Rollespelet Sword Coast Legends kjem til konsoll

Og PC- og Mac-versjonane har fått lanseringsdato.

Wizards of the Coast

Sword Coast Legends er eit Dungeons & Dragons-rollespel sett til den velkjende verda Forgotten Realms. Det blir regissert av Dragon Age: Origins-regissør Dan Tudge, og har som mål å skape ei sosial rollespeloppleving for både spelarar og ein Dungeon Master som til dels dirigerer spelet.

Via Eurogamer får vi i dag vite at Sword Coast Legends vil lanserast på Windows, Linux og Mac 8. september. Det er derimot ikkje alt. I tillegg til PC- og Mac-versjonane av spelet, har utviklarane hos Digital Extremes avslørt at rollespelet i tillegg vil kome til PlayStation 4 og Xbox One. Konsollversjonane vil òg lanserast i år, men nøyaktig dato er ikkje kjent.

Emulerer analoge rollespel

Rollespelmoro for heile familien.

Som dei fleste rollespel basert på Dungeons & Dragons-regelsettet vil Sword Coast Legends by på gruppebasert rollespeling frå fugleperspektiv. Det kanskje viktigaste salspunktet til Sword Coast Legends er derimot at vi i dette spelet vil få ei oppleving sterkare inspirert av korleis det faktisk er å sitje rundt eit bord for å spele rollespel.

Fleire spelarar kan slå seg saman for å kome seg gjennom eventyret, men ein ekstra spelar vil ta på seg rolla som Dungeon Master, og vil styre eventyret. Sjefen for spelet vil kunne leggje ut feller, sende fiendar, og justere utfordringane etter kvart som dei oppstår. Ein skal og kunne skru saman eigne eventyr.

Vi tok ein kikk på spelet tidlegare i år, og såg stort potensiale i spelet:

«Av det eg har sett så langt er eg forsiktig optimist. Det er definitivt eit stort potensial her, og det som har blitt vist fram så langt ser verkelig ut til å ta rollespelsjangeren på alvor. Eg er veldig klar for nye eventyr i Forgotten Realms-universet, så det blir spanande å sjå om dette klarar å leve opp til forventningane dei no er i ferd med å skape.»

Om du er fan av dei gamle PC-rollespela Sword Coast Legends hentar mykje av inspirasjonen sin frå, kan du ta ein kikke på herlege Pillars of Eternity som blei lansert i vår. I tillegg er eit nytt Baldur's Gate-spel under utvikling.

Siste fra forsiden