Feature

VR-briller til Half-Life: Alyx

Kva VR-headset bør du velje for Half-Life: Alyx?

Det er ein jungel av VR-produkt der ute, og det er ikkje enkelt å vite kva ein skal gå for.

Mikkjell Lønning/Gamer.no og Valve

Half-Life: Alyx er ikkje heilt det me forventa at Valve skulle annonsere, men det er i alle fall meir Half-Life. Me får eit gjensyn med nokre gamle vener, og Virtual Reality får eit innskot i spelbiblioteket som det sårt hadde behov for. Det er særs tynt i rekkjene av gode, polerte VR-spel, så Valve kan bli ein reddande engel for sjangeren. Dei har til og med sagt at dei kanskje vil lage fleire VR-spel.

Det er mange år sidan det først kom nokre rykte om at det er tre VR-spel i utvikling hos Valve, og no veit me i det minste at det var ei viss sanning der.

Dei aller fleste som har lengta etter meir Half-Life eig neppe VR frå før, så Half-Life: Alyx kan fort bli ein kjøpsmotivator. Men kva bør ein investere i for å få den beste opplevinga? Me har tatt ein kikk.

Bakgrunnen for kjøpet

Half-Life: Alyx er den lenge etterlengta fortsettelsen av Half-Life-spela.

Half-Life: Alyx vil køyre på alle headset som støttar SteamVR, så det er mange alternative å velje mellom. Ei handful produkt er inkompatible med spelet, slik som PlayStation VR, Oculus Rift DK1/2, Oculus Go, HTC Vive Focus og eit par andre.

Valve Index ville sannsynlegvis bydd på den beste opplevinga av Half-Life: Alyx i forhold til pris, men dette er ikkje tilgjengeleg i Noreg. Me har prøvd å kontakte Valve for ei avklaring om kvifor Index framleis ikkje er å finne i butikkhyllene, men har ikkje fått noko svar.

Uansett: Skal du starte med VR har du to alternativ. Det er enten å kjøpe eit VR-headset som er rekna for PC, eller eit frittståande, trådlaust produkt som Oculus Quest. Med Quest treng du i utgangspunktet ikkje noko PC for å spele, men dessverre er du avhengig av å kople den til ein datamaskin for å køyre innhald på Steam.

Det betyr altså at du uansett må ha ein gamingpc for å kunne køyre det nye spelet. Minimumsspesifikasjonane er ikkje all verda, men det kostar fort ein del tusenlappar å skru saman ein maskin som taklar spelet. Ein vil jo helst ha noko som gjer at ein får god bileteflyt.

Minstekravet er ein PC med Windows 10, 12 GB minne, eit skjermkort tilsvarande Nvidia GTX 1060 eller AMD RX 580 og ein prosessor tilsvarande Intel Core i5-7500 eller AMD Ryzen 5 1600. Kva behov ein har for å halde biletefrekvensen på maks er det ingen som veit enno.

Dei følgjande vurderingane er basert på spesifikasjonar og brukaromtalar, og må difor tas med ei klype salt. Utan å ha prøvd spelet er det umogleg å vite kva for komplikasjonar som kan oppstå med dei ulike headsetta.

Mest VR for pengane

Oculus Quest er eit trådlaust VR-headsett som har ein «SOC», der prosessor og grafikkløysing sit på same brikke. Det fungerer på same vis som ein mobil eller spelkonsoll.

Snapdragon 835-brikken sikrar overraskande solid yting, og gjer at Quest gir deg mest VR for pengane. Du treng ikkje noko PC, og Quest taklar fint mange av dei nyaste spela på Oculus-butikken. Du får Quest i to versjonar, enten med 64 GB eller 128 GB lagring.

Quest lar deg spele når du vil, kvar du vil. Eit batteri på 2–3 timar gir deg fridomen til å svinse rundt fritt, og intern sporing gjer at du ikkje treng basestasjonar. Du får med dei same Touch-kontrollarane som med Oculus Rift S.

Headsettet har ein OLED-skjerm med ei oppløysing på 1440x1600 for kvart auge, og ein synsvinkel på 90 grader. Den største veikskapen er nok at oppdateringsfrekvensen på skjermen berre er på 72 hertz, som er i det minste laget for VR. Spesielt i spel der du må røre deg mykje, slik som Half-Life: Alyx sannsynlegvis blir, kan ein risikere å bli kvalm.

For å kunne spele Steam-spel må du ha Oculus Link, eller ein USB C-kabel som er kjapp nok til å overføre nok data til å drive VR. Desse kablane er sannsynlegvis billigast å kjøpe på Amazon frå utlandet. Opplevinga med spel utfor Oculus-universet er noko varierande, og kan til tider vere ustabil. Eg trur nok Valve har brukt mykje tid på å optimalisere dette, men det er noko ein bør vere klar over.

Nettbutikkane har skrudd opp prisen på fleire av VR-produkta på lista her, sannsynlegvis på grunn av den komande Valve-lanseringa og kronekursen. Quest har vore tilgjengeleg for 4800 kroner sidan lansering, men kostar no 5300. Versjonen med 128 GB lagring kostar rundt 6500.

Yting på budsjett

Det neste naturlege valet er å sjå på Oculus Rift S. Dette er ei betydeleg oppgradering frå førre generasjon Rift, og er nok den enklaste måten å spele Half-Life: Alyx på.

Rift S har ein LCD-skjerm på 1280x1440 for kvart auge, og har slik sett lågare oppløysing enn Quest. Den har likevel merkbart betre biletekvalitet enn Quest har med Oculus Link. Vidare har skjermen ein synsvinkel på 90 grader og ein oppdateringsfrekvens på 80 hertz. Du får eit litt jamnare bilete her, altså.

Som med Oculus Quest treng du ikkje basestasjonar for sporinga, og du får dei same, gode handkontrollarane. Rift S har òg fem sensorar, i motsetning til Quest sine fire.

Oculus Rift S kostar i skrivande stund like mykje som Oculus Quest, så på eit vis får ein litt mindre for pengane her, men det vil nok by på ei betre oppleving i Half-Life: Alyx på grunn av biletekvaliteten og oppdateringsfrekvensen. Stabilitet er nok òg noko du får meir garanti for her.

Til 5300 kroner er dette ein verdig konkurrent til HTC sine dyrare produkt.

Windows Mixed Reality

Blant Windows Mixed Reality er gjerne Samsung Odyssey+ og HP Reverb dei mest populære, som begge (i teorien) kan kjøpast i Noreg. Riktig nok kostar dei betydeleg meir her enn i USA.

Windows Mixed Reality vil gjerne ikkje by på ei fullt like stabil oppleving med speling som dei over på grunn av formatet, men headset som Odyssey+ har betydeleg høgare oppløysing, synsvinkel og oppdateringsfrekvens. Synsvinkelen på 110 grader sikrar ei god innlevingskjensle, mens AMOLED-skjermen byr på ei oppløysing på 1440x1600 per auge og oppdateringsfrekvens på 90 hertz. Spesifikasjonane er identiske med HTC Vive Pro, men sporinga er ein del svakare hos Samsung. Odyssey+ har òg ein veikskap i at det ikkje sit fullt like godt fast på hovudet som dei andre, som gjer det mindre eigna til spel der du må røre mykje på deg. Det vil sannsynlegvis bli vanskeleg å foreine med Half-Life: Alyx. Sporinga vil òg vere merkbart svakare enn på ein Vive med basestasjonar.

Odyssey+ kjem med nokre påmonterte hovudtelefonar frå AKG, saman med nokre solide kontrollarar.

Det aller største problemet er uansett å få tak i Odyssey+, for det er ingen norske butikkar som har det på lager. Eventuelle kjøp frå utlandet kan bli svindyre med fraktkostnadar, toll og ustabil kronekurs.

