Anmeldelse

Monster Madness

Galskap av denne sorten høyrer heime på polstra avdeling.

Ein heilt typisk kveld sit ein veldig stereotypisk nerd, og ei veldig stereotypisk goth-dame og samarbeider om lekser. Nerden er forelska i goth-dama, og prøvar å stamme fram sine kjensler. Den stereotypiske skate-duden kjem på uventa besøk, tett etterfølgt av den stereotypiske bimbo-berta. Nerden får panikk og er fortvila over korleis sjansane hans ser ut til å svinne bort i eit dramatisk tempo. For å gjere kvelden perfekt bankar brått ein bøling med dei levande døde på døra.

Dette er det meir eller mindre absurde utgangspunktet for Monster Madness, som raskt kunne blitt eit fantastisk morosamt spel i stil med Baldur’s Gate: Dark Alliance eller gode gamle Loaded til PSOne. Dessverre har noko gått fullstendig gale. Utviklarane er meir oppteken av å slenge inn alle klisjeane i boka, enn å tenkje på om klisjeane har blitt presentert på ein underhaldande måte. Gameplay ser ut til å vere slengt på som ein ettertanke.

I spelet må du kjempe mot alle tenkjelege variantar av monster. Vi møter zombier, zombiepiratar, zombiehundar, sinte bestemødre, vonde klovnar, og alt anna avskum som på eit eller anna tidspunkt har dukka opp i ein skrekkfilm. Desse må du drepe med det du har tilgjengeleg, om det så er våpen du byggjer sjølv hos ein nevedyktig kar i ein trailer, eller med ting du plukkar opp frå bakken.

Monster Madness kunne ha blitt eit heidundrande morosamt spel. Det har alt talande til sin fordel. Det parodierar skrekkfilmar alt det er godt for, og det å kunne denge desse beista du møter med eit stort antal kreative våpen, høyrest ut som ein potensiell gullformel. Du vil nok le no og då, men det er òg det mest positive ein kan sei om spelet.

Eit kamera frå helvete.

Utviklarar har fått til dette før. Det har blitt gjort mykje enklare, og det har vore mange gonger meir underhaldande. Kvifor utviklarane av Monster Madness skal gjere noko så banalt som kameraet i eit slikt spel så komplisert, det skjønar eg ikkje. Å vandre rundt er ein ting, det går av seg sjølv og byr ikkje på problem. Det er når du skal byrje å rette karakteren din mot ein fiende, eller noko så enkelt som å rotere kameraet, at ting blir vanskeleg.

I til dømes Baldur’s Gate: Dark Alliance brukar du den høgre analogstikka til å både flytte karakteren, og å snu den. Dette er eigentleg essensielt for å kunne kjempe raskt og effektivt i eit spel som dette. I Monster Madness roterar du kameraet og kva retning karakteren din er retta, med den venstre analogstikka.

Dette høyrest kanskje ikkje så ille ut, men spelet har er ein låsemekanikk som ikkje liknar grisen. Du kan praktisk talt ikkje låse deg på noko, og samtidig vere trygg på at du vil halde fram med å skyte mot den fienden. Om du flyttar på kameraet medan du skyt mot ein fiende, vil du rette deg mot ein anna fiende samtidig, noko som kan gjere det unødvendig tungvindt å drepe så mykje som dei svakaste fiendane i spelet. Spelet har ein svak låsemekanisme som får karakteren din til å automatisk skyte mot ein fiende, men berre om fienden er innanfor eit veldig smalt siktefelt. Det fungerer greitt når det er få fiendar på skjermen, men stort sett myldrar det av dei.

Noko så enkelt som å halde inn ein knapp for å låse deg fast til fienden hadde løyst dette problemet umiddelbart. Å finne ein knapp på kontrollaren for akkurat dette, burde ikkje ha vore noko problem. Det er nok av knappar som har den same funksjonen.

Til dømes kan du skifte våpen med nesten halve kontrollaren, men for å hoppe må du klikke på analogstikka. Smak litt på den. Du skiftar kva retning du går i, og hoppar med den høgre analogstikka. Kven som kom på den geniale ideen veit eg ikkje, men det er i alle fall ein sikker formel for å gjere hopping til eit sant mareritt. I staden for å bruke både A, B og ein ryggknapp eller to til å skifte våpen, kunne desse knappane godt ha blitt brukt til å gjere eventyret litt glattare.

