Ny skjermkortgenerasjon kjem i år

AMD-sjefen stadfesta at RDNA 3-serien er på veg.

AMD RX 6900 XT.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Under presentasjonen av kvartalsrapporten til AMD, kunne administrerande direktør Lisa Su stadfeste at den venta RDNA 3-serien, AMD sine nye gamingskjermkort, kjem i 2022.

– Etterspurnaden for produkta våre er stor, og me ser fram til nok eit år med betydeleg vekst, sa Su i eit aksjonærmøte på tysdag.

Toppleiaren sa vidare at dei lanserer både Zen 4-serien av prosessorar og RDNA 3-serien med skjermkort i løpet av året.

Ho kommenterte òg dei vanskelege leveringsforholda i elektronikkbransjen, og Su meiner dei har gjort god framgang mot å auke produksjonen.

– Me har gjort omfattande investeringar for å sikre kapasiteten for å støtte veksten vår i 2022 og vidare. Målet vårt er, ærleg talt, å produsere nok til å leve opp til etterspurnaden, sa Su.

Nye kort i sommar

Omsetninga til AMD låg på 4,8 milliardar dollar i fjerde kvartal, som er den sjette kvartalsrekorden deira på rad. Dei har framleis betydeleg lågare omsetning enn hovudkonkurrenten Nvidia i skjermkortmarknaden, men ein ny lekkasje frå YouTube-profilen Moore's Law Is Dead hintar til at leiinga i yting mellom skjermkorta er i ferd med å forsvinne.

Det har lenge gått rykte om at AMD kjem med ein ny versjon av Radeon 6000-serien i sommar, og Moore's Law Is Dead hevdar at toppmodellen RX 6950 XT vil slå Nvidia sitt komande RTX 3090 Ti-kort.

– Eg kan no 100 % bekrefte at dei komande 6950 XT, 6850 XT og 6750 XT er på den same 7nm-noden som forgjengarane deira. Det opnar for ei auke på 10 prosent når ein kombinerer dette med 18 GBps minnehastigheit, og difor ventar eg at 6950 XT vil bli eit klart betre produkt enn 3090 Ti, skriv Moore’s Law Is Dead på Twitter.

Rykta seier at dei nye RX 6000-korta kjem i juni og juli, og nye generasjonar frå Nvidia og AMD har tradisjonelt kome ut på hausten. Om oppdateringa av 6000-serien gjer at lanseringa blir flytta på mot ferietider, veit me enno ingenting om.

Siste fra forsiden