Slik blir våpna i Battlefield 1

EA DICE har frigitt meir informasjon om spelet.

EA

Nyleg publiserte DICE eit intervju mellom Twitch-strømmaren Darkness429 og Julian Schimek, våpendesignaren for Battlefield 1. Intervjuet gir innsyn i kva våpen me får bruke i det komande Battlefield-spelet.

Spelarane kan hoppe ned i skyttargravene 21. oktober, eventuelt tre dagar tidlegare viss ein førehandsbestiller «Early Enlister Deluxe Edition» . Den versjonen lar ein også låse opp eit utval med utstyr og våpen, samt at det gir spelaren fem «Battlepacks».

Endringar i våpenklassane

Frostbite-motoren imponerer som vanleg.
EA

Battlefield 1 vil ha seks forskjellege våpenkategoriar. Spelaren vil kunne bruke hagler, maskinpistolar, maskingevær, halvautomatiske rifler, sidevåpen og skarpskytarrifler. Kvar våpentype vil ha mange forskjellege våpen å velje mellom.

Skarpskytarklassen vil vere litt annleis enn før. Den største endringa er at ein blir mest effektiv når ein er på «rett» avstand til målet sitt. Ein bør ikkje vere for langt unna målet, eller for nærme, seier våpendesignaren. Skarpskytaren vil antakeleg ikkje bli like effektiv på veldig lang distanse som i nokre av dei tidlegare Battlefield-spela, der ein kunne drepe fiendar på fleire kilometers avstand.

– Våpna i Battlefield 1 er meir spesialiserte. For å få mest ut av dei, må ein vere klar over styrkane og svakheitene deira, og bruke det rette våpenet i rett situasjon, meiner Schimek.

Nærkampvåpen vil spele ein større rolle i Battlefield 1 enn andre Battlefield-spel. I traileren for spelet kan ein sjå blant anna sverd og klubber bli brukt. Frå 1914 til 1918 var det stor innovasjon i våpenindustrien, som førte til store endringar i våpenteknologi i løpet av krigen, bare på nokre få år. Battlefield 1 vil ha mange forskjellige nærkampvåpen med ulik angrepshastighet og skade.

Framleis mogleg å tilpasse våpen

Ørkennivå i Battlefield 1.
EA

Det vil ikkje bli like mange tilpassingsmoglegheiter for våpen som ein er vant til, men det vil vere mogleg å sette på bajonettar, endre zoom på optikk og antakeleg justere våpenløp. Battlefield 1 vil også ha ei lang rekkje med kostmetiske endringar til våpna, i form av kamuflasjemønster og liknande.

Alle våpen vil ha tre «loadouts» ein kan velje mellom, som endrar eigenskapane til våpenet. For eksempel vil ein type «loadout» gjere at våpenet påfører meir skade, mens eit anna kan gjere våpenet meir treffsikkert på kostnad av stabilitet. Desse innstillingane vil ein ikkje kunne endre sjølv, ein kan bare velje kva for «loadout» ein vil ha.

Får me kjempe med sverd på hesteryggen?
EA

Battlefield-serien er godt kjent for sin lange rekke med «dingsar», som bombekastarar, små dronefly, medisinsk utstyr og radar. Det nye spelet vil ha utstyr med dei same funksjonane, men sjølvsagt ein heilt anna utsjånad.

Les også
Anmeldelse: Battlefield 1

– Våre «dingsar» ser kanskje annleis ut, men du vil kjenne deg heilt komfortable med dei. Fyrste verdskrig dreiv fram innovasjon, og førte til mykje nytt utstyr innan medisin og speiding, som revolusjonerte krigane i tida etter, seier Julian Schimek.

Les også: EA var bekymra for at dei unge ikkje visste om fyrste verdskrig.

Siste fra forsiden