Nvidia GeForce RTX 30-serien

Skepsis til nye gaming-skjermkort etter lekkasje

Her er spesifikasjonane ifølgje rykte.

Slik skal RTX 3090 sjå ut ifølgje lekkasjar frå Twitter-brukar GarnetSunset. Det same krysset på midten blei vist i ein teaservideo frå Nvidia på onsdag.
Skjermdump Twitter

Dei siste vekene har det florert med rykte om den komande skjermkortserien til Nvidia basert på Ampere-arkitekturen. Sidan 11. august har Nvidia lagt ut bilete av gamle skjermkort i ei nedteljing til 1. september, som sannsynlegvis blir datoen for lanseringskonferansen til RTX 30-serien.

Onsdag presenterte Nvidia ein videofeature på teknologien i skjermkorta deira, og viste blant anna fram ein komande 12-pin straumkabel som den neste generasjonen vil nytte seg av. Det er ei god stund sidan denne informasjonen blei lekka, men dette er det første offisielle frå Nvidia si side. Ein ser òg eit lite hint av eit av dei nye skjermkorta.

No har nettstaden VideoCardz.com vist fram spesifikasjonane til nokre av dei nye korta. Nettstaden er kjend for å vere treffsikker med lekkasjane sine, men noko handfast har me ikkje enno. Det skal seiast at me i Gamer.no har fått info om at sjølv tredjepartsprodusentar ikkje har fått dei offisielle namna på Ampere-korta enno. Førebels har dei namna «SKU A, B og C».

RTX 3090 og RTX 3080 er venta å lansere i løpet av september på ein 7-nanometer node, ei halvering frå Turing-arkitekturen. RTX 3070 vil òg moglegvis kome i løpet av september, utan at det har kome lekkasjar om kortet er på 12 eller 7 nm.

Dyrt flaggskip

Etter ei noko lunken lansering av RTX 20-serien i 2018, er det store forventningar knytt til den andre generasjonen med DLSS og strålesporing – denne gongen med støtte for PCIe 4.0.

GeForce RTX 3090 ryktast å vere generasjonens flaggskip, med 5248 cuda-kjernar og 24 GB GDDR6X videominne på ein 384-bit minnebus. Straumkravet er på heftige 350 watt, som er monaleg meir enn førre generasjon.

Det har vore snakk om at dette kortet kan koste opp mot 2000 dollar, men akkurat kva prisen blir får me vente og sjå. Gamer.no kjenner til at det skal vere betydeleg dyrare enn tidlegare kort, og at det mest sannsynleg er snakk om eit kort i same segment som nokre av dei første GTX Titan-korta.

Fans skuffa over RTX 3080 og 3070

GeForce RTX 3080 kjem med 4352 cuda-kjernar og 10 GB GDDR6X videominne på ein 320-bit minnebus. At kortet kjem med knappe 10 GB videominne har skapt ein del debatt på forum som reddit, då dette er mindre enn kva både RTX 2080Ti og GTX 1080Ti har (sjølv om det ikkje er same type videominne). Det er derimot venta at det skal kome ein variant av RTX 3080 med 20 GB videominne etter kvart.

Sjølv RTX 3080 vil dra 320 watt ut av veggen utan overklokking, som kanskje er endå meir oppsiktsvekkjande enn kva RTX 3090 gjer. Førre generasjon av 80-serien kravde ikkje meir enn 215 watt.

Sist ut er GeForce RTX 3070, med 8 GB GDDR6-videominne på ein 256-bit bus. TGP («Totalt Graphics Power»)-kravet er venta å kome på 220 watt. VideoCardz.com har førebels ikkje meir informasjon om kortet.

Her er spesifikasjonane summert opp:

RTX 3090

RTX 3080

RTX 3070

Skjermeining

7nm GA102-300

7nm GA102-200

Cuda-kjernar

5248

4352

Boost-klokkehastigheit

1695 MHz

1710 MHz

Videominne

24 GB GDDR6X

10 GB GDDR6X

8 GB GDDR6

Minne-klokkehastigheit

19.5 GBps

19 GBps

16 GBps

Minnegrensesnittbreidde

384-bit

320-bit

256-bit

Minnebandbreidde

936 GB/s

760 GB/s

512 GB/s

TGP

350 watt

320 watt

220 watt

Les også
Test: SteelSeries Apex Pro

Kjelde: VideoCardz.com

Siste fra forsiden