Nytt om Penny Arcade-spel

Nye bilete og ein video frå Penny Arcade på eventyr.

Penny Arcade er ein nettbasert teikneserie som lagar satire av så og seie alt som skjer i spelverda. Kvar veke kjem tre nye striper og fleire bloggar, og serien har no svimlande tre og ein halv million lesarar i veka. Dette er ein popularitet dei fleste spelutviklarar ikkje ein gong tør draume om.

Se trailer fra spillet

Vis større

Trailer: Penny Arcade Adventures

Stikkord:
  • eventyr
  • spill
  • pc
  • rollespill
  • Manhunt 2
  • humor
  • mac
  • Penny Arcade Adventures: On the Rain-Slick Precipice of Darkness
  • penny arcade
  • linux


Teikneserien har introdusert oss for eit underhaldande persongalleri, og no får vi møte dei i spelmatiseringa frå Hothead Games. Eventyrspelet vil sende hovudpersonane Tycho og Gabe ut på eit mysterium det vil ta både kløkt og list å kome seg gjennom. Verda er ei sær krysning mellom Steampunk, billeg kiosk-horror, og litt god gammal grøss inspirert av H.P. Lovercraft på 1920-talet.

Vi kan forvente oss eit klassisk eventyrspel. Ron Gilbert, mannen bak legendariske spel som Monkey Island og Maniac Mansion har vore rådgjevar under utviklinga. Eit rollespel-inspirert kampsystem vil sørge for litt action i spelet. I tillegg er dialogen skriven av Jerry Holkins, noko som burde sørge for at humoren i spelet blir lett gjenkjenneleg.

Hothead Games har nett sluppe ein splitter ny video, og ein bunke nye bilete for å vekke apetitten din.

Du vil kunne laste ned Penny Arcade Adventures: On the Rain-Slick Precipice of Darkness som eit episode-basert spel, men utgivelsesdato er ikkje kjent. Penny Arcade Adventures blir utvikla for Windows, Linux og Mac.

PC

Les også

Siste fra forsiden