Nvidia lanserer nytt skjermkort

Men det er ganske deprimerande nyheiter. 

Nvidia

Ampere-generasjonen, no over eit år gammal, er eit sjeldan syn i hyllene til norske butikkar. Skjermkorta finst berre til prisar langt over det produkta skulle lansere til, og dei mest populære produkta forsvinn som regel med ein gong.

Nvidia RTX 2060 frå Turing-generasjonen er eit av relativt få skjermkort som er på lager.

7. desember skal Nvidia lansere ein oppgradert versjon av RTX 2060, denne gongen med litt fleire CUDA-kjernar (2176, opp frå 1920) og 12 GB med videominne. Klokkehastigheita blir auka frå 1365 MHz til 1470 MHz. RTX 2060 12 GB får òg dra 25 watt meir ut av veggen enn forgjengaren sin.

Dette er altså ein ny versjon av eit skjermkort som blei lansert i januar 2019. Det seier litt om korleis situasjonen er.

Usikker prislapp

The Verge skriv at tredjepartsprodusentar skal få lage eigne versjonar av skjermkortet.

Prisen er det vanskeleg å seie noko om. Ei kjelde i Nvidia skal ha sagt til The Verge at dette er ein premiumversjon av RTX 2060, og at prisen vil reflektere det.

I Noreg finn du ikkje skjermkortet til under 5000 kroner, så det blir neppe veldig god valuta for pengane.

Ny generasjon på veg

Det aular med rykter rundt nye generasjonar av skjermkort frå både Nvidia og AMD. Begge produsentane kjem sannsynlegvis til å lansere ferske skjermkort i løpet av 2022, men det blir spanande å sjå om det blir mogleg å kjøpe dei denne gongen.

Det er òg venta at Nvidia kjem til å lansere nokre nye variantar av Ampere-korta sine til våren. Det har lenge versert rykter om at me kan forvente både RTX 3090 Ti, ein RTX 3080 med 12 GB videominne og ein RTX 3070 Ti med 16 GB videominne.

Det melder blant andre Videocardz.com.

Siste fra forsiden