Nvidia RTX 30-serien

Norsk pris på tidenes første 8K 60 FPS-skjermkort klar

Her er den neste generasjonen med gamingskjermkort.

ASUS

Tysdag kveld var det duka for lansering av den nye generasjonen gamingkort frå Nvidia med strålesporing og DLSS-støtte. Det har vore ein drøss med lekkasjar rundt Ampere-arkitekturen, og katta var strengt tatt ute av sekken allereie då Gainward la ut tredjepartskorta sine på nettstaden deira i går, eller då Asus like greitt kom med ei pressemelding om RTX 30-serie-korta sine i føremiddag.

Jen-Hsun «Jensen» Huang, administrerande direktør og eigar av Nvidia, ønskja velkomen til kjøkkenet sitt på presentasjonen. Han opna med å annonsere at Fortnite får støtte for strålesporing og DLSS.

Kvantesprang i yting

Det var nok av lovord for den nye skjermkortgenerasjonen.

– Viss dei siste 20 åra var fantastiske, vil dei neste 20 vere reine sci-fi-scenarioet i forhold. Dagens Ampere-lansering er eit gigantisk steg inn i framtida. Dette er vårt største generasjonssprang nokosinne, sa Jensen.

Han introduserte, ikkje overraskande, RTX 3090, RTX 3080 og RTX 3070. Prissjiktet var derimot lågare enn venta, og nokre av spesifikasjonane er faktisk betydeleg høgare enn det lekkasjane har antyda.

Felles for korta er auka energieffektivisering og monaleg betre yting i strålesporing og DLSS.

Dette er RTX 3070, som skal vere kjappare enn RTX 2080 Ti til under halvparten av prisen.
Nvidia

RTX 3070 kjem i oktober, til ein listepris på 500 dollar (5750 kroner hjå Nvidias norske side). Kortet har 8 GB GDDR6-minne, med 20 Shader-TFLOPS, 40 RT-TFLOPS, og 163 Tensor-TFLOPS. RTX 3070 får eit dobbelvifte-design som minner litt om Founders Edition av førre generasjon, men med dei nye kjøleribbene frå Ampere-korta. Founders Edition-kortet har krav om straumforsyning på 650 watt, og tar opp to spor på hovudkortet. Det får straum gjennom ein enkelt 8-pin-kopling.

Kortet har 5888 CUDA-kjernar, og ein klokkehastigheit på 1730 MHz.

Jensen meiner RTX 3070 slår RTX 2080 Ti på yting. Nvidia seier ikkje på kva måte det er kraftigare, så det kan hende det er snakk om yting i strålesporing og liknande. Det veit me ikkje enno. Uansett vil nok dette bety eit svært verdidropp for dei som sit med RTX 2080 Ti-kort i maskinen.

Alle skjermkorta kjem på Samsung sin 8-nanometer-node, som bryt med ein del av lekkasjane.

Dobling over 2080

Her er RTX 3080.
Nvidia
Les også
Hva koster det å bygge en PC med PlayStation 5-krefter? 

RTX 3080 lanserer 17. september, og har det nye kjøledesignet som var lekka tidlegare. Med 10 GB GDDR6X-minne, 30 Shader-TFLOPS, 50 RT-TFLOPS og 238 Tensor-TFLOPS skal det kunne yte opp mot dobbelt så bra som RTX 2080 til ein lågare pris: 700 dollar / 8000 kroner. Det er kanskje den største overraskinga her.

Det nye skjermkortet får heile 8704 CUDA-kjernar. Som RTX 3070 tar det opp to spor på hovudkortet, men dette vil trenge to 8-pin-kablar.

Nvidia meiner RTX 3080 doblar ytinga samanlikna med RTX 2080, og viser til ei handfull spel. Desse er nok plukka ut fordi dei er spesielt godt optimaliserte for Nvidia, men det gir i det minste ein peikepinn. Eurogamers Digital Foundry har lagt ut eit førsteinntrykk av RTX 3080, der dei har testa kortet i 4K med maksa innstillingar. I Borderlands 3 er RTX 3080 81 prosen betre enn RTX 2080, 84 prosent i Doom Eternal, 69 prosent i Shadow of the Tomb Raider, 77 prosent i Control, og 92 prosent i Quake 2 med strålesporing.

Gaming i 8K

Nvidia lovar 8K-speling med det nye flaggskipet sitt. Men held RTX 3090 det Nvidia lovar? Det veit me ikkje enno.
Nvidia

Sist, men ikkje minst, selskapets flaggskip. Til 1500 dollar (17.000 kroner) får ein det Nvidia kallar tidenes første 8K-skjermkort. Det er òg enormt, og vil krevje tre spor på hovudkortet. Nvidia har dfor gitt det namnet BFGPU.

RTX 3090 kjem med 24 GB GDDR6X minne, 36 Shader-TFLOPS, 69 RT-TFLOPS og 285 Tensor-TFLOPS. Her er det over ei dobling på CUDA-kjernar frå RTX 2080 Ti, frå 4352 til 10.496.

Skjermkortet skal klare å køyre spel med biletefrekvens på 60 og over i 8K, og skal kunne takle spel med strålesporing i 8K ved hjelp av DLSS. Det blei spelt klipp av Control og Wolfenstein: Youngblood. Control er eit forholdsvis krevjande spel med strålesporing slått på, så det blir interessant å sjå kva faktisk benchmarking vil vise. Ein bør alltid ta slike ytingsoverslag frå produsentane med ei klype salt. Det gjeld for så vidt alle lovnadane om at X kort er kraftigare enn eit anna.

Slik skal visstnok RTX 3090 yte, meiner Nvidia.
Nvidia

RTX 3090 lanserer 24. september, visstnok både hjå Nvidia og tredjepartsprodusentar. Sjølv om Nvidia meiner at dei har blitt meir energieffektive anbefalar dei straumforsyning på heile 750 watt for å drive RTX 3090, då det drar 350 watt frå veggen.

Gåvepakke til e-sportutøvarar

Nvidia lanserer vidare ei programvareoptimalisering kalla Nvidia Reflex. Denne kjem med ei oppdatering til drivarar til hausten. Reflex skal visstnok redusere input-forseinking med opp til 50 prosent.

Vidare annonserer Nvidia ein gamingskjerm med oppdateringsfrekvens på heftige 360 hertz, med G-Sync-støtte. Dette blir sannsynlegvis den raskaste skjermen i verda.

Dei kjem òg med eit nytt program som skal hjelpe deg med streaminga di, noko liknande OBS. Nvidia Broadcast-applikasjonen kjem med dei filtera og ting du forventar for mikrofonen din, men har til gjengjeld nokre nyvinningar slik som moglegheit til å gjere bakgrunnen uskarp når du filmar deg sjølv. Du kan òg endre eller fjerne bakgrunnen utan å ha noko greenscreen.

I same slengen skal Nvidia kome med 8K-støtte i opptaksprogrammet Shadowplay.

Her er spesifikasjonane frå dei nye korta summert opp utifrå presentasjonen og lekkasjar:

RTX 3090

RTX 3080

RTX 3070

RTX 2080 Ti

Arkitektur Ampere Ampere Ampere Turing

Skjermeining

8nm GA102-300

8nm GA102-200

8nm GA104-300

12nm TU102-300

Cuda-kjernar

10496

8709

5888

4352

Boost-klokkehastigheit

1700 MHz

1710 MHz

1730 MHz

1635 MHz

Videominne

24 GB GDDR6X

10 GB GDDR6X

8 GB GDDR6

11 GB GDDR6

Minne-klokkehastigheit

19.5 GBps

19 GBps

Uvisst

14 GBps

Minnegrensesnittbreidde

384-bit

320-bit

256-bit

352-bit

Minnebandbreidde

936 GB/s

760 GB/s

512 GB/s

616 GB/s

TGP

350 watt

320 watt

220 watt

260 watt

Norsk pris (Founders Ed)

17.000

8000

5750

11.500

Siste fra forsiden