Desse snarvegane må du kunne i Overwatch

Bli ein betre spelar med denne videoen.

Å vite korleis ein beveger seg rundt på kartet, er ein viktig del av å utvikle seg som spelar i skytespel. Kunnskap om kva som er den mest effektive ruta å ta kan vere essensielt i å overvinne fienden. 

Denne videoguiden tar for seg dei nyttigaste snarvegane i Overwatch-karta. Berre ved å hugse nokre av desse og pugge nokre namn på dei forskjellege stadane på karta, vil ein kunne sjå vesentlege framsteg på kort tid. Det vil hjelpe på kommunikasjonen med andre du speler med, og snarvegane vil gi flankemoglegheiter som lar ein kontrollere karta betre. 

Det er uendeleg mange små triks for å kome seg rundt på karta i Overwatch, men me har tatt for oss dei som er lettast å hugse, og som vil kunne ha mest innverknad på kampane dine. Desse legg godt grunnlag for å utarbeide taktikkar, der ein for eksempel kan ha to personar som bruker ein snarveg, mens resten av laget presser fiendane for å få mest ut av flankemanøveren. Snarvegane fungerer best med eit lag som kommuniserer godt, men dei er også særs nyttige viss ein speler utan vener. 

Dei fylgjande avsnitta refererer direkte til videoen, slik at ein må sjå den før ein les vidare. 

Volskaya Industries

Volskaya Industries.
Volskaya Industries. Bilde: Blizzard

Det fyrste klippet som visast er ein lite kjend og særs nyttig måte for å flanke fiendane. Denne kan utførast med nesten alle heltane i spelet, for det er ein liten kant som ein kan gå langs. I «Quick Play» er få spelarar klar over at dette er mogleg, slik at ein lett kan overraske det andre laget. 

Klipp nummer to viser korleis ein kan kome seg fort inn på den fyrste punktet, og kan gjerast med alle heltar som har ein eller anna form for ferdigheit som hjelper mobiliteten deira.

King's Row

King's Row.
King's Row. Bilde: Blizzard

Det er ikkje så mange som tenkjer over at Mei kan brukast i startområdet til å kome opp på plassar ein elles ikkje ville nådd. For eksempel kan ein overraske fiendane med ein granat frå Soldier 76. 

Mot startområdet for forsvarslaget på King's Row er kanskje den aller viktigaste snarvegen å kunne i spelet. Viss ein har klart å få nyttelasta heilt mot slutten av kartet, kan det vere vanskeleg å halde motstandarane vekke lenge nok, og eit ultimatangrep frå nokon som Pharrah eller D.Va kan enkelt settast opp ved å fly under kartet og flanke fiendane. 

Watchpoint: Gibraltar

Watchpoint: Gibraltar.
Watchpoint: Gibraltar. Bilde: Blizzard

Det siste stykket på Watchpoint: Gibraltar kan også vere særs vanskeleg å få til på angrepssida, då fiendane kjem seg veldig fort tilbake på nyttelasta. Her er det to måtar å kome seg inn til slutten av kartet, ved sia av dei meir «vanlege» måtane. Enten kan ein som i Reaper-klippet gå heilt ned på baksida, eller ein kan hoppe eller fly over bygningen. Berre dei heltane med lengst rekkjevidde klarer baksida, som for eksempel Genji og D.Va. Det er derimot vesentleg enklare å kome seg over bygningen, som til og med kan gjerast med Lucio. 

Lijiang Tower

Lijiang Tower: Night Market.
Lijiang Tower: Night Market. Bilde: Blizzard

Den som kjem seg fyrst inn på punktet i «King of the Hill» gjer det ofte best, og dette gjeld spesielt på delen av kartet som det fyrste Lijiang Tower-klippet viser. Dei mest mobile heltane kan enkelt kome seg direkte inn på punktet, men nokre har litt vanskelegare for å klare det. Lucio kan springe rett inn, sjølv om ein må øve litt på gjennomføringa. Får ein taket på det er det veldig nyttig for laget, for det er viktig å etablere nærvær tidleg på punktet. 

I Night Market-delen av Lijiang Tower er det også nokre gode ruter for flanking. Det mest nyttige er moglegheita for å fly på utsida av kartet, som gjer at ein fort kjem inn på punktet utan å konfrontere nokon på midt-delen av kartet. 

Den mest openberre snarvegen er å fly/teleportere seg inn på toppen av kontrollpunktet, som er ein ypparleg plass for å sette opp ultimatangrep. 

Nepal

Nepal: Sanctum.
Nepal: Sanctum. Bilde: Blizzardwatch.com

På Nepal: Shrine er det ein veldig enkel snarveg, som alle heltane i spelet kan bruke. Ved å hoppe på bjelkane på utsida av kartet kan ein kome seg inn til punktet utan å bli sett, eller ein kan gå rett inn til startområdet til fienden og angripe dei frå baksida. Ein bør øve litt på desse hoppa i forkant, for det er lett å bomme på hoppa i byrjinga. 

Klippet på Nepal: Sanctum blei fjerna i den forrige oppdateringa til Overwatch. Nokre få heltar kan framleis gå på bjelken, men det er berre dei med liten karaktermodell. Det er mogleg at fleire av desse snarvegane kjem til å bli fjerna i framtida.

Numbani

Numbani.
Numbani. Bilde: Blizzard

Dette kartet har litt mindre snarvegar som ein vil bruke i kvar kamp, men det er ein som er veldig nyttig. Nesten alle heltane med ferdigheiter som gir dei mobilitet kan kome seg rundt baksida av det fyrste punktet. Her har ein eit godt utgangspunkt for å koordinere angrep saman med laget. 

Dorado

Dorado.
Dorado. Bilde: Blizzard.

Det kan vere vanskeleg å kome seg ut av startområdet viss ein speler mot eit godt forsvarslag på Dorado. Denne ruta lar ein lett kome seg forbi fiendane og angripe frå baksida. Forsvarslaget vil ofte sette seg opp med Bastion, Torbjörn eller ein skarpskytar, som er veldig sårbare mot flankemanøvrar. 

Temple of Anubis

Temple of Anubis.
Temple of Anubis. Bilde: Blizzard

Temple of Anubis er ein av dei meir utfordrande karta på angrep viss ein spelar utan eit koordinert lag. Her er flanking veldig viktig, og heltar som Reaper, Genji og Winston vil kunne gi lagkameratane sine moglegheit til å kome seg inn på punktet, viss dei presser fiendane bakfrå. 

Konkurransemodusen til Overwatch er no ute. Ved å lære desse snarvegane har ein betre sjanse til å klatre mot toppen. 

Les også: Lions vant Gamer.nos fyrste Overwatch-turnering. 

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen