Anmeldelse

Front Mission 1st: Remake

Turbasert taktikk med kjemperobotar? Ja takk!

Front Mission 1st: Remake byr på herleg og gammaldags taktikk i ei litt uambisiøs innpakning.

Square Enix

Vi er inne i det som nesten kan kallast ein renessanse der gamle spel dukkar opp i ny drakt for eit nytt publikum, og eg elskar det. Nokre spel fekk eg ikkje tid til den gong då, eller kanskje var det mystiske spel eg berre høyrde om, men aldri fekk sjansen til å prøve sjølv.

Kva no grunnen måtte vere, gamle spel kjem tilbake, ein etter ein, i varierande grad av oppussing og restaurering. Nokre spel får seg eit totalrenovering og er noko heilt anna enn originalen, noko Final Fantasy VII Remake er eit godt døme på. Andre held seg tru mot originalen, men moderniserer og forbetrer så mykje under panseret at om ein hadde plukka opp originalen hadde ein knapt kjent seg igjen.

Og så har vi spela som held seg så tru mot originalen at det neste gjer litt vondt av og til.

Bom, igjen?!

Kvart angrep byr på ein animasjon i Fire Emblem-stil, men desse kan slåast av for å spare tid.
Square Enix

Front Mission 1st: Remake er eit skikkeleg tradisjonelt taktisk spel. Alt skjer på eit rutenett der du flyttar krigarane dine rundt etter tur. I motsetning til ein del andre taktikkspel flyttar ein ikkje krigarar basert på kor raske dei er, her flyttar du alle dine, før motstandaren får sin sjanse til å agere.

Du styrer digre robotar, også kjend som «wanzers», og med dei kan du slå fiendane, skyte fiendane, eller bombadere dei med rakettar. Vi får ikkje bonusar basert på kor høgt i terrenget vi er, men til gjengjeld byr terrenget i seg sjølv på bonusar. Nokre typar terreng byr på kamuflasje som gjer det vanskelegare for fiendar å treffe, medan andre igjen er nesten risikosport å gå inn på. Målet er uansett å høvle over fienden, knuse alle fiendtlege wanzers, og helst ikkje miste nokon av dine eigne, sjølv om du får alle kapitulerande pilotar tilbake etter kamp.

Front Mission 1st er frå den tida då det meste handla om RNG, tilfeldige genererte tal, også kjent som digitale terningar. I Front Mission er dette så framtredande at ein kan erfare eit snev av mental ubalanse der ein står med kanskje fem digre robotar som bommar, igjen, og igjen, og igjen, medan den einslege wanzeren dei omringar alltid treff, øydelegg armar, bein, kropp, heilt til wanzerane dine går opp i røyk.

Det har skjedd litt for ofte, og det er ei kjend kjensle. Eg hugsar den. Det var slik det ofte var før. Tilfeldige tal styrte mykje i spelverda, og det spelar ikkje alltid noko rolle kor flink du er, kor godt utrusta du er, og kor gjennomtenkt slagplanen din er. Alt kokar til sjuande og sist ned til ein enkel ting: Flaks.

Til garasjen!

I garasja kan du skru på det meste wanzeren har å by på.
Square Enix

Det finnest sjølvsagt måtar å kontre dette på, elles hadde nok ikkje Front Mission bygd opp den statusen serien tross alt har i Tactics-miljøet. Vi finn ein haug med ulike våpen, og mange av dei byr på eitt angrep, medan andre byr på mange. Einslege angrep gjer alltid meir skade, men om du skulle bomme har du tapt det angrepet, og fienden får uansett sjansen til å slå tilbake. Brukar du eit våpen som fyrer av fleire skot er sjansen større for å treffe, sjølv om du gjer mindre skade.

Etter kvart som ein spelar får ein stadig tilgang på nye våpen og nye delar til wanzerane. Nye pilotar dukkar òg opp, og dei er gode i forskjellige ting, noko som betyr at ein må planlegge godt. Ein pilot som er flink til å styre ein wanzer i nærkamp er ikkje nødvendigvis flink med skytevåpen eller rakettar.

Ein må difor tenkje litt gjennom kva ein gjer når ein skrur saman dei mange pilotane sine wanzers. I garasjen får ein velje våpen i både høgre og venstre hand, samt høgre og venstre skulder. Ein får byte ut kroppsdelar med nye, og etter dei fleste kampar dukkar det opp nye delar, og med pengane du tener du oppgradere, elles går det skeis med ein gong.

Du endar raskt opp med å bruke uhorveleg mykje tid i dei ulike basane. Representert berre via enkle stillbilete med menyar og val, kan du her gå til garasjen der du skrur på maskinene dine, ein bar for å høyre siste nytt, og ein arena der du sakte kan trene opp pilotane dine. Det aller meste av tida di vil derimot gå til garasjen.

Hovudpersonen sjølv er det Amano-portrettet.
Square Enix

Alt maskineri skal oppgraderast, og om du har råd til det byter du ut alle delar på det som etter kvart blir eit tosifra tal maskiner. Eg storkosa meg med dette i starten, men må innrømme eg gjekk litt lei etter kvart. Du skal ikkje sjå bort frå at du vil bruke minst like mykje tid på å byte ut delar på maskinene som på å faktisk bruke dei. Denne prosessen kunne med fordel ha blitt forenkla litt i denne versjonen av spelet. Det er mykje fram og tilbake og inn og ut av menyar for enkle ting.

Uhyre engasjerande

Med alt det ute av vegen er det lov å seie at Front Mission 1st er eit uhyre engasjerande spel. Det har kanskje ikkje den mektige historia mange taktikkspel byr på, men det har solid og ikkje minst annleis gameplay. Det at ein her styrer digre robotar byr på ei svært annleis oppleving enn i til dømes ferske Tactics Ogre: Reborn.

Her kan angrepa dine treffe alt frå kropp til armar og bein, og etter kvart som ein går opp i nivå og blir sterkare kan pilotane lære seg nye eigenskapar, som eksempelvis å sikte seg inn på spesifikke kroppsdelar. Det er fleire val å ta. Ein kan til dømes satse på å fyre av ein bunke rakettar mot wanzeren sin kropp for å slå den ut av spelet, men det er lettare å ta ut ein arm slik at fienden ikkje kan bruke den meir. Om heller beina gir etter kan du lett stikke av.

Etter kvart får ein òg tilgang på ammovogner som følgjer med deg i krigen. Her kan pilotane fylle opp med rakettar når det er tomt, og ein kan få reparert øydelagde delar.

Dei nyteikna portretta er ein billeg imitasjon av Amano sine originalar.
Square Enix

Godt spel, lunken oppgradering

Front Mission 1st: Remake er eit godt, gammaldags spel. Utviklarane bak denne utgåva har gjort ein grei jobb, men eg synest dei kunne ha gjort hakket meir. Den visuelle stilen er tydeleg og oversiktleg, men det blir ganske keisamt å sjå på i lengda. Alt er grått og einsformig, og sjølv om ein kan velje farge på wanzerane så fiksar ikkje det problemet.

Det framstår litt som eit spel som manglar litt visuell identitet, og det er litt synd all den tid den originale Final Fantasy-karakterdesigneren Yoshitaka Amano teikna pilotane i spelet. Det vises ikkje akkurat. Utviklarane har gjort eit forsøk på å hente inn desse portrettbileta, men måten dei har gjort det på er ved å lage nokre vandaliserte versjonar der det ser ut som nokon berre har teikna over Amano sine originalar med tusj.

Det er ikkje særleg pent, og eg tenker med meg sjølv at her kunne utviklarane tatt seg hakket betre tid, eller eventuelt høyrt med Amano om han kunne teikne nokre nye.

Eit område der utviklarane burde ha gjort ein mykje betre jobb med denne nye utgåva av Front Mission er i korleis dei introduserer spelarane for mekanikkane. Vi får ein ørliten opplæringsmodus som eigentleg ikkje fortel noko vi ikkje forstår automagisk, samt eit val mellom klassisk og ny modus, der hovudforskjellane er eit meir oversiktleg kamera. Fint det, men det som manglar, det er manualen. Du veit den lefsa som kom med spel før i tida og forklarte grunnleggjande ting som kva det symbolet betyr, og korleis ting fungerer. Det er litt keisamt å starte eit spel med å famle i blinde når du veit det er ein konsekvens av at utviklarane gløyme å leggje ved instruksjonane.

Konklusjon

Som dei fletse taktikkspel flyttar du langs eit rutenett.
Square Enix

Front Mission 1st: Remake er eit solid og underhaldande taktikkspel som eigentleg fortener litt betre. Det er mykje moro her, og om du likar taktikk så vil du garantert kose deg. Det er eit hakket meir utfordrande spel enn mange andre i sjangeren, og du skal ikkje sjå bort frå at du må prøve nokre gongar for å finne rett framgangsmåte.

Det er derimot veldig lite ved denne versjonen som gjer det betre. Kameraet har blitt modernisert, og godt er det, men spelet introduserer deg ikkje for mekanikkane på ein god måte, og den visuelle presentasjonen er litt stakkarsleg.

Når ein kjem forbi desse hindra i inngangsdøra vil ein derimot raskt møte eit spel som er fullt av gode utfordringar og spanande mekanikkar. Dette er berre det første av fleire oppussingsprosjekt i Front Mission-serien, og det er eit lite stykke spelhistorie som absolutt er verdt å få med seg.

Front Mission 1st: Remake er ute til Nintendo Switch.

7
/10
Front Mission 1st: Remake
Eit flott spel som hadde fortent litt meir.

Siste fra forsiden