Nintendo-sjefen kuttar løna

Det dårlege Wii U-salet går ut over toppsjefane til den japanske konsollmakaren.

Nintendo-sjefen går ned i løn. (Bilde: Shutterstock, Nintendo)

Folkemassane har ikkje rive Wii U vekk frå butikkhyllene etter lanseringa i slutten av 2012. Salet har gått under all forventing, og for eit par veker sidan fekk vi høyre at Nintendo hadde skrudd ned salsprognosane drastisk etter eit svært skuffande år.

Fleire viktige titlar blei lanserte i fjor, deriblant Super Mario 3D World og HD-versjonen av The Legend of Zelda: Wind Waker som begge selde over ein million kopiar, men dette har ikkje vore nok til å gje konsollen eit løft. Det dårlege salet har i tillegg ført til at fleire tredjepartsutviklarar har vore nølande med å produsere spel for maskina, noko som igjen gjer konsollen mindre attraktiv.

At vi no er inne i ein ny og kraftigare konsollgenerasjon med PlayStation 4 og Xbox One, gjer ikkje saka betre for ein konsoll med mykje svakare maskinvare.

Skrur ned løna

Kan Donkey og Diddey redde Wii U?

Nintendo selde berre 2,41 millionar Wii U-konsollar i løpet av dei ni siste månadane, og desse dårlege salstala har ført til at Nintendo-sjef Satoru Iwata no halverer løna si frå om med februar og fram til juni, får vi vite via Kotaku. Saman med Iwata vil fleire toppsjefar i Nintendo sjå lågare løn nedsett med 20- eller 30 prosent. Blant dei som tek et kutt i løna er Mario- og Zelda-skapar Shigeru Miyamoto.

Kva som vil skje etter juni kjem an på om salstala tek seg opp eller ikkje. Om det skjer er eit svært godt spørsmål. Nintendo sjølve er ikkje optimistiske og ventar ein yttarlegare nedgang i årets siste kvartal.

Horisonten er likevel ikkje heilt beksvart for Nintendo. Fleire lovande titlar er venta i løpet av året. Blant dei finn vi spel som det nært føreståande Donkey Kong Country: Tropical Freeze, Bayonetta 2, eit actionspel i The Legend of Zelda-verda, samt det uhyre lovande rollespelet X frå Xenoblade Chronicles-studiodet Monolith Soft.

Siste fra forsiden