Anmeldelse

Magic The Gathering: Battlegrounds

Det enormt populære kortspelet inntar Xbox, men dette er ikkje Magic The Gathering slik du kjenner det.

Side 1
Side 2
Side 3

Støttar Xbox Live
Når vi er inne på temaet fleirspelar-modus bør det nemnast at Battlegrounds støttar Xbox Live. Sidan Battlegrounds er eit litt sært spel, er dette svært positivt, sidan du ikkje har nokon garanti for at venene dine vil la seg forheksa av spelets magi. Ein anna positiv del ved Xbox Live er at du kan laste ned nye kort for å utvide reportoaret ditt. Nokon meinar kanskje (og med rette) at dette burde vere obligatorisk, sidan ein stor del av Magic The Gatherings apell til massane består av nettopp det; å skaffe seg nye kort for å lage den samlinga som passar spelestilen din best.

Magic The Gathering: Battlegrounds baserar seg først og fremst på god design, i staden for teknisk imponerande grafikk. Mange av dei kjende korta er truverdig gjenskapt, men utviklarane har også tatt seg visse friheiter i designen. Eit par vil nok reagere på at Sengir Vampire har skifta ham, frå skalla blodsugar med lang tunge, til bakrokk-vampyr frå en 1930-tals skrekkfilm. Kan du leve med slike forandringar bør du i midlertid ikkje ha problem med å innrømme at dei likevel ser tøffe ut. Grafikken i Battlegrounds gir ikkje Xbox noko å prøve seg på. Modellane er enkle, og teksturane er blasse og manglar detaljar. God design, og fin bruk av fargar gjer det likevel verdt å feste auga på.

Dessverre kan det verke som om visse delar av lydbiletet har blitt fullstendig ignorert. Ein kan leve med at visse spel ikkje set lyden i fokus, men det blir lett å slenge med leppa når ein har høyrt magikeren sin seie: ”You really think you can beat me?” Eit par hundre gongar. Dette er så langt vokabularet til ”kampkjempene” dine går. Dei har eit sitat før kampen, og eit ved siger. Tørr dialog der innlevelse er eit tabu-belagt ord gjer ikkje akkurat noko for å setje deg i kamphumør. Musikken er litt betre, men heller ikkje den imponerar. Standard orkestermusikk vi har høyrt veldig mange gongar før, men den fungerar, til ei viss grad.

Konklusjon Magic The Gathering: Battlegrounds er på ingen måte eit tradisjonelt spel. Derfor vil det sannsynlegvis ende opp som eit av dei beste spela du aldri gav ein sjanse. Likar du litt taktikk, og er forferdeleg lei av at alle duell-baserte spel stort sett består av knyttnevar og overdrevne slaglydar, er Battlegrounds ein gyllen sjanse til å prøve noko nytt. Sjølv om antalet kort Secret Level har inkludert i spelet er begrensa, så burde moglegheita for å laste ned nye kort forlenge levetida drastisk. Hovudproblemet til Battlegrounds er at sidan det er ei kryssning mellom action og taktikk, er det kun ei lita gruppe som vil finne sjarmen og dybda spelet byr på. Action-fans vil nok ikkje sjå to gongar på det eingang, og dei fleste Magic-spelarar vil avskrive det fordi det tar seg for store friheiter. Forferdeleg synd eigentleg, sidan Magic The Gathering er ein av dei største overraskingane på Xbox. Har du 500 kroner, og lyst til å prøve noko nytt, kan Magic The Gathering: Battlegrounds sterkt anbefalast.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden