Project Cars er eit svært lovande folkefinansiert racingspel frå dei erfarne utviklarane hos indistudioet Slightly Mad. Opphaveleg skulle spelet lanserast i november, men det blei utsett til mars fordi utviklarane trengde meir tid for å få spelet så bra som dei ville. I ei pressemelding får vi vite at spelet no er utsett igjen, men heldigvis er det ikkje ei lang utsetjing.
Litt lengre ventetid
![](https://i.bo3.no/image/73965/original.png?c=0&h=313&w=500)
Etter planen skulle Project Cars lanserast 20. mars, men har no blitt flytta tilbake eit par veker, og vil i staden lanserast for PC, PlayStation 4 og Xbox One 2. april slik at den siste finpussen kan kome på plass.
«Å flytte sleppdatoen var ikkje ei lett avgjersle å ta, sidan vi veit fansen vår gler seg til å få prøve Project Cars. Vi veit likevel at desse ekstra dagane vil gje oss sjansen til å tilby den opplevinga fansen vår fortener,» fortel Slightly Mad Studios-sjef Ian Bell i pressemeldinga.
Etter alle dei uferdige spela som har vore lanserte den siste tida, er det nok fornuftig av Slightly Mad Studios å utsetje spelet, om enn for berre nokre veker. Spel som blir dytta ut for tidleg blir raskt møtt med sterke reaksjonar, noko kaoset rundt Assassin's Creed Unity og Halo: The Master Chief Collection er gode døme på.