Overwatch

Overwatchs andre konkurransesesong blir heilt annleis

Jeff Kaplan snakkar ut om omfattande endringar i spelet.

Blizzard Entertainment

I ein ny video går Overwatch-sjef Jeff Kaplan djupt inn i komande endringar til det populære skytespelet. Den andre sesongen av konkurransemodusen kjem i september, og med den får me mykje nytt.

Balansering av rangeringssystemet

Jeff Kaplan fortel om dei nye endringare. (Video: PlayOverwatch)

Rangeringssystemet vil få ein overhaling, og går over til eit «tier»-system liknande League of Legends og StarCraft. Det blir sju «tiers», der kvar av dei er delt inn i 500 ferdigheitspoeng. Skalaen byrjar på null, antakeleg med «Bronze», opp til «Master» og «Grand Master» på 5000 ferdigheitspoeng.

Kaplan meiner dette vil gjere det enklare for spelarane å identifisere kva ferdigheitsnivå dei er på, utan at dei blir for irriterte av å miste nokre poeng her og der. Det vil også gjere slutt på kampar der ein bare får nokre centimeter med framgang etter å ha vunne. Viss ein fyrst kjem opp i ein «tier», vil ein ikkje falle under den for resten av sesongen. Dette er med unntak av dei to øvste, der ein kan gå ned til «Diamond». Dei beste spelarane må også tåle at det blir innført ein mekanikk som gjer at ein mister 50 ferdigheitspoeng per dag viss ein ikkje speler konkurransemodusen på ei veke. Dette skjer ned til botn av «Diamond».

Dei heldige få som har kome seg inn på Topp 500-lista kan og få seg ein liten kalddusj. Ein må no ha minst 50 kampar i konkurransemodusen for å vere på lista. Det har vore mogleg å kome seg til toppen på få kampar viss ein gjer det særs bra, men det kan ein ikkje frå sesong to.

Ved slutten av sesongen vil påskjøninga for rangeringa di basere seg på kva «tier» du har hamna i. Konkurransepoenga ein får vil tidoblast, og dei gylne våpna vil koste ti gongar så mykje som før. Dei poenga ein allereie har vil også tidoblast.

Slutt på «sudden death»

King's Row får nokre småjusteringar.
Blizzard

Kaplan seier vidare at dei vil ta tak i utfallet av konkurransekampar som endar opp i «sudden death».

– Dette er basert på dykkar tilbakemeldingar, som me høyrer på. Den fremste tilbakemeldinga me får er at spelarane ikkje likar myntkastinga. Me likar den ikkje heller, så den skal faktisk vekk, all «sudden death» skal vekk, seier Kaplan.

Spelmodusen «Assault» (Volskaya Industries, Hanamura og Temple of Anubis) baserer seg på at kvart lag har eit visst tal minutt på å ta opp til fem punkt. No vil ein få ein tidsbonus på 30 sekund for å ta det fyrste A-punktet. Mange har klødd seg i hovudet over at ein nokre gongar tar det fyrste punktet på overtid, og ikkje får noko ekstra tid for det. Dette vil no endre seg, slik at ein har eit forsøk på å ta neste punkt.

Det blir også endringar i kampar der ein tar punkt med mindre enn to minutt igjen på klokka. Viss dette skjer har ein opp til no fått to minuttar på å ta det neste punktet uansett, men denne bonustida skal ned til eitt minutt. Det mest interessante er at motstandarlaget også vil få den same bonustida.

Ein liknande mekanikk for tid vil kome til «Escort»-modusen (Route 66, Dorado og Watchpoint Gibraltar) og «Payload» (King’s Row, Numbani og Hollywood). Viss ingen klarer å ta det fyrste punktet, vil kampen ende som uavgjort.

Les også
Anmeldelse: Overwatch

– Me veit at uavgjorte kampar ikkje er heilt tilfredsstillande, men me har lært at «sudden death» er enno verre, der eit av laga får ein stor fordel, seier Overwatch-sjefen.

I saman med dette har utviklarane bestemt seg for å kutte ned på tida ein har i «lobbyen» for helteval for å gjere kampane litt kortare. Det fyrste heltevalet vil vere like langt, men dei i dei oppkomande rundane kuttast ned på.

Blizzard slår ned på «smurfing» og urettferdige lag

«Smurfing» med vener skal bli vanskelegare.
Blizzard Entertainment

Eit problem som har vore i fokus i det siste er spelarar som søker kampar saman med andre som har mykje lågare rangering enn dei. På sosiale media har mange uttrykt misnøye om at dei har fått kampar der ein spelar på det andre laget er mykje høgare rangert enn andre. Såkalla «smurfing» er også blitt eit problem, der til dømes ein god spelar kan bruke ein lågrangert konto for å spele saman med høgrangerte vener slik at gjennomsnittsrangeringa går ned.

– Me vil bli mykje meir «aggressive» i forhold til kor nært ein kan vere i rangering, seier Kaplan. Han meiner det er ein fin balanse mellom å spele med vener, og kor urettferdig det kan bli for motstandarane som møter ein som er rangert 40 og ein annan på 70, på same lag.

På «Public Test Environment»-serverane skal Blizzard prøve ut eit system der ein bare kan søke etter konkurransekampar med spelarar som er innanfor 500 ferdigheitspoeng frå ein sjølv. Dei er ute etter tilbakemeldingar på dette, då det kan bli litt for voldsomt.

– Sesong to skal bli som ein ny start, der alle kan kome tilbake for å prøve systemet på nytt og bli nøgde med retningen spelet tar, seier Jeff Kaplan til slutt.

Telenorligaen er i gang med Overwatch.

Kom deg til toppen av rangeringslista med desse kartsnarvegane.

Siste fra forsiden