Anmeldelse

Star Ocean: The Second Story R

Pur speleglede

Det beste spelet i Star Ocean-serien er ein draum for nostalgiske rollespelfans.

Blant alle dei store rollespela frå Japan som prega PlayStation-eraen på tampen av 90-talet, har Star Ocean som regel hamna litt i skuggen. Der andre seriar som Final Fantasy og Tales har bygd seg opp trufaste fans verda over, har det vore litt vanskelegare for Star Ocean. Ein serie som starta då utviklarane bak det første Tales-spelet, Tales of Phantasia, ikkje greidde å kome til einig, og delte seg i to. Serien har på sett og vis enda opp som den stygge andungen. Spela er kjende for suverent gameplay, men historiene, dei er det så som så med.

Det har aldri mangla på ambisjonane. Spela tek oss med til eit Star Trek-inspirert univers langt inne i framtida der romfarar på ein eller annan måte alltid endar opp på planetar som minnar om vår eigen middelalder. Der blir vi kjende med ei stadig større gruppe eventyrar, før vi tek turen vidare til andre planetar og enda større utfordringar. Det er same univers, same tidsrekning, men sjølvstendige spel med sjølvstendige historier og karakterar.

Star Ocean: The Second Story er, utan å ta i for mykje, det beste spelet i denne serien. Eg vil faktisk tørre å gå så langt som å påstå det er eitt av dei beste rollespela på PlayStation, og om du vaks opp på Final Fantasy VII og Legend of Dragoon, men aldri fekk med deg dette, er Star Ocean: The Second Story R ein sjeldan sjanse til å oppleve rein magi igjen.

Verdskartet er eit av spelets store høgdepunkt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eit solid ansiktsløft

Som naturleg for ein flunkande ny versjon av eit eldre spel er det den nye visuelle drakta som er det første ein legg merke til. Eg skal ikkje påstå eg var imponert då eg første fyrte opp spelet, klar for eventyr. Det er noko litt grelt og merkeleg med det heile, der gamle pikselfigurar frå 1998 spring over 3D-moddelerte landskap.

Etter kvart som eg spelte endra dette synet seg ein del. Det er mange flotte stadar å vere turist i, og då spesielt byar eller innandørsområde. Det er i den fire naturen spelet slit litt. Utviklarane har uansett gjort ein veldig god jobb i å sy saman dei vidt forskjellige grafiske uttrykka på ein måte som minnar så mykje om korleis mange slike spel såg ut på PlayStation, at ein nesten kan lure seg til å tru det faktisk er eit spel frå 1998. Om ein berre myser litt, er det nesten som å vere tilbake, og det er veldig nostalgisk.

Star Ocean: The Second Story R er eit japansk rollespel på gamlemåten. Som med Final Fantasy-spela på PlayStation, der Final Fantasy VII er den store stjerna, får vi eit stort verdskart du kan utforske ganske fritt, og frå dette kan du ta turen til små og mellomstore byar og tettstadar, samt farlege skogar og djupe grotter.

Det er mykje å finne her, mykje å leike seg med, og alt kjem nesten litt i vegen for historia som tidvis blir ein ettertanke der du heile tida spring rundt, distrahert av den siste tingen som blinka. Her er små sideoppdrag, personlege historier, endelause mengder med fiendar, og så mange ting å leike seg med for å bygge opp karakterane at ein nesten kan bli litt ør.

Byar kan sjå store ut, men dei er raske å utforske.
Øystein Furevik/Gamer.no

Som å vinne i lotto

Som dei fleste rollespel er det eit solid fokus på å bygge opp karakterane dine i Star Ocean: The Second Story. Forskjellen på dette og andre spel er i kor høg grad spelet legg til rette for at du berre skal kunne køyre på uten sikring. Andre spel set tak på ting, dei passar på at du aldri kan bli sterkare enn det utviklarane vil du skal vere. Du køyrer eit tog med tydelege stopp.

The Second Story gir blanke i alt dette. Du får gjere som du vil, og det er meir som å setje seg i ein rakett. Setebelte er forbode. Umiddelbart etter start får du sjølv velje fritt blant ein svimlande haug med eigenskapar. Blant desse finn vi eigenskapar som gjev deg bonuserfaring mot å bli litt svakare, eigenskapar som tiltrekk seg fleire fiendar og lar følgjesvenene dine slå dei utanfor kamp. Vi får oppgradere våpen og utstyr, og om du har det som trengs kan du brått etter nokre få klikk sitje der med eit våpen som gjer fleire gongar så mykje skade som det førre våpenet du hadde.

Å springe rundt på verdskartet medan fiendar poppar opp rundt deg, berre for å sjå folka i gruppa di springe bort og eleminere alt som er medan erfaringspoeng og pengar tikkar inn som om du har vunne ein millionpremie, er neste euforisk.

Ein skulle kanskje tru det gjorde spelet latterleg ubalansert, men på mirakuløst vis unngår vi å falle i denne grøfta. Du klarar alltid å finne noko som byr på litt utfordring, men det betyr eigentleg veldig lite. Noko av løna frå å utnytte systema til å bli så kraftig at det nesten blir teit er nettopp at ingen byr på ei utfordring som kan ta knekken på deg.

Lenker du saman fiendar får du erfaringsbonus.
Øystein Furevik/Gamer.no

Med spelaren i fokus

Star Ocean: The Second Story R er eit spel det er uvanleg lett å bli hekta på. Mykje av grunnen til det at alt går fort, og nesten ingenting tek lengre tid enn det burde. Skal du gjere eit sideoppdrag eller ei personleg historie som kanskje bygger opp karakterane, eller låser opp nye, kan du hente opp kartmenyen for å både finne alt som er ugjort, men òg for å teleportere dit på eit blunk. Lastetider er korte, og på eit kvarter kan du ha unnagjort fleire oppdrag, og gått opp eit erfaringsnivå eller to.

Spelet byr heile tida på ein ny distraksjon, om det så er å lage ting, fiske noko, samle erfaringspoeng, eller å berre sringe rundt på jakt etter ei kiste eller fleire fiendar som kan få deg opp endra nokre erfaringsnivå.

Om det er ein ting eg synest skrantar litt, så er det kampsystemet. Det har mykje bra ved seg, er kjapt, og du kan lenke saman opp til fem grupper med fiendar som du kjempar mot etter tur for å multiplisere kor mykje erfaring du får, men kampane i seg sjølv, dei er hakket for simple. Å trykke på ein knapp er ofte det einaste du treng gjere, og det er ikkje så mykje meir du kan gjere heller. Eit par spesialangrep kan brukast, og du kan kontre angrep, men å berre hamre laus på angrepsknappen er som regel nok.

Baksida er at det blir for så mykje hamring at det går ut over tommelen etter nokre timar. Spelet må heller ikkje vere slik. Du kan justere kor vanskeleg det skal vere, du kan justere kor mange fiendar som skal jage etter deg, og du kan velje å få meir skade i staden for fleire erfaringspoeng. Star Ocean: The Second Story R er eit sjeldant spel der du verkeleg får bestemme sjølv korleis opplevinga skal vere.

Det er som å vere tilbake i 1998.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Star Ocean-serien har slite litt i seinare år med spel som stort sett har hamna midt på treet. Namnet Star Ocean er nesten synonymt med moro, for ein veit mekanikkane og kampsystema vil vere bra, men historiene har det vore verre med.

I Star Ocean: The Second Story R treng vi ikkje uroe oss så myke for det. Det er ikkje stor forteljarkunst, men det er ei artig nok historie om ei stadig større gruppe eventyrarar på tur. I tillegg er det ein fyr som har to drakehovud stikkande ut frå ryggen, ein siger i seg sjølv.

Det beste med Star Ocean: The Second Story R er derimot kor vanvittig moro det er. Det er hårreisande lett å berre spele litt til, noko som i dette spelet betyr minst ein time. Det er eit kjapt spel som er som skapt for spelaren som fantaserar om å berre blit større og sterkare, og det i ei nostalgisk fantasiverd full av eventyr.

Star Ocean: The Second Story R slippes til Nintendo Switch, PlayStation 5 (testa), PlayStation 4 og Windows 2. november.

9
/10
Star Ocean: The Second Story R
Eit fantastisk rollespel har blitt enda litt betre.

Siste fra forsiden