Anmeldelse

Halo Infinite (kampanjedel)

Sjefen er tilbake

Halo prøvar seg på ei diger og opa verd, med varierande hell.

Då var vi her. Åra har gått, Master Chief er tilbake, og det største Halo-eventyret så lang er runda. Denne gong prøvar ikkje 343 å introdusere nye karakterar å spele som. Det er Master Chief vi er her for, og det er han dette handlar om. Master Chief, den stoiske helten av få ord som er nagla så godt fast i veremåte at han nesten kan seie «gje meg ein ponny», og det vil høyrest tøft og handlekraftig ut.

Eg skal ikkje lyge. Det var lite som imponerte meg i løpet av dei første timane mine på Zeta Halo. Det heile framstod litt rotete, litt ufokusert, litt usikkert på kva spelet eigentleg var meint å vere. Etter ein åpningssekvens som gjer oss lettare kjend med dagens situasjon, landar vi på den nye ringen, og møter ein haug med fiendar umiddelbart. Cortana er tilsynelatande borte, og inn kjem ei erstatning som både ser og høyrest ut som som forgjengaren, men likevel ikkje heilt.

Å du fagre du frie

MAster Chief har ein ny ven.
Microsoft

Det er klart det er pent. Det er stort, vakkert, med nydeleg lys, og stemninga osar Halo så til dei grader. Langstrakte område ser nøyaktig ut som ein forventar langstrakte område i eit moderne Halo-spel skal sjå ut, men det er nettopp der litt av problemet ligg. Dei første timane blir vi instruerte i alt som er nytt med Halo, og då er det nye kartet heilt essensielt. Sjekk området ditt, sjå kva som skjer nær deg, og legg ut på oppdrag.

Det blir mykje vandring. Kanskje finn du ei kjerre å hive deg i, kanskje ikkje, men det blir mykje trasking. 343 Prøvar seg på ein mini-Ubisoft. Det blir trasking for å ta tilbake basestasjonar frå fienden. Du kan teleportere mellom alle du har låst opp, velje våpen, men og oppdage ting av interesse i nærområdet, og då blir det trasking.

Trasking til ekstra sterke fiendar du kan drepe for å få poeng som låser opp nye våpen til basestasjonen, trasking for å redde nokre soldatar som gjer lite ut av seg, og trasking for å reinske ulike installasjonar dei slemme romvesna i grupperinga Banished har tatt kontroll over. Rett skal vere rett. Desse installasjonane byr som regel på solide og engasjerande utfordringar, eg skulle berre ynskje historia sende meg hoppande frå den eine kule greia til den andre.

Det blir i staden litt vel mykje trasking, og eg tenkte med meg sjølv at overskrifta denne gong kom til å bli noko slikt som «for stort for sitt eige beste». Det er moro med Halo, men eg er ikkje overbevist om at denne nye, opne, frie løysinga er heilt vellukka. Det blir litt mange basestasjonar å ta over, litt mykje repetisjon, og ein kan lett få inntrykket av at sidan du no kan kome inn frå kva som helst vinkel, har utviklarane berre pumpa på med ekstra fiendar for å forsikre seg om at du møter ei utfordring uansett.

Eventuelt har dei sjølve innsett at det blir litt mykje trasking, og har berre dumpa nokre fiendar i vegen for at du skal ha noko å gjere på medan du traskar frå A til B. Det blir lett fyllmateriale av sånt, og om noko er fyllmateriale, merkar du at det er fyllmateriale.

Det har slått meg fleire gongar under slike seksjonar at Halo Infinite er tilrettelagt for fleire spelarar. Rundt omkring ligg køyrety, og mange møte med fiendane berre ber om moroa som kjem med eit ekstra sett med hender. Det blir ekstra bittert at samarbeidsmodusen ikkje kjem før neste år, for dette spelet hadde verkeleg hatt godt av den.

Kvar er spelar to?
Microsoft

Snuoperasjon

Men så sker det noko. Halo Infinite er langt frå så ope som det utgjev seg for å vere. Det er heller ikkje så stort som det utgjev seg for å vere, sjølv om det absolutt byr på mange gode timar med underhaldning. Går du i gong med historieoppdraga i staden for å bruke alt for mykje tid på sideoppdrag og valfrie ting, vil du bli sendt ned ein veg som byr på langt færre moglegheiter for krumspring, og er betre for det. Vi blir sende inn i område og situasjonar som byr på betre regi, og betre opplevingar. Knallharde kampar med brilliant nivådesign og glimrande planlegging pregar mange av desse sekvensane, og det er lett å bli riven med.

Historia tek seg samstudes opp og byr på eit samspel og ein rytme mellom Master Chief of Cortana-kopien som vi ikkje har sett sidan dei tidlege Halo-dagane. Det er brått som om dei er tilbake igjen nøyaktig der dei ein gong var, og det som var litt traust glir nesten umerkbart over til å bli ei heilt fantastisk oppleving.

Spelet utviklar seg etter kvart til å bli nøyaktig det Halo-eventyret eg vil tru mange har venta på, og det er denne delen av spelet som vil oppta det aller meste av tida di. Det er storslagent, bombastisk og byr på ein haug med utfordrande og varierte fiendar og ei mengd gode, gjennomtenkte våpen. Det som slår meg med våpna i Halo Infinite er kor fri du er til å velje sjølv. Det er mykje å velje i, men det finnest ikkje noko korrekt val. Sjølvsagt er det enkelte våpen som er ekstra effektive mot enkelte fiendar, men uansett kva kombo av våpen du skulle sjå som dine favorittar, vil du kunne få jobben gjort.

Denne fyren held aldri kjeft.
Microsoft

Den største endringa i Halo kjem eigentleg ikkje frå den opne verda, den kjem frå det nye utstyret til Master Chief, og då i all hovudsak gripekloa. Med denne kan ein gripe tak i veggar og tak for å kaste seg gjennom lufta, enten for å kome seg framover, eller kome seg unna. Ein kan sende den i trynet på fiendar får å svimeslå dei ei kort stund, eller eventuelt dra seg mot fiendar for å sende eit hardt slag i kjeven på dei. Den er eit vanvittig vellukka verkty som glir inn i Halo-arsenalet på ein måte som gjer det nesten litt vanskeleg å tru vi nokon gong klarte oss utan. Den blir brukt heile tida, og er uhyre praktisk i alle tenkjelege situasjonar.

Mindre brukte blir dei andre, men tidvis nyttige verktya. Ein sonar kan vise usynlege fiendar, eit skjold kan la deg skyte på fiendar frå relativ tryggleik, og ein booster kan la deg danse unna fiendar som kjem for nere. Alt har sin verdi, men ingenting kjem på høgd med gripekloa. Alle verktya kan oppgraderast, men då med gjenstandar du finn ved å gå på skattejakt på Zeta Halo-ringen.

Ein fest for øyra

Å spele Halo Infinite er som å få sprøyta stimuli rett inn i øyra. Lydbiletet i dette spelet er heilt hinsides. Frå det enorme lydsporet som på ein vanleg dag kan få oss til å tru Marty O'Donnel er tilbake ved roret, til dei absolutte høgdepunkta der musikken tek oss i nye og spanande retningar, er det ein av dei beste musikalske Halo-opplevingane så langt.

Det er derimot ikkje der det toppar seg. Lyden av våpna i dette spelet er heilt på viddene. Det er tjukt, deileg, og det pirrande kneppet som kjem kvar gong du tek livet av ein fiende er eitt av mange små triks som gjer spelopplevinga både betre og meir dynamisk gjennom god bruk av lyd. Halo Infinite byr på ei total lydpakke frå musikk, til lyd og dialog som er i ein klasse for seg sjølv, og det er sjeldan det er så deileg å høyre på lyden av krig.

Konklusjon

Eit praktisk skjold kan vere det som står mellom deg og mange kjipe dødsfall.
Microsoft

Om du ventar på ein revolusjon bør du temje forventningane dine. Halo Infinite er eit Halo-spel frå start til slutt, og det er kanskje det næraste 343 har kome å vere Bungie. På sitt beste er Halo Infinite heilt på topp for kva denne serien har levert. Det byr på fantastiske, utfordrande og engasjerande kampar, og eit samspel mellom karakterane som har vore borte for lenge.

Diverre held det ikkje dette nivået heile vegen. Spesielt i starten var eg ganske lunken. Det nye fokuset på ei opa verd er heilt greit, men eg er ikkje så interessert i å vandre frå stad til stad i eit Halo-spel, og eg vil helst at Halo skal vere mykje meir enn berre heilt greit. Eg får ingenting ut av det, men det er ein nødvendig konsekvens av korleis Halo Infinite er bygd opp. I dei situasjonane der historia tek over og vi kjem inn i meir regisserte område som leiar deg frå punkt til punkt, er spelet demonstrativt mykje betre. Det er ein litt grell kontrast som får meg til å tvile på om denne opne verda eigentleg var ein god idè.

Halo er på sitt beste når vi er midt i kampen, og får servert historia mellom slaga. Stort meir treng vi ikkje, og Halo Infinite byr både på nokre av seriens største høgdepunkt og nedturar.

Halo Infinite er ute nå til Xbox Series S/X, Xbox One og PC. Me har testa kampanjen på Xbox Series X. Flerspillerdelen er gratis for alle.

8
/10
Halo Infinite
Halo Infinite byr på ei mektig oppleving, men lukkast ikkje i alt det prøvar på.

Siste fra forsiden