Anmeldelse

Still Life

Ein bestialsk mordar lemlestar unge kvinner, og den aspirerande etterforskaren Victoria McPherson blir dratt inn i eit mysterium større enn kva nokon kunne ha forutsett.

Side 1
Side 2

Tradisjonelle eventyrspel blir ofte assosierte med absurd humor og meiningslause gåter. Spel som Day of the Tentacle og Monkey Island frå LucasArts skapte ein sjanger som fekk deg til å sleppe latteren laus gong på gong. Av og til dukka det opp spel for eit litt anna publikum, som til dømes Gabriel Knight. Ei stund var verda eit himmelrike for alle som forgudar det å sitje fast på ein stad, utan å forstå korleis ein skal kome seg vidare. Sjangeren er kanskje betre kjent for nokre som "peik og klikk", og dessverre har utvalet av av slike spel blitt skummelt dårleg. I tillegg til at få av desse spela dukkar opp, er det ikkje så mange av dei som held den høge kvaliteten ein gjerne skulle ynskje.

Atter ein gong kjem Microids for å redde dagen med eit eventyrspel som på ingen måte fokuserar på sprø humor og samansetningar av meiningslause ting. Still Life er mørkt, dystert og absolutt ikkje skikka for mindreårige. Både språket, og bilda du får sjå, er noko som lett kan bli sterk kost for dei som ikkje har så mange gode ord til overs for spelindustrien. Eg derimot, har veldig positive ord om Still Life. Det er eit modent og gjennomført spel, med ei god historie, fin grafikk, og stemmeskodespel som løftar karakterane ut frå skjermen, og inn i hovudet ditt. Det er eit drapsmysterium du blir engasjert i, og du svært gjerne vil finne svaret på.

I Chicago er ingen trygge
Victoria McPherson er FBI agent, og akkurat no er ho på jakt etter ein psykotisk fyr som har fått ein stygg vane med å lemleste unge jenter. For å gjere det heile enda litt verre finn Victoria ut at det som skjer i Chicago akkurat no, er skremmande likt ei sak bestefaren hennar etterforska i Praha i 1915. Det er sjølvsagt mykje meir til historia enn dette, men no vil vi ikkje øydelegge moroa heller. Still Life er eit hundre prosent tradisjonelt peik og klikk-eventyr. Du brukar musa til alt, om det så er for å flytte Victoria, eller for å leite etter det som måtte vere av interesse.

I Still Life har du ingen direkte kontroll over kva karakterane skal snakke om. Du brukar knappane på musa til to ting. Ved å trykke på venstre museknapp snakkar du om ting som har relevans for mordmysteriet, og ved å klikke på høgre knapp snakkar du om personlege ting. Sjølv om du ikkje kan velje spørsmål du vil stille folk, betyr dette på ingen måte at samtalene blir kjedelege. Som dei fleste spel har Still Life ei historie, og den er godt fortalt. Eg fann raskt ut at eg har spelt få spel i det siste der det faktisk har vore like interessant å følge med på kva folk snakkar om. Flyten i dialogane er veldig god, og det følest naturleg. I tillegg er dialogen ekte. Det er ein del grovt språk i spelet, men akkurat her framstår det som heilt naturleg.

Samtidig kan samtalesystemet dessverre av og til gi deg inntrykket av at du er overflødig. Greit, du har gode samtaler, og skodespelet er stort sett av veldig høg kvalitet, men litt av poenget med å spele eit spel forsvinn når det einaste du eigentleg gjer er å trykke på ein knapp av og til. Kva du vel vil ikkje ha noko form for innverknad på utfallet av samtala uansett. At du må trykke på knappen kan på ein måte framstå som ein liten detalj som kun er der for at det ikkje skal bli for mykje tekst på ein gong. Det er greit med litt pauser av og til, ikkje sant? At du kan leie samtala mot personlege spørsmål, i tillegg til det saka går ut på, tilfører heller ikkje noko. Det har ingen innverknad på sjølve dialogen, det gir deg kun ein sjanse til å forstå karakterane betre.

Som med mange andre tradisjonelle eventyrspel har Still Life ein del velkjende hinder som står i vegen for total glede. Det er heilt greit å gå gjennom ein tom parkeringsplass for å nå fram til heisen. Det er greit ein gong. Det er heilt greit å stå i ro i heisen, det tar som regel litt tid, men kun ein gong. Det er veldig mange meiningslause delar av spelet som kun har til hensikt å føre karakteren frå ein stad til ein anna. Som sagt er dette heilt greit første gong, for da er det kun ein del av historia. Andre, tredje og fjerde gong du ser den same skjermen der du ikkje kan gjere noko anna enn å gå, blir det kjedeleg. Det blir noko som berre dreg ut spelet, utan å tilføre noko bra.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden