Ny regel rystar Counter-Strike-verda

Trenarane får mindre handlingsrom.

Scott Choucino/ESL

Eit brev frå Valve har rysta Counter-Strike-samfunnet den siste dagen. Som lyn frå klar himmel har Valve bestemt at trenarar ikkje lengre kan vere del av Counter-Strike-kampar anna enn i pausar, oppvarming og «timeouts». Dette blir liknande det ein er vant med i sportar som fotball og handball, men er særs uvant for Counter-Strike-spelarane. For laga tyder dette vesentleg mindre kommunikasjon med trenaren.

Avgjerda frå Valve har ført til store protestar frå proffmiljøet til Counter-Strike. Mangfaldige profilar har gått sterkt ut mot den nye trenarregelen.

Protest og boikott-forslag

Reddit-brukar «t0astfairyCS» har samla inn meldingar frå over 40 proffspelarar og andre viktige personar i miljøet. Mange er særs misnøgde med valet til Valve, og kjem med sterkt motstand. Fans av spelet har tatt til sosiale media for å oppfordre boikott av den neste Major-turneringa, som får støtte frå Virtus.Pro-spelar Wiktor «TaZ» Wojtas.

Norske Håvard «rain» Nygaard la ut denne noko sarkastiske beskjeden på Twitter om brevet frå Valve-representanten:

ESEA Global Challenge LAN har gått ut og sagt at dei vil halde fram med vanlege trenarar, for så å vurdere moglegheitene etter sesongslutt.

Counter-Strike-analytikar Duncan «Thorin» Shields meiner Natus Vincere er blant laga som vil merke trenarregelen mest, då deira trenar er «in-game leader», altså den som bestemmer kva strategiar laget skal ta, og kva dei skal gjere. Natus Vincere vil antakeleg måtte gjere endringar i laget sitt viss Valve står på sitt.

Dette er brevet som blei sendt:

Denne teksten har blitt sendt ut til alle profflaga.
Valve

«Med uavgrensa kommunikasjon med spelarane kan trenaren fungere som ein slags sjette spelar, og ikkje bare som ein kjelde til vegleiing og trening. Handlingar som å halde styr på økonomi, bestemme strategiar, og generell medvit er viktige delar av Counter-Strike. Viss ein person utfører desse handlingane, ser me på personen som ein spelar.

Les også
.no er ett steg nærmere hovedturneringen til WESG

Sidan målet med turneringane våre er å identifisere det beste fem-manns Counter-Strike-laget som viser den beste kombinasjonen av alle Counter-Strike-ferdigheitar, er ikkje deltakinga til trenarane kompatible med det målet. For å takle dette problemet vil komande Valve-turneringar ha dei fylgjande reglane for trenarar:

  • I løpet av ein kamp kan trenaren bare kommunisere med spelarane under oppvarming, pause, eller i ein av dei fire 30-sekunders pausane som trenaren eller spelarane kan ta bruk av.

Tredjepartsturneringar kan sjølvsagt bruke dei reglane dei vil, men viss du ønskjer å ha same utgangspunkt som oss anbefaler me å bruke denne trenarregelen.»

Siste fra forsiden