Nytt eventyrspel på veg

Det evigvarande mysteriet rundt Roswell og Area 51 ligg ved dine føter.

Lexicon Entertainment har kunngjort at dei vil gi ut peik og klikk-eventyret Aurora: The Secret Within frå BluMiAl Studios. Spelet set deg inn i skoa til detektiven Pileggi. Gjennom spelet får du verken vite fornamnet hans, eller sjå ansiktet hans tydeleg. Kven han er finn du ut medan du spelar.

Skjermbilde fra Aurora: The Secret Within

Det heile startar i det nyheita kjem om at eit romskip har krasjlanda ved Roswell. Samtidig med dette, etterforskar Pileggi ei mystisk sak om ein bonde som har forsvunne. Gradvis vil Pileggi bli involvert i noko som vil få han til å innsjå at alt han har trudd på gjennom livet, har vore ein illusjon.

Spelet vil la deg utforske Area 51, og finne ut kva som eigentleg skjer der. I motsetning til kva folk alltid har trudd, er ikkje Area 51 ein base som skjuler avanserte fly og krigsvåpen. Det dei skjuler er noko mykje større; ei tidsmaskin.

Som detektiven Pileggi vil du kunne reise fram og tilbake i tid. Samtidig vil spelet sjølvsagt by på eit mylder av oppgåver i kjend eventyrstil. Desse vil vere både matematiske og logiske. Samtidig vil dialogen kunne påverke progresjonen i historia, og spelet har fleire sluttar.

Aurora: The Secret Within blir lansert 27. juli.

Aurora: The Secret Within
Windows
PC

Les også

Siste fra forsiden