Teknologigiganten avslører ytinga til komande skjermkort

Intel viste fram Arc A750 i aksjon.

NYTT SKJERMKORT: Tom Petersen og Ryan Shrout drøfta i går den komande lanseringa av Intel Arc A750.
Skjermdump, YouTube

Intel la i går ut ein drøss med testdata for skjermkortet Intel Arc A750 på nettsidene sine.

Dei har framleis ikkje dratt sløret av alle spesifikasjonane eller lanseringsdatoen, men A750 blir ein konkurrent til Nvida sitt RTX 3060-skjermkort.

Rykta seier at RTX 4060 neppe kjem før i 2023, så det kan hende Intel kan bidra til å skape litt konkurranse viss dei lanserer i år.

Det var Videocardz.com som omtalte saka først.

Intel presenterte benchmarktal frå 48 ulike spel i 1920x1080 og 2560x1440.

– På tvers av nesten 50 spel, ser me ei god speloppleving i både 1080p Ultra og 1440p High, og ei auke i yting på 3–5 prosent mot GeForce RTX 3060 ved liknande innstillingar, skriv Intel.

Ein bør for øvrig alltid ta testdata frå produsentane sjølv med ein viss skepsis.

Merknad: Me skreiv først at Intel ikkje har delt informasjon om videominnet til skjermkortet, men det stemmer ikkje. Intel Arc A750 får 8 GB videominne.

Her er tala:

Siste fra forsiden