Anmeldelse

Star Ocean: Till the End of Time

Høstens store eventyr frå Square Enix er eit actionfyllt rollespel der reiser gjennom tid og rom står veldig sentralt. Sjølvsagt er det ei også ein overhengande fare som truar med å øydelegge heile verda.

Side 1
Side 2

Nei, det er ikkje så mykje nytt å hente hos manusforfattarane denne gongen, men kor mange konsoll-eventyr har eigentleg ei skikkeleg original historie? Kor mange historier i det heile tatt vil du finne som ikkje består av stereotypar og klisjear på rekke og rad? Veldig få, om ein skal vere kritisk, men så er heller ikkje originalitet det som nødvendigvis skapar underhaldning. Om du skal setje fingeren på kva du likar best med historia i ditt favorittespel, er det plottet, eller sjølve reisa?

Som vanleg er protagonisten i spelet ein ung mann, som ikkje akkurat ser ut som om han brukar fritida si på å løfte vekter. Fayt Leingod er namnet, og guten har blått hår og eit heroisk hjarte. Det som er viktig for Fayt, er å vere tru mot seg sjølv, og mot andre. Løgn og bedrageri kjem du absolutt ikkje langt med. I alle fall ikkje om du spør han. Vi møter Fayt først i lag med venninna Sophia, der dei er på eit enormt luksusromskip, og generelt driv dank. Katastrofa skjer sjølvsagt, og alle må flykte frå skipet. Foreldra til Fayt forsvinn i kaoset, og Fayt endar opp i ein redningspod på veg mot ein underutvikla planet.

Underutvikling av tredje grad I Star Ocean: Till the End of Time er det ei solid dose med tidsreiser ute og går, men ikkje heilt på den måten ein normalt ser det føre seg. I staden for å reise fram og tilbake i tid, reiser du heller til forskjellige planetar som ikkje har kome lengre i utviklinga enn til dømes vår eiga jord på 1700-talet. Slike planetar blir av dei som har kome seg eit stykke lengre på teknologi-barometeret kalla ”underutvikla planetar”, og er derfor beskytta av ei lov som skal sørge for at ingen reiser til dei og viser dei teknologi dei ikkje har oppdaga sjølv. Slikt kan få katastrofale konsekvensar, og det er klart Fayt og hans medhjelparar endar opp i både ein og to kinkige situasjonar. Om noko av dette minner deg om Star Trek, er det fullt lov.

Det seier seg nesten sjølv at det blir praktisk talt umogleg å halde seg unna desse planetane. Om det er krasjlanding, nødkrasj, eller ei heilt anna form for krasj, kan du vere sikker på at du endar opp ein plass du eigentleg burde halde deg langt unna. Det interessante her er eigentleg at kvar planet du reiser til har si heilt unike historie, og sjølv femten timar ut i det fulle eventyret har du ingen aning om kva plottet eigentleg dreiar seg om. Fantastisk, ikkje sant? Endeleg eit rollespel som tar seg god tid med å få deg til å henge med. Det skulle eigentleg berre mangle. Det er heller få spel til PlayStation 2 som kjem på to diskar, men Square Enix har greid det, og eit knallhardt løfte om minimum 60 timar med underhaldning.

Skuffande karakterdesign Eg skal ikkje sei noko meir om historia, sidan det er din jobb, men du møter etter kvart ein del interessante karakterar. Det er litt leit at designen varierar stort. Star Ocean har ein ganske utprega Anime-stil til tider, men lider av ei litt tam visualisering. Fargane er ofte blasse, og hovudpersonane i spelet er rett og slett ikkje interessante nok. Å sjå Fayt sitte i ei kantine i løpet av dei første minutta av spelet, vekker ikkje dei same følelsane som når du ser Cloud frå Final Fantasy VII for første gong. Det blir litt vanskeleg å bestemme seg for kva ein eigentleg synest om karakterane. Dei ser ikkje kule ut, men dei er godt utvikla. Du kan godt seie den visuelle sida deira manglar karakter. Dei kjem med ein del poeng det er vanskeleg å seie seg ueinig med, men når dei blir levert av med ei stemme fullstendig blotta for innleving, dabbar det av litt.

Heldigvis er det god variasjon mellom dei forskjellige planetane. Det er også gjort ein uvanleg god jobb med å få ting til å kome til live. I motsetning til nitti prosent av alle andre eventyrspel, er ikkje alle hus du går inn i kun eit par rom med eit bord og nokre stolar. I omtrent alle hus vil du finne det ein forventar skal vere der. Til og med kjøkken har blitt hugsa på. Når ein spring rundt i ein by får ein også inntrykket av at dette er ein stad ting skjer. Husa står i forskjellige vinklar. Det er ein grasflekk her, eit tørkestativ der, og nokre blomsterpotter for å skape litt bonderomantikk. Små detaljar som gjer ting mykje meir truverdig.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden