Over og ut for Final Fantasy XI på konsoll

Square Enix har avslørt dei første detaljane om MMOets siste kapittel.

For 13 år sidan lanserte Square Enix sitt første MMO Final Fantasy XI Online i Japan. Spelet blei lansert året etter i USA, og i 2004 i Europa. Før Blizzard gjorde reint bord med World of Warcraft blei Final Fantasy XI eit av dei meste populære MMO-spela i verda.

Final Fantasy XI har ikkje den same populariteten i dag som den gong, men har likevel framleis mange spelarar. Spelet har likevel ikkje nok spelarar til at Square Enix ser på det som god butikk å drifte tre versjonar av spelet. Akkurat no er spelet tilgjengeleg på PC, PlayStation 2 og Xbox 360. Under ein pressekonferanse torsdag kune Square Enix derimot avsløre at PlayStation 2- og Xbox 360-versjonane går i svart neste år. PC-versjonen vil derimot halde fram som før.

Sjølv om Final Fantasy XI forsvinn frå to plattformer neste år, vil det dukke opp i ein ny versjon. Ein mobilversjon av spelet vil bli lansert på verdsbasis neste år.

Stor ny utviding

Final Fantasy XI går mot slutten på PlayStation 2 og Xbox 360.

Før Square Enix avsluttar tenestene på konsoll vil dei gje ut det siste kapitlet i Final Fantasy XI-historia. Dette har fått namnet Rhapsodies of Vana'Diel, og vil kome i tre kapittel. Det første kapitlet vil bli lansert i mai, medan dei resterande kapitla vil bli lanserte i august og november.

Rhapsodies of Vana'Diel vil i følgje Square Enix bli ei storslagen avslutning på alt spelet har oppnådd i sine 13 år på marknaden. Mange figurar frå spelets historie vil dukke opp i denne utvidinga.

Med dette ser det ut til at Square Enix omsider gjer seg ferdige med å utvikle nytt innhald til sitt første MMO, skjønt dei vil framleis kome med mindre oppdateringar.

Dei siste åra har Square Enix via mykje tid og krefter på sitt nyaste MMO Final Fantasy XIV: A Realm Reborn. Dette blei først lansert i ein hårreisande dårleg versjon. I staden for å avslutte spelet valde Square Enix å byggje det heile opp frå grunnan av, og det har enda opp som eit solid MMO for konsoll og PC.

Siste fra forsiden