Sniktitt

Battlefield V

Ta kampen mot nazistane i Narvik

Har DICE skapt store nok endringar i Battlefield-oppskrifta til å lokke spelarane tilbake?

Industrien har ei handfull storspelseriar som tilsynelatande aldri kjem til å runde av. Dei største er sjølvsagt Battlefield og Call of Duty. Eg sat strek for forholdet mitt til sistnemnde i fjor, og no har eg fått bryne meg på ein alfaversjon av Battlefield-utviding nummer sjuhundre og førtitre (alias Battlefield V). Inntrykket mitt er heldigvis eit stykke unna det eg fekk av Call of Duty: WWII.

Som kjend tar det nye Battlefield-spelet oss til Noreg. Narvik, for å vere eksakt. Her får me leike oss i eit snødekt brett med sjarmerande trehus, som er scene for storslagne kampar mellom britiske styrkar og nazistar.

Gamer.no har allereie tatt ein kjapp kikk på Battlefield V under E3, og den sniktitten kan du lese her. Me ville skrive ein ny sak no som me har fått bruke ei heil helg på å boltre oss i Narvik-kartet, samt kikke litt meir på spelets tekniske sider.

Kva er eigentleg nytt?

Duren av eit bombefly fyller øyrene mine, og FlaK-patronar eksploderer på alle kantar. Dei treff motoren. Nasen på flyet byrjar å peike nedover, og bakken kjem stadig nærmare. Flammar slikkar oppetter sidene av skroget. Eg bøyer knea, og slenger meg ut av døra. Fallskjermen opnar seg rett før eg treff bakken, og eg landar i ei snøfonn. Alt er kvitt. Ein blindande «solflare»-effekt strålar ut av skjermen som ein laser mot augo mine, og brenn seg inn i netthinna mi. Nokre sekundar seinare tar figuren min ei sniperkule i panna, utan at eg har sett snurten av kven som drap meg. Joda. Det er Battlefield det her.

Flare-effekten er sjølvsagt på plass. Dette er tross alt Battlefield. Synet er det ikkje så viktig med, eigentleg (men den er i alle fall ikkje like ille som i tidlegare spel).
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Men alt er ikkje som før. Utviklarane har forstått dei må fiffe opp meir enn berre å endre setting frå første til andre verdskrig. Kulene tar meir skade. Du har mindre ammunisjon. Langt mindre. Introduksjonen av «attrition»-systemet har rebalansert nokre av spelets tilgivande mekanismar ved å tvinge spelaren til å vere meir konservativ med førstehjelp og ammunisjon. Du startar rundane med berre 60 kuler til geværet ditt (20 for skarpskyttarrifler). Ein kan ikkje køyre full «spray-and-pray»-taktikk lengre. Her må ein tenkje seg om før ein slepp laus dei tornande skotsalvane, elles høyrer ein fort det karakteristiske klikket av eit våpen som er tom for kuler. Det same gjeld fly og køyretøy. Desse vil etter kvart gå tom for ammunisjon, slik at ein må kome seg til punkt på kartet der det er mogleg å fylle på.

I min første kamp sprinta eg opp på jernbanebrua i Narvik, StG44-rifle parat til å drepe. Det aula av fiendar. Med berre to magasin var ikkje «guns blazing»-strategien ideell, slik som den ville vore i Battlefield 1. Eg måtte bruke lokomotivet som dekke for å flanke fram og tilbake rundt fiendane mine, og stele med meg ammunisjon frå dei eg tok knekken på.

Nokre få kuler er nok til å drepe. Er du treffsikker, kan du ta livet av ein fiende på eit knapt sekund – som er langt mindre enn i førre spel. Det er ein konsekvens av å ha mindre ammunisjon, noko eg set pris på. Endringane har vore ganske kontroversielle, men eg oppfattar ikkje attrition-systemet som straffande for spelestilen min. Det er heller eit insentiv, noko som skal løne dei som tar seg tid til å finsikte, dei som er presise.

Du drep ikkje fullt like kjapt som i «hardcore»-modusane, men det er nærmare enn nokosinne. I det eg plaffar ned nazistar, kan eg plukke med meg små ammunisjonsposar for å hindre at eg går tom. Rundt på kartet finn ein òg eigne lager med ammunisjon og førstehjelp, så det er alltid mogleg å fylle på viss ein først er uheldig og ikkje har meir å skyte med. Men det er ganske sjeldan ein treng.

Gruvene må ut av tyske hender.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ja vel, tenkjer du kanskje. Det er vel ikkje så veldig annleis frå det førre innslaget i serien anna enn nokre små justeringar då? Og du har sjølvsagt rett. Men er det ein ting spel som PlayerUnknown’s Battlegrounds har lært oss, er det at sjølv tilsynelatande små endringar kan ha omfattande verknadar på inntrykket vårt av spelet. Ta «vaulting» i PUBG som døme. Det er ein ørliten mekanisme som blei marknadsført så hyppig at det verka mest som ein parodi, men til sjuande og sist forandra det fullstendig korleis me kjemper mot kvarandre i spelet. Dette er til dels den same greia. Eg er freista til å seie at skytinga i Battlefield V minnar mest om Call of Duty slik det er no, hadde det ikkje vore for at dei kutta i ammunisjonen.

Kjerneopplevinga er på plass

Sjølv om skytemekanismane har fått nokre justeringar, er mykje av kjernen i det som gjer Battlefield bra på plass. Kanskje det viktigaste elementet i eit skytespel er god skytekjensle, og det finn ein definitivt i Battlefield V.

Les også
Anthem-lanseringen må vike for et nytt Battlefield-spill

Ein får velje mellom fire klassar; Assault, Medic, Support og Scout. Kvar av desse vil få underklassar, men det er ikkje ute i alfatesten enno. Uansett kva klasse du vel, kan du vere sikker på at du får bruke våpen som kjenst tunge, og byr på tilfredsstillande lyd. Den vesle «klink»-lyden du får av å skyte ein fiende i hovudet er heilt konge. Det er nettopp den typen feedback som får meg til å bruke nokre ekstra tiendels sekund på å sikte mot hjelmane til nazistjævlane.

Når eg får bunde sanitærkorset rundt armen og tar fram både sprøyte og førstehjelpsskrin, kan eg stikke kameratane mine med nokre greier for å få dei inn i kampen igjen. Det kjenner me frå dei andre spela. Derimot har utviklaren gjort nokre små endringar her òg, slik at eg kan gjere det same utan å vere Medic. No er det nemleg mogleg å gi ei hand til laget ditt som andre klassar, gitt at dei er i same «squad» som deg.

DICE veit korleis dei lagar vakre kart.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Justeringa av klassesystemet legg opp til endå meir lagspel, og aukar fokuset på å få spelarane til å gjere oppdrag. Som i førre titlar får me jage flagg i Conquest-modusen, men ein kan òg bryne seg på ein ny variant av Operations. Modusen lèt oss utkjempe slag over fleire dagar med ulike mål – nett som i Battlefield 1 – men denne gongen får modusen ein vri ved at me kan hoppe ut av fly. Eg antar det kjem fleire ved sleppdatoen, og flyet er gjerne eit hint til den komande Battle Royale-modusen. Men Ground Operations er som i fjor noko ubalansert, så eg kjem nok til å halde fram med å kjempe i Conquest eller Team Deathmatch.

Køyretøya har som i Battlefield 1 fått ein mindre rolle samanlikna med tidlegare spel. Du vil ofte høyre og sjå fly som susar forbi over hovudet ditt, men sjansane for å bli drepen av dei er heller små som infanterist. Det er sjeldan ein møter gode pilotar, og no som flya verkar svake og spottemekanismen gir langt mindre informasjon enn før, tviler eg på at det blir like populært (eller morosamt) som i til dømes Battlefield 4. Eg skal ikkje konkludere med noko her for me har berre spelte det eine kartet, men det verkar som utviklaren legg meir opp til at infanteriet skal vere enklare å spele som.

Framleis kongen av det audiovisuelle

Det er få – om nokon – som når opp til DICE når det kjem til teknisk presentasjon av lyd og bilete. Fjorårets Star Wars: Battlefront II hadde sine feil, men det er omtrent ingen andre spel som kan matche eit slikt nivå av fotorealisme (viss ein ser bort frå tekniske demoar, i alle fall). For den uinnvigde er det lett å forveksle bilete frå Star Wars-filmane og spela til DICE. Grafikken er rett og slett ekstremt imponerande. Kombiner det med eit lydbilete som omtrent er identisk til det me får i filmserien, er i det minste rammevilkåra for ei flott oppleving på plass.

Haustens Battlefield-oppleving er sjølvsagt ikkje noko unntak. Reint teknisk er den audiovisuelle framstillinga av spelet er i ein særklasse. I det du tar steget inn på slagmarka blir du møtt av detaljerte teksturar i alle kantar, partikkeleffektar frå bomber, eksploderande fly og granatar. Eit enkelt artilleriskot kan sende opp ein storm av snø, treflis og stein i alle retningar, mens heile bygningar dett ned over hovudet på deg. Alt rundt deg er fullt av liv. Og lydbiletet gjer det berre endå betre. Det gir ei innlevingskjensle som ingen andre skytespel kan by på – i alle fall ikkje på dette viset.

Det dynamiske veret på Narvik gir oss moglegheit til å vasse rundt i eit tett snøfall. Akkurat partikkeleffektane der er kanskje ikkje all verda. Spel som Skyrim har ein langt betre variant. Men det er totalen som imponerer. Alt er detaljstyrt, frå vingetippane på Spitfire-flya, til kronene på grantrea som klingar seg fast langs dei tårnande nordlandsfjella i distansen. Har du maskinvare til å skru alt opp på maks, kan du trø inn i eit teknisk vidunderverk (sjå benchmark-video i 4K over. Sjølv i alfafasen køyrer det imponerande godt).

DICE har finpussa på effektane til eld og eksplosjonar, og eksplosivar er meir eit verktøy enn før. Hiv eg ein pakke med C4 i vegen framfor meg, kan eg lage ei djup skyttargrav. Miks inn det nye systemet for å bygge eigen minifestning med sandsekkar og snø, kan eg skape nok dekkje til eit heil tropp, og hjelpe oss med å forsvare flagg, bombeplass eller kva det måtte vere.

Konklusjon

Narvik har dynamisk vêr som skiftar i takt med fasane i Grand Operations.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Uansett kva ein gjer, er det nokon som kjem til å bli misnøgde med endringar i ein serie som Battlefield. Det er ein naturleg konsekvens av å ha så mange følgjarar. Men eg trur ikkje det nye attrition-systemet kjem til å bli så ille som folk skal ha det til. Det har tetta distansen til skytekjensla i Call of Duty, men Battlefield held på identiteten sin ved å gjere det vanskelegare å finne ammunisjon. Endringane som har kome ber preg av å vere insentiv til å finpusse eigen spelestil i staden for å gjere noko vanskelegare. Det er kanskje ikkje så effektivt å sitte på ein fjelltopp med skarpskyttarrifle som før, men så lenge du brukar tid på å finne dei rette måla, er det framleis fint mogleg. Ein anna konsekvens av attrition-endringane er at Support-klassen kjem til å bli meir nyttig enn før, då den kan gi ut kuler til andre.

Alt er stort sett som det skal vere. Det nye klassesystemet er ein interessant vri, og større fokus på infanterikamp er eit pluss i mi bok. Alfatesten har hatt ein del småfeil, men dei kjem nok til å forsvinne. Eg tviler derimot på at me kjem til å sjå noko særleg med endringar i mekanismane, for alfatestane til DICE har ein tendens til å vere tilnærma identiske til det som kjem på sleppdato, anna enn forbetra optimalisering.

Battlefield har altså ikkje skreve seg ut av historiebøkene endå. Dei byggjer vidare på seriens styrkar, og eg kjem definitivt til å benke meg framfor skjermen 19. oktober.

Siste fra forsiden