Anmeldelse

Mike Tyson Heavyweight Boxing

Mike Tyson, ei bokselegende. Berømt og berykta. Frå voldtekt til smaken av øyrer er det mange ting Mike Tyson er kjent for i tillegg til boksing. Dette spelet er nok ikkje noko han kjem til å bli hugsa for. Alt høyrest veldig bra ut, med tilsynelatande rundt omkring 14 kjende boksarar, haugevis med forskjellige komboar, osv osv. Problemet er at det er veldig få ting ved dette spelet som faktisk èr bra.

Side 1
Side 2
Side 3

En frustrerende opplevelse
Codemasters har prøvd å lage ein liten vri på "trykk for harde livet for å komme deg på beina". Når du har blitt slått ned dukkar det opp eit barometer på venstre side som viser kva knapp du skal trykke på, og kor langt du har igjen for å komme deg på beina. Dette har du ti sekund på deg for å greie, og dette er for lite tid sidan den henviste knappen kan forandre seg når som helst. Så medan du utviklar krampe i fingeren for å trykke raskt nok på A, må du brått trykke på Y i staden for. Den tida det tar for deg til å reagere på dette er nok til å miste kostbar tid. Dei AI programmerte spelarane har derimot ikkje noko problem med å kome seg opp igjen. Der eg knapt nok greier å kome meg på beina før dommaren har telt til ti, har dei andre boksarane ingen problem med å kome seg opp etter rundt 5-6 sekund. Eg blir ikkje i godt humør av sånt.

Ein ting som kunne ha gjort spelet mykje betre hadde vore ein meir aktiv kommentator. Det einaste du høyrer av den er konferansieren som ønsker alle velkommen, og sluttkommentatoren som snakkar om kampen og viser reprisar av dei beste slaga. Sluttkommentatoren er grei nok, men det hadde vore så mykje betre om den hadde vore aktiv heile tida med å kommentere det som skjer. I tillegg hadde eit meir aktivt publikum ikkje vore å forakte. I tillegg kan boksarane håne kvarandre ved å gi slengbemerkningar eller grynte til kvarandre. Kva som er poenget med dette skjønar eg ikkje sidan du kastar vekk tid på å trykke på ein knapp, og som eit resultat får nokre slag mot deg.

Konklusjon
Om du ikkje er storfan av Mike Tyson og boksing generelt bør du styre langt unna. Mike Tyson Heavyweight Boxing følest som eit spel som blei sluppe for tidleg. Hadde Codemasters lagt inn ein treningsmodus, og redusert vanskelegheitsgrada litt, samt forenkla måten du må komme deg på beina igjen etter å ha blitt slått i bakken. Kunne det kanskje ha blitt eit bra spel. Men du er lei av det etter ein dag, og det er ikkje verdt kr. 600,-.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden