Anmeldelse

Otogi 2: Immortal Warriors

Er du klar for å slite ut fingrane dine med frenetisk knappetrykking i eldgamle, mytologiske Japan?

Side 1
Side 2

Otogi frå 2002 var då det kom eit av dei mest hektiske action-spela på Xbox. Samtidig spydde spelet ut ein visuell presentasjon som det fortsatt er få spel som greier å hamle opp med. Merkeleg nok blei spelet forbigått av mange, og blei aldri den suksessen det eigentleg fortente å bli. Då er spørsmålet: Kan Otogi 2 kapre fleire salg? Tja, ikkje godt å seie, for det er meir av det same, og det er eigentleg ikkje verken betre eller dårlegare på nokon måte. Ved kjerna er Otogi 2 eigentleg akkurat det same spelet som nummer ei i serien. Forskjellane er kosmetiske, men kva så? Otogi var glimrande underhaldning, og det er Otogi 2: Immortal Warriors og, om du likar å massakrere demonar altså.

Eit gammalt, og fleire nye ansikt Denne gong får vi møte igjen helten frå det første spelet, Raikoh, men han er ikkje aleine. Sjølve poenget med Otogi-serien er å renske område for vondskap i alle format. I runde nummer to er ikkje Raikoh aleine, men har med seg fem eksepsjonelle krigarar, som alle har sine sterke og svake sider. Strengt talt er vel dette det einaste som er nytt med Otogi 2: Immortal Warrios, for spelet går ut på akkurat det same. Ein kombinasjon av magi, rå vald og flyging gjennom lufta kun japanske filmkunstnarar er i stand til å hamle opp med. Ja, det ser fantastisk ut, og det er lett å la seg trollbinde av det som kanskje, kanskje er det penaste spelet på Xbox. Ikkje berre ser det fantastisk ut, men designen på karakterar og fiendar er heilt eksepsjonell, og får fram ein magi det spørs om BioWare kan måle seg med i sitt kommande Jade Empire.

Dessverre blir det av og til for mykje for den grøne boksen, og dette medfører ei stutrande framerate av og til. Heldigvis vil det omtrent aldri få spesiell innvirkning på spelbarheita. Stort sett er det etter at du har meia ned ei mengde fiendar, og dei eksploderar i lys og partikkeleffekter at ting går litt sakte. Nye fiendar rekk ikkje fram til deg før hakkinga er over, så du ungår ganske greit uheldige situasjonar, men det er likevel verdt å nemne. Det må og seiast at det er av og til vanskeleg å sjå om det eigentleg hakkar, sidan skjermen ofte berre er eit inferno av lys og farge. Det er likevel ikkje så ille som det kanskje kan høyrest ut som. Stort sett flyt spelet ypperleg, og du kan berre setje deg tilbake og nyte det du ser.

Treigt kamera Kameraet kan på si side av og til vere eit dilemma. Visse ting kan hjelpe på dette problemet, til dømes kan du stille kameraet rett bak karakteren, eller du kan låse deg fast til fienden slik at du alltid bevegar deg mot den, men det er ikkje nok. Raske fiendar kan brått vere ute av rekkevidde for låsen din, og du må du først finne fienden igjen. Ikkje verdas største sak akkurat det, men sidan kamerat ikkje er av dei raskaste kan det bli ei irritasjonsmoment. Kameraet kan også bli litt vanskeleg å ha kontroll på når ein skal fly gjennom lufta. Er du i lufta kan det vere vanskeleg å bevege seg i den retningen ein gjerne vil. Når du bevegar karakteren din, samsvarar det ikkje alltid heilt med kva vinkel du har kameraet i, og det kan oppstå visse problem. Spesielt ofte hender det at du berre flyr fram og tilbake, medan det du eigentleg vil er fly til venstre.

Reint borsett frå akkurat dette, har Otogi 2: Immortal Warriors eit kontrolloppsett som rett og slett gir deg lyst til å spele. Du har lyst til å gå tilbake, sjølv om det til tider blir grusomt vanskeleg. Ingen feil blir tilgivne, men til slutt får du det alltid til, og tilfredsheita er enorm. Det er ei rekke komboar du kan utnytte, og du får fram desse først og fremst ved å bruke dei to angrepsknappane. Du har eit kraftig, og eit svakt angrep. Som det kanskje seier seg sjøl er dei svake angrepa raske, og dei kraftige litt treigare. Det kraftigaste angrepet er også det einaste som kan øydelegge bygningar. Forskjellen i styrke på desse to angrepa er enorm, og du endar ofte opp med å kun bruke det kraftige angrepet. Litt synd kanskje, i og med at ein del av komboane du kan fleske fram med er heilt brutale, og må sjåast.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden