Anmeldelse

Lips

Praktfullt festspel

Lips er enkelt, moro, og lar deg synge til akkurat den musikken du vil.

Microsoft tenkte ikkje akkurat nytt då dei fann ut at dei ville konkurrere med Sony sin dominans på karaoke-fronten. Det var vel heller den naturlege reaksjonen på ein suksess Sony har hatt i ganske mange år. No får vi altså enda eit nytt syngespel, og alt er veldig likt Singstar, men utviklarane hos Inis har likevel skrudd saman eit spel som vågar å vere kreativt. Det skulle eigentleg berre mange, når spelet kjem frå den same sære gjengen som gav oss Elite Beat Agents. Lips er, enkelt og greitt, stor moro.

Popstjerne for ein dag

Det aller første du vil leggje merke til er dei overlegne mikrofonane. Dei osar av kvalitet, og får Singstar-mikrofonane til å framstå som billige leikety. Dei er stilig designa, og har pulserande lys som skiftar farge medan du syng. Dei gjer det mykje lettare å late som om du verkeleg er ei stjerne på ei scene, og akkurat dette blir forsterka av innebygde rørsle-sensorar.

Sjølv om det er opplagt å samanlikne Lips med Singstar, har Inis henta inspirasjon frå ein anna kjend musikk-serie. I likskap med Guitar Heros Star Power, kan du ved hjelp av rørsler aktivere Lips sin Stjernestraum for å få høge bonusar på innsatsen din. Du gjer det ved å imitere den posituren som blir illustrert på skjermen, og det er akkurat det spelet treng for å få folk til å sleppe seg laus, og gi litt blanke i om dei er sjenerte eller ikkje.

Song handlar om meir enn å berre synge, og difor er akkurat dette så vellukka. Kva er vel verre enn å gå på konsert med eit band som ser ut som om dei er limt fast til stolpar? Ein god konsert er som regel ein konsert der vi får litt show, og det er akkurat denne show-faktoren Lips prøver å gi oss, med hell.

Variert musikk

Lips har 40 forskjellige låter i pakka, og denne lista er svært variert. Vi finn alt frå Kylie Minogue til Depeche Mode og Johnny Cash, så du vil sannsynlegvis finne noko for ein kvar smak. Det varierte låtutvalet er likevel litt uheldig. Med så mange forskjellige sjangrar å velje mellom, skal det godt gjerast å finne meir enn nokre få låter du verkeleg likar. Lista på 40 sangar blir eigentleg ganske kort når ein skal ekskludere dei sangane folk ikkje vil synge.

Dette vil nok garantert bli forandra på gjennom nye versjonar, og nedlastbart innhald, men du er faktisk ikkje nøydt til å vente om du vil ha meir musikk. Lips har ein heilt genial funksjon som let deg leggje inn din eigen musikk i spelet. Du kan hente inn musikk frå harddisken på Xboxen din, frå ein MP3-spelar, eller frå datamaskina di. Så lenge musikken ikkje har kopisperre, er det fritt fram.

Du får ikkje sangtekstane på skjermen om du gjer dette, men du får spørsmål om du vil sende inn informasjon om låta. Om mange nok sender inn den same låta, skal vi tydelegvis kunne få laste ned oppdateringar seinare. Om dette betyr ein gratis oppdatering som gir deg lyrikkar, eller om det betyr du kan kjøpe og laste ned låta, er ganske uklårt akkurat no. Få er vel interessert i å kjøpe musikken på ny, så vi får håpe på det første alternativet.

Bortsett frå at lyrikkane ikkje er med, er det ingenting som står i vegen for å kunne kose seg med sin eigen musikk. Denne funksjonen gjer Lips umiddelbart til det største syngespelet på marknaden, sidan låtutvalet er utan grenser. Det fungerar bra i praksis òg. Du får poeng som elles, og det viktigaste av alt er sjølvsagt at du har det moro. Når ei populær låt i vennekretsen brått kjem på, aukar stemninga betrakteleg.

Så lenge folk kan ei låt godt nok, viser det seg raskt at mangelen på lyrikk ikkje betyr noko. Det er lettare å synge med på ei låt du kan, enn å prøve å følgje med på teksten til ei låt du ikkje kan. Dette blei veldig klart då vi skulle prøve oss på «Rhiannas Umbrella», og Valkyrien Allstars sitt kaotiske verk «Eg vil ha deg». Ved å i staden leggje inn Monster Magnet sin erotiske kjærleiksballade «Space Lord», snudde ting seg brått, og stemninga fekk ein markant oppsving.

Stilreint og vakkert

Du har ei rekke val du kan gå gjennom før du kastar deg ut i ei låt. Dei fleste låtane kjem med ein original musikkvideo, men i tillegg til desse, kan du velje nokre andre variantar. Til døme kan du prøve å sløkkje lunta på ei bombe. Dette må du sjølvsagt gjere ved å synge, noko som fyller eit glas med vatn. Når glaset er fullt, vippar du på mikrofonen, og lunta blir midlertidig sløkt. Det høyrest kanskje teit ut, og det er det òg, men det er vanvittig moro. Det bringer eit stressande konkurranse-aspekt til spelet som passar veldig godt.

Eit anna døme på alternative modusar, er korleis to personar gjennom ein duett skal få ein mann og ei kvinne på skjermen til å springe mot kvarandre, for å kysse. Her er det om å gjere å syngje så bra som mogleg, vippe på mikrofonen for å utløyse Stjernestraumen, samt riste litt på mikrofonen, noko som lagar lyden av til dømes ein tamburin.

Alt er laga for at det skal vere moro, og dette er noko spelet oppnår med glans. Du blir aldri straffa for noko som helst. Gjer du det dårleg, så tek det berre lengre tid å få god poengsum, men du kan like fullt ha det moro. Syng du bra, får du Stjernestraum og skyhøg poengsum etter ei ferdig økt.

I tillegg blir du ikkje tvinga til å synge i rett toneleie. Om du som tenor skal prøve å synge «Take On Me» av A-ha riktig, seier det seg sjølv at du vil møte ein vegg. Denne fella unngår Lips galant ved å la deg synge akkurat slik du vil. Så lenge du syng passe reint, gratulerer spelet deg for god innsats. Det gjer kanskje spelet mindre attraktivt for dei som verkeleg skal demonstrere talentet sitt, men det gjer det samtidig meir tiltrekkande for alle dei som ikkje kan synge.

Lips er svært forseggjort, og dette kjem godt fram gjennom menysystemet, og korleis du sjølv kan skru saman di eiga oppleving. Det er veldig stilreint, og du kan sjølv velje kva tema du vil bruke på menyane. Dette forandrar ikkje på stort anna enn fargane, men det er ein fin liten detalj som let deg gjere det heile litt meir personleg.

Spelet er lagt opp for å kome lett i gang. Du kan enten gå direkte til låtutvalet for å finne ei låt, eller du kan enkelt lage dine eigne spelelister, slik at alt går automatisk. Om du vil spele med nokon over nett, er dette òg veldig enkelt, og du får i tillegg lett tilgang på informasjon om andre veners prestasjonar i spelet. Dette er på ingen måte viktig, men det er hyggeleg at det er med.

Konklusjon

Det er nok ikkje alle som vil like Lips. Det er ikkje eit spel der du kan suse gjennom sangane og ta pokalen som den beste. Om det er å demonstrere ditt eige talent du er ute etter, har du kome feil. Lips er eit spel som frir til alle som ikkje vil gjere noko anna enn å ha det moro med ein mikrofon. Det spelar inga rolle om du er flink eller dårleg, det er innleving og engasjement som tel.

At du kan legge inn dine eigne låtar er samtidig ein genistrek. Aldri meir må du svare nei om nokon er på jakt etter ei låt. Du har praktisk talt uendeleg med musikk å velje mellom, og om Microsoft blir flinke til å leggje ut oppdateringar, kan Lips bli noko verkeleg stort.

Siste fra forsiden