HTC Vive Cosmos og Elite

Vive Cosmos er HTC si løysing for intern sporing. Det er òg ein ny versjon på veg som støttar sporing med basestasjonar.

HTC Cosmos er eit modulært headsett, slik at ein kan oppgradere det ved å byte ut ansiktsmaska, og slik få tilgang til sporing med basestasjonar. Det kostar nokre tusenlappar, men du har moglegheita.

Du kan òg gjere Cosmos trådlaust slik som Quest, dersom du blar opp eit par tusenlappar til for Vive Wireless Adapter. I motsetning til Oculus Quest må du ha ein PC for å bruke dette, for det fungerer ikkje aleine. Sporinga er ikkje like god utan basestasjonane, og mange melder om at ein treng eit veldig lyskraftig rom for at sporinga skal fungere i det heile.

Cosmos har generelt fått ein del kritikk for å vere upåliteleg og buggy, noko HTC framleis ikkje har fått heilt bukt med alt enno. Dei har riktig nok kome med ei rekkje oppdateringar som bøter på mykje av problema. Cosmos vil nok likevel by på den beste opplevinga inne i spelet når det kjem til visuell kvalitet av dei me har omtalt så langt. LCD-skjermen gir ei oppløysing på 1440x1700 per auge, ein synsvinkel på 110 grader og oppdateringsfrekvens på 90 hertz. Eit lite minus er at i motsetning til dei andre Vive-modellane, har du ikkje noko måte å justere skjermane i forhold til augo dine, slik at synsvinkelen kan verke smalare enn den faktisk er.

Headsettet har òg nye kontrollarar, som er ganske like dei Oculus har.

Elite-versjonen av Cosmos kjem med External Tracking Faceplate frå starten av, og kostar det same som Cosmos pluss sporeplata separat. Førebels er det ingen norske butikkar som har Elite på lager. Med sporeplata så blir Cosmos omtrent som ein direkte oppfølgjar til første HTC Vive. Den kan du for så vidt framleis kjøpe brukt til ein billeg pris no, som kan vere ein grei start for dei som ikkje vil bruke for mykje pengar.

HTC Vive Pro

Pro-versjonen av HTC Vive er meir mynta på forretningsbruk enn gaming, og det blir reflektert av den heftige prislappen. Den har som nemnt dei same skjermspesifikasjonane som Samsung Odyssey+, men vil koste deg meir.

Det er nokre år sidan Vive Pro kom ut no, så prisen er ikkje fullt like ille som før. Du kan òg få ein versjon med augesporing, men då må du ut med 15 000 for eit heilt kit. Augesporinga må reknast som noko eksperimentell, og det vil nok vere ein god ide å vente til neste generasjon med akkurat augesporinga. Eg tviler på at det tar så veldig lang tid før me ser fleire produsentar med augesporing til ein betydeleg lågare pris.

Skal du ha heile pakken med den vanlege må du ut med 13 000, berre 1500 kroner mindre enn då den kom ut for snart to år sidan. Det er ikkje akkurat noko kjempedeal. Prisane i til dømes USA gjer at dette er eit betre produkt der, men Vive Pro gir ikkje så mykje for pengane her til lands.

Skjermen er nok den fremste grunnen til å kjøpe denne. Vive Pro kjem med det originale kontrollardesignet, og ikkje dei nye til Cosmos. Det er eit lite minus.

Pimax

Det er nok ikkje så mange som har høyrt om Pimax, og det har aldri heilt tatt av her i Noreg. Produsenten har ein drøss med ulike versjonar, der skjermen er den einaste skilnaden frå produkt til produkt. Dei har skjermar som strekk seg heilt opp til 8K oppløysing, men 4K per auge. Det er veldig, veldig mykje høgare oppløysing enn dei andre alternativa.

Pimax er kjend for å nedprioritere byggekvalitet, og har skjermar som er tunge å køyre for skjermkortet. Har du kraftig nok PC kan Pimax vere svaret for den som vil ha best mogleg visuell kvalitet, men med tanke på at 8K-versjonen kostar 18 000 utan basestasjonar og kontrollarar, er det gjerne betre å kjøpe eit billigare produkt og ein heftig PC. Då kan du heller fyre opp SuperSampling for å oppskalere oppløysinga.

