Spår brikkemangel til uti 2024

Intel-sjefen kjem med ein deprimerande spådom i ei tid der marknaden ser ut til å bli betre.

Intel

Pat Gelsinger, administrerande direktør i Intel, seier i eit intervju med CNBC at mangelen på mikrobrikker kjem til å halde fram til uti 2024.

Intel-sjefen forklarar til CNBC at brikkemangelen no byrjar å gå utover tilgangen på produksjonsutstyr. Det skapar nye flaskehalsar.

– Det er ein del av grunnen til at me trur at brikkemangelen vil dra ut i 2024, opp frå våre tidlegare estimat i 2023. Det er fordi mangelen no går utover produksjonsutstyr, sa Gelsinger.

Det var i fjor haust at Gelsinger uttalte at me var i «det verste», og då meinte det kom til å dra ut til 2023. No er han altså endå meir pessimistisk.

Lysglimt

Dei siste månadane har det vore betre tilgang på konsollar og datakomponentar i norske butikkar. Spesielt for skjermkort er situasjonen klart betre enn det var i 2021, men det er heller ikkje lenge til det kjem nye generasjonar med skjermkort frå både AMD, Intel og Nvidia.

Det kan føre til ein ny, stor vekst i etterspurnaden.

Eit lite lysglimt er at prisen for brikker til skjermeiningar har gått ned i løpet av 2022. Det er blitt billigare å produsere skjermkort, og prisane i nettbutikkane har igjen gått nedover.

Siste fra forsiden