Å skifte våpen er i seg sjølv noko som nærmast kan samanliknast med å traske barbeint over glasbrot. Det er ei kort ventetid frå du trykker inn knappen for å skifte våpen, til karakteren din har det i henda. Dette fører til at du sjeldan er sikker på om du trykte deg til det våpenet du ville ha. Dermed endar du raskt opp med å bruke eit sverd når du verkeleg ikkje har bruk for det. Resultatet er ofte ein brutal død.

Kleptomani

For å fylle opp helse og ammunisjon, eller kjøpe nye våpen, må du betale for det. Helse og ammunisjon kostar nokre få krystallar, men for våpen må du punge ut så det svir. Sjølv om eit våpen kostar mange krystallar, er dette aldri noko problem sidan du alltid har nok av dei. Problemet kjem i form av dei forskjellege formene for skrapjern du må samle saman. Det ligg forskjelleg skrot strødd rundt omkring på bretta, men å få nok av det spesifikke skrotet du treng til eit våpen, er ein tidkrevjande prosess. Det skrotet du verkeleg treng for eit kult våpen, er så sparsamt plassert på karta at det er ytterst sjeldan du får deg eit nytt våpen.

Monster Madness er eit spel som i seg sjølv sjeldan er veldig vanskeleg, men måten spelet er strukturert på, gjer utfordringa frustrerande. Stort sett går det greitt å drepe det meste av fiendar du kjem over, og tidvis er det ganske underhaldande, men her og der dukkar det opp ein bøling med fiendar som tek knekken på deg ganske kjapt. Ei utfordring eller to skadar aldri, men håplaust plasserte sjekkpunkt tvingar deg til å gå gjennom nesten heile brettet på ny når du dør. Det hender at spelet engasjerer, men det er ikkje moro nok til at du har lyst til å spele bretta om igjen.

Du kan spele spelet i lag med opp til tre vener, og dette gjer det litt meir underhaldande, bortsett frå at det gjer kameraet enda meir uregjerleg. Merkverdig nok kan du ikkje samarbeide over Xbox Live. Det står rett nok i manualen at du kan gjer det, men dette alternativet er heilt umogleg å finne i menyane.

Det du står igjen med er unødvendige variantar av klassiske modusar som til dømes «Deathmatch» og «Capture the Flag». Med upresise kontrollar blir dette raskt noko du berre prøver ein gong. I tillegg er det ikkje enkelt å finne nokon å spele med. Monster Madness er ikkje populært på Xbox Live. Eg har brukt fleire timar på å prøve å få i gong eit spel. Etter å ha brukt femten minutt i ein lobby saman med ein amerikanar som gjentok «yo man, wassup» eit ubehageleg antal gonger, gav eg opp og prøvde på ny. Dessverre gjentek det same seg kvar gong. Du entrar ein lobby, heng rundt med ein eller to andre spelarar, og ventar. Ventar til du gir opp og ikkje gidd meir.

Utviklarane har gjort ein veldig god jobb i korleis dei har presentert spelet. Grafikken er stilisert og enkel, men presenterer dei forskjellege monstera på ein underhaldande måte. Vi har ein gjeng med slappe ungdommar, ei rekke artige monster, og fargerike og festelege område. Saman med den stemningsfylte musikken som òg spelar på alle tenkjelege klisjear, fungerer denne delen av spelet veldig bra.

Dessverre er dialogen forferdeleg. Skodespelet er uengasjert og flatt, og øydelegg dei teikneserieaktige filmsekvensane kjapt. I tillegg spyttar tenåringane ut sitat frå kjende filmar fullstendig utan innleving. Det er ein tanke som fungerer på papiret, men når du ikkje ein gong trur litt på karakterane, fell det raskt saman.

Konklusjon

Monster Madness er eit spel som lett kunne ha vore moro. Det har alle ingrediensane for at eit spel av denne typen skal fungere, men det har samtidig nokre veldig merkelege designval. Korleis du styrer karakterane, og det håplause kameraet er nok til å knuse tolmodet ditt på rekordtid. Håplaust plasserte sjekkpunkt hjelper ikkje stort til å forlenge levetida til spelet heller. Tvert imot, det er som om utfordringane i spelet kappar engasjementet ditt i to med ein sylskarp katana og slenger bitane til dei frådande zombiehundane. Det du står igjen med er lettare aggresjon og sinne for å ha brukt fleirfoldige timar på eit spel, og du har knapt fått eit einaste gamerpoeng som belønning. Takk som byr!

Siste fra forsiden