Kompatible VR-headset

Vis mer

HTC Vive

  • Vive Pro
  • Vive Pro Eye
  • Vive Cosmos, Cosmos Play, Cosmos Elite, Cosmos XR
  • Vive (opphavleg)

Oculus

  • Oculus Rift S
  • Oculus Quest (med Link)

Windows Mixed Reality:

  • Acer WMR
  • Acer OJO 500
  • Asus WMR headset
  • Dell Visor
  • HP WMR
  • HP Reverb
  • HP Reverb Pro Edition
  • Lenovo Explorer
  • Samsung Odyssey
  • Samsung Odyssey+

Pimax

  • Pimax 5K
  • Pimax 5K XR
  • Pimax 5K Plus
  • Pimax 5K Super
  • Pimax Vision 8K Plus
  • Pimax Vision 8K X
  • Pimax Artisan

Kjelde: VRFocus.

Dessverre er det ingen norske nettbutikkar som har Pimax, men blant anna ProShop har eit par på fjernlager og kan få tak i produkt for deg.

Det mest interessante frå Pimax er nok den komande Pimax Artisan, som har ein førebels prislapp på 6000 kroner. Du må riktig nok kjøpe basestasjonar og kontrollar ved sida, så det blir fort opp mot 10 000.

På nettsida deira kan du handle Artisan saman med Valve Index-kontrollarane og basestasjonar til 950 dollar. Dette tilbodet er, ikkje overraskande, ikkje tilgjengeleg for oss. Det ser heller ikkje ut som Pimax har det på lager sjølv, så det kan fort ta ei stund før Artisan dukkar opp i norske butikkar.

Artisan kjem med LCD-skjerm på 1700x1440 per auge, ein synsvinkel på 140 grader og oppdateringsfrekvens på opptil 120 hertz.

Dette kan fort bli eit spanande produkt, men i og med at ein ikkje kan få tak i det enno, er det vanskeleg å anbefale.

Konklusjon

Det er mange kriterium ein bør ta omsyn til ved kjøp av VR. Likar du noko som er kjapt oppe og går, eller syns du det er greitt å fikle litt med kablar og oppsett av rom? Er det i så fall greitt med å gå ned litt på spelopplevinga for å ha noko som fungerer kjapt og enkelt? Då er nok Oculus Quest valet for deg. Og det vil det vere for mange. Eg har hatt ein Vive i skapet som stort sett berre ligg og støvar ned, fordi eg ikkje orkar alt styret med å sette den opp. Dei nyare versjonane er enklare, spesielt Cosmos, men det kjem til ein pris.

Skal du ha eit allroundprodukt til ein rimeleg penge, er altså Oculus Quest den beste løysinga – spesielt viss du ikkje har noko kraftig gamingmaskin. Men viss Half-Life: Alyx skal vere det me måler etter, er Oculus Rift S ei betre løysing enn Quest, rett og slett fordi den blir billigare å drive og har overlegen visuell kvalitet.

For dei som har litt meir pengar å rutte med, er det fleire alternativ. Samsung Odyssey+ og HP Reverb kan vere greitt for dei som vil ha både Windows Mixed Reality og speling, men det spørst litt om ein vil vektleggje spel eller å ha begge deler.

Er spel hovudmålet, blir Vive Pro eller Cosmos dei beste. Cosmos har fått nokre nye utvidingsmoglegheiter med utskiftbare masker, men Vive Pro har framleis den beste skjermen. Det kan ein alltids gjere opp for med SuperSampling inne i spela, dersom datamaskinen din er kraftig nok.

Pimax er eit slags wildcard oppi det heile her, men utan sjanse til å faktisk kjøpe produkta deira i Noreg, blir det ikkje så veldig vits i å bruke tid på dei enno.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden