totale mangelen på fridom er eit døme. Du går gjennom øydelagde bygningar der stolar og bord presterer å lage labyrintar for deg som du på ingen måte kan vike frå. Du hoppar som ein flodhest i kvikksand, og kan aldri tenkje kreativt i forhold til å finne vegar ut. I tillegg kan du aldri stå i ro på ein stad, gjer du det, vil fiendane kome på ny og på ny til du innser du er nøydt til å gå vidare for å finne meir ammunisjon.

Det er i det heile mykje ein kan klandre Legendary for. Det er upolert, det har ein høgst tvilsom kunstig intelligens som får fiendtlege soldatar til å stå som patetiske utstillingsdokker, og du har lagkameratar som helst stiller seg rett framfor deg medan du skyt på fienden. Det er likevel ei og anna nyvinning. Der vi før i tida måtte finne nøklar for å opne dører, kan vi no berre halde inne ein knapp i ti sekund, medan vi plystrar og tvinnar tommeltottar.

Haisatur i dur og moll

Men likevel er det moro. Du innser raskt at å klage på kor lineært Legendary er, blir som å klage på at du ikkje kan velje kva veg du vil gå i Ludo. Det blir ein meiningslaus diskusjon, for utviklarane hos Spark har laga dette spelet så lineært av ein grunn. Det er for at dei alltid skal vite kvar du er, det er så dei kan vite nøyaktig når dei skal sende ein rabiat varulv mot deg, det er så dei skal vite akkurat når den bygningen på andre side av gata skal rase saman. Ikkje minst er det slik at dei kan setje musikken i gang på akkurat rett tidspunkt.

Denne musikken er eit kapittel for seg sjølv. I staden for å køyre den same symfoniske linja som så forferdeleg mange andre utviklarar gjer, har dei valt noko heilt anna. Det går i tunge trommer og feite bassriff med ein halvroten gitar på toppen. Det let fett og det er akkurat det som trengs for å pumpe deg full av adrenalin medan du spelar.

Forakta for dei typiske går eigentleg igjen i mykje av spelet. I staden for enda ein hovudperson med muskulatur frå ei anna verd, får vi ein fyr i dress som eigentleg hamna i denne smørja berre for pengane si skuld. Vi får ei verd som sjølv om den inneheld mykje grått, aldri framstår som grå og kjedeleg. I staden for enda eit forsøk på ei seriøs historie om verdas undergang, får vi ei historie som er så hinsides all fornuft at den berre høyrer heime i ein sofa, saman med eit stort beger popkorn. No skal ikkje eg snakke for Spark, det er godt mogleg dei meiner alvor med historia si, men det er ikkje det inntrykket ein får medan ein spelar, og det gjer det heile mykje lettare å svelje.

Om Spark har lagt vekt på andre ting er det vanskeleg å seie, men du finn no i alle fall ein fleirspelarmodus med heile fire kart. Den inneheld det meste vi er vande med, men du er ganske heldig om du finn nokon å spele saman med. Det har så langt ikkje eg gjort, så det er umogleg å seie noko om kvaliteten på den sosiale skytefesten.

Konklusjon

Legendary er eigentleg eit svært passande namn. Det er eit spel som er her berre for moro skuld. Det er ikkje noko alvor, det er ikkje tunge stunder, det er beinhard rock 'n' roll frå start til slutt, og eg må ærleg talt seie det passar meg bra. Det er ein heisatur du definitivt ikkje vil gløyme, sjølv om det ikkje held det same nivået heile vegen. Du vil bli irritert, du vil kanskje til og med bli sint, men samtidig vil du bli frå deg av ekstase, og tidvis sitje på tuppen av sofaen du elles ligg så godt nede i.

Det er stappfullst av ting som både kunne og burde ha vore betre, men pytt. Det gjer eigentleg ingenting. Dette er eit godt gammaldags skytespel, med vampyrar og minotaurar, og litt sprøyt av dette kaliberet tar eg gjerne meir av.

Siste fra forsiden