Anmeldelse

Peter Jackson's King Kong

Peter Jackson og Ubisoft prøvar å skrive om historia om spelmatiseringar av filmar, og får det nesten til.

Side 1
Side 2

Det er ganske godt gjort om du ikkje kjenner igjen motivet av ein forvoksen gorilla som står på toppen av Empire State Building. Med ei smellvakker kvinne dinglande mellom sine hårete fingrar, prøvar han å ta opp kampen med dei angripslysten flya rundt han. King Kong er eit ikon av dei sjeldne. Alle kjenner til eller har høyrt om King Kong, og det er ikkje akkurat små forventningar til nyinnspelinga av klassikaren frå 1933. Spesielt ikkje sidan det er Peter Jackson som står ved roret, mannen som brakte oss filmatiseringa av Ringenes Herre-trilogien.

Det har på same vis vore ganske store forventningar til spelmatiseringa av King Kong. Her har vi ein gjeng beståande av Michel Ancel, fyren som skapte Rayman og Beyond Good & Evil, og Peter Jackson sjølv, som har hatt latt sin store, tunge finger bestemme mange avgjerande detaljar i spelet. Det herksar ingen tvil om at dette er eit spel litt utanom det vanlege. Det er ganske unikt, uansett kva samanheng du ser det i. Heldigvis fungerar dei radikale vala Ubisoft og Peter Jackson har gjort veldig bra. Dette er det nærmaste du kjem å få ta del i ein film sjølv, på sannsynlegvis veldig lang tid.

Du entrar raskt rolla som Jack Driscoll. Du er ein del av reisemannskapet på ein heisatur til ei stor aude øy langt ute i ukjent farevatn. Denne øya har regissøren Carl Denham funne eit kart til, og her vil den ambisiøse mannen spele inn ein fantastisk film som ingen så langt har sett makan til. Ingenting går etter planen, om nokon forventa noko anna, og du er kjapt i ein situasjon der du verkeleg må kjempe for din rett til å overleve. På denne øya regjerar naturens lover, og om du ikkje er forsiktig endar ribbebeina dine snart opp som tannpirkarar for eit enormt kjøtetande beist med veldig små hender (kva skal ein vel med hender når ein har tenner som bautasteinar?).

Ein frisk tornado ifrå nord
Umiddelbart legg ein merke til at det er absolutt ingenting på skjermen bortsett frå det Jack ser. Alt du har å forholde deg til er våpenet ditt, og det du ser rundt deg. Det er ganske uvanleg dei ti første sekunda, så er ein inni det med ein gong. Ein skulle kanskje tru det var vanskeleg å treffe fiendar utan eit sikte på skjermen, men dette er ikkje tilfelle. Det er såpass intuitivt at ein automatisk veit kvar ein skal rette våpenet. Generelt sett er heile spelet så intuitivt at det nesten er overraskande kvifor ingen har gjort dette før. Om du til dømes har lite kuler igjen, fortel Jack deg dette undervegs. Han held deg oppdatert på kor mykje han har å gå på, og dette lar deg fokusere på alt anna enn å sjekke beholdninga på ammunisjon.

Ein kan kanskje undre seg over korleis ein får tak i våpen på ei aude øy, og dette er noko Ubisoft har løyst på greit vis. Her og der finn du kassar hengande frå fallskjermar og liknande. Det er folk som veit at du er her, og for å vere sikre på at du har noko å forsvare deg med, slepp dei ned kassar med våpen her og der. Når det er sagt, det er ikkje alltid så mange av desse kassane, og ofte må du klare deg på anna vis. King Kong er ikkje eit spel der du nødvendigvis må drepe alt du ser. Det er ikkje alltid du er i stand til å gjere det heller, og her kjem visse andre funksjonar inn.

Jakt og fiske
Rundt omkring på øya finn du spyd og beinrestar, og dette er noko du kan plukke opp og dra nytte av. Eit spyd kan brukast på fleire vis. Du kan til dømes bruke det som våpen, noko som kan vere ein nervepirrande prosess om du blir omringa av dinosaurar. Du kan kun ha eit våpen, og eit spyd om gangen, så om du vil kaste spyd, må du plukke opp eit kvar gong du vil kaste eit. Spyd og bein kan brukast enten for å stikke fiendar, men dette er ikkje effektivt for stort anna enn å dytte beista unna. Dei blir også øydelagde etter bruk, nok som igjen kan skape farlege situasjonar.

Du merkar ganske kjapt om du er i trøbbel. I staden for å plukke opp helsepakkar og anna urealistisk tull, har du ikkje helse i det heile tatt. Du har enkelt og greit to fasar av liv. Du kan bli angripen, og dytta bakover, men dette skadar deg ikkje nødvendigvis umiddelbart. Du blir berre ekstremt klar over at du bør vere veldig forsiktig. Er uhellet først ute blir skjermen farga i ein nydeleg raud farge, og musikk frå englar byrjar å skape harmonisk stemning. Dette er ein ganske hard kontrast til hovudet som har gripe eit solid tak om beinet ditt, og handa di som febrilsk slår mot det med eit spyd. Enkelt og greit: Blir skjermen raud, bør du kome deg unna ganske kjapt. Då tåler du bortimot ingenting. Raudfargen går over etter ei tid, og då er du ved full helse igjen.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden