E3 2021 - Microsoft Flight Simulator

Microsoft Flight Simulator kjem til konsoll i sommar

Og til hausten kjem ei utviding basert på den nye Top Gun-filmen.

Microsofts populære flysimulator Microsoft Flight Simulator har fått konsolldato. Spelet vil bli tilgjengeleg på Xbox Series X og S 27. juli, og blir som alle Microsoft-spel tilgjengeleg via Game Pass. Det avslørte Microsoft under sin E3-pressekonferanse søndag kveld. Xbox One-versjonen var ikkje nemnt,

I sommar kan du spele Flight Simluator på Xbox Series X og S.
Xbox

I tillegg til den komande lanseringa, kunne Microsoft avsløre at ei heilt ny utviding inspirert av den nye Tom Cruise-filmen Top Gun: Maverick er på veg. Denne utvidinga blir gratis, og skal vise deg korleis det er å vere ein Top Gun-pilot når den lanserast saman med filmen 19. november.

Flight Simulator er Microsofts eldste spelserie, og har ei historie som går heilt tilbake til 70-talet. Det siste spelet i rekka blei utvikla av Asobo Studio, og har gjeve aspirerande pilotar ein sjanse til å utforske høgt detaljerte område frå heile verda i alt frå småfly til store jetfly.

Vi var særs imponerte over Microsoft Flight Simlulator då vi testa PC-versjonen i fjor, og Joachim Froholt meinte det var ein spektakulær simulator.

Siste fra forsiden