Nytt Metal Gear Online blir avslørt neste veke

Kva rugar Kojima på denne gongen?

Heilt sidan Metal Gear Solid 3: Subsistece blei lansert har det vore mogleg for Metal Gear Solid-fans å krige mot kvarandre i Metal Gear Online. Då Metal Gear Solid 4 blei lansert på PlayStation 3, var ein ny og forbetra versjon av nettspelet med i pakka.

I 2012 var det derimot slutt, sidan Konami stengde serverane til spelet. Om du var ein av dei som likte å krige mot andre spelarar i Metal Gear Solid-universet ser det no ut til at du har noko å glede deg til. Via Eurogamer får vi nemleg vite at Metal Gear-sjef Hideo Kojima vil avsløre eit nytt Metal Gear Online-spel under The Game Awards neste veke.

The Game Awards er eit nytt prisshow som vil ta over for Video Game Wards, og det heile går av stabelen fredag 5. desember. Som vanleg for desse showa kan vi garantert rekne med ei lang rekke avsløringar av nye spel.

Vi veit førebels ingentin om kva vi kan vente oss i nye Metal Gear Online, men om vi kjenner Hideo Kojima rett kan vi vente oss eit og anna sært sprell.

Stort Metal Gear Solid på veg

I Metal Gear Solid V: The Phantom Pain får du utforske landskapet frå hesteryggen.

Tidlegare i år lanserte Konami og Kojima Productions Metal Gear Solid V: Ground Zeroes. Dette minispelet fungerte som ein introduksjon til kva vi kan vente oss i Metal Gear Solid V: The Phantom Pain som kjem neste år. Spelet blei lansert på konsoll tidlegare i år, og blir lansert på PC rett før jul.

I The Phantom Pain får vi ei stor og opa verd å bryne oss på, og mykje av målet til utviklarane har vore å lage eit spel der du sjølv skal kunne pønske ut ei lang rekke måtar å løyse utfordringane på.

Vi meinte Metal Gear Solid V: Ground Zeroes var ei solid, men unødig opptakt til The Phantom Pain. Meir imponerte var vi over det Platinum Games-utvikla actionspelet Metal Gear Rising: Revengeance.

Siste fra forsiden