No skjer det igjen

Kryptoutvinning gjer eit comeback.

AMD

Prisane på kryptovaluta har skote til himmels sidan i haust, og kryptoutvinning er på ny i vinden.

Det kan bli dårlege nyheiter for mange teknologientusiastar.

Me hugsar alle med gru kva som skjedde med maskinvareprisane under førre gullrush av kryptoutvinning, og no har det igjen blitt lønsamt å utvinne krypto.

PCGamer skreiv nyleg om temaet. Dei viser til at etterspurnaden for AMD-prosessorar har auka kraftig på kort tid. Det er altså ikkje skjermkort som er mest utsett denne gongen.

Nettstaden Wccftech publiserte nyleg ein gjennomgang av lønsemda frå kryptoutvinning, og skriv at AMD Ryzen 9 7950X har blitt eit populært val.

Butikkhyllene i den amerikanskje teknologibutikkjeda Newegg var tomme for produktet då Wccftech laga artikkelen, men ser ut til å ha fått inn fleire eksemplar sidan då.

Wccftech viser blant anna til kryptovalutaen Qubic. Ein 7950X kan tene rundt tre dollar i døgnet, etter at ein har trekt fra kostnadar til straum.

Førebels er det grei tilgang på 7950X i norske nettbutikkar, men dersom dette tar av, kan ein fort sjå høgare prisar både på bruktmarknaden og i butikkane.

Siste fra forsiden