Test

ASUS TUF Gaming RTX 3080 OC

Tidenes kraftigste gamingskjermkort er her

... og budsjettkjølaren frå ASUS er faktisk heilt kanon.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Test og konklusjon
2: Benchmarking av 10 spel

Turing-arkitekturen og RTX 20-serien selde som berre pokker, men toppkorta var ingen stor suksess når det kjem til pris og yting. RTX 2080 var knapt betre enn det førre toppkortet, og RTX 2080 Ti kosta godt over 10.000 kroner – og med berre ei betring på rundt 20–30 prosent over GTX 1080 Ti.

Strålesporing og DLSS var heller ikkje heilt den revolusjonen mange venta at det skulle vere. Sjølv om DLSS har fått betydelege forbetringar i det siste er det framleis få spel som støttar det, og strålesporinga gjer eit enormt innhogg i ytinga på RTX 20-serie-korta.

Difor var det mykje entusiasme då Nvidia-sjef Jensen Huang annonserte Ampere-korta 1. september, og sa at dette var deira største generasjonshopp nokosinne.

Og no er dei første RTX 3080-korta ute.

Dei få som fekk bestilt seg eit kort byrjar å sjå pakkar dukke opp i posten, og her på bruket har me hatt to dagar med ASUS sitt TUF Gaming OC-kort. Dette er eit av dei rimelegaste tredjepartskorta blant RTX 3080-gjengen, som no ligg på 8.249 kroner.

ASUS sin budsjettserie har hatt eit relativt dårleg rykte dei siste åra, og det er først og fremst Strix-serien som har vore verd å bruke pengane på. Dette har dei retta opp i. Skal du ha deg eit rimeleg RTX 3080-kort så er det godt mogleg at TUF-serien er det du bør satse på.

Kortet har ein boost-klokkehastigheit på 1740 MHz / 1710 Mhz alt etter om ein er ei «OC Mode» eller «Gaming mode», og ein baseklokkehastigheit på 1440 MHz. Det er eit par kort som ligg høgare på boost-hastigheita, men med GPU Boost 5.0 frå Nvidia vil nok dei fleste nærme seg 2 GHz uansett.

Me kjem tilbake med eit meir overordna blikk på RTX 3080 når me får Founders Edition-kortet. Då går me i djupna på spesifikasjonane til serien. No er me mindre tekniske, og ser meir på kva som faktisk er eit godt kjøp no som det er høgt trykk på lagerbehaldningane.

Design

ASUS har gitt TUF-korta ei solid overhaling sidan førre generasjon. Designet er heilt nytt. TUF Gaming-kortet har omtrent den same fargen, men kjølaren har blitt større, meir firkanta og litt meir enkel i utsjånaden. Dei sølvfarga stripene er vekke og det er færre gamer-teikn enn før. Litt RGB må ein sjølvsagt rekne med, som me finn på toppen av kortet, men det gjer ikkje så mykje ut av seg.

SOLID: Sjølv om det er eit budsjettkort er det mest metall å sjå på både framsida og bakplata.

Bakplata har fått både branding og nokre dekkmerke over metallet, samt nokre hol inn til radiatoren og sjølve skjermeininga. Det ser ganske kult ut, spør du meg.

Dei av oss som har følgt med på utsjånaden til dei andre tredjepartskorta i 30-serien har gjerne reagert på at mange av dei er skikkeleg smaklause og stygge. Her har ASUS gått for eit meir minimalistisk og enkelt design, og det kan me setje pris på.

HDMI 2.1: RTX 3080-korta kjem med 3 DisplayPort-portar og to HDMI-portar med støtte for 2.1-standarden. Dette lar deg vise spel i 8K 60 FPS. Den dedikerte VR-porten frå 20-serien er vekke.

ASUS TUF Gaming OC er langt unna å vere det største kortet du kan få tak i. Eg reagerte umiddelbart på at det er forholdsvis tungt, med over 1300 gram, men det er ikkje eit fullverdig 3-slot-kort. Det er fleire av tredjepartskorta i 20-serien som er monaleg større.

Samstundes er det på ingen måte eit lite skjermkort. Kortet er 30 centimeter langt, og det kan by på utfordringar for dei som har små kabinett. Eg måtte fram med baufil i førre generasjon for å kutte vekk ein stolpe, og det ville vore naudsynt her òg. Breidda på 12.69 centimeter er som nemnd ikkje det verste, men igjen bør du ha godt med plass på PCIe-spora.

Yting

RTX 3090 er omtrent som Titan-serien var for nokre generasjonar sidan, og difor reknar Nvidia RTX 3080 som det nye flaggskipet for gaming. Dette gjer innstegsprisen for 4K-speling med strålesporing monaleg lågare sidan Turing.

I Middle-Earth: Shadow of War i 4K har me eit hopp i yting på 50 prosent over RTX 2080 og 22 prosent over RTX 2080 Ti. Far Cry 5 i 4K er 61 % betre på RTX 3080 enn RTX 2080, og 21 % betre enn med RTX 2080 Ti. I The Witcher 3: Wild Hunt i 4K hoppar me 64 % frå RTX 2080, medan ytinga går opp 26 % frå RTX 2080 Ti. Ei betydeleg auke her i ei handfull spel altså, men det er nok ikkje det aller største generasjonshoppet.

De kan sjå dei fulle resultata frå testane våre i ti ulike spel og nokre syntetiske testar på neste side.

Det blir med ein gong klart at RTX 3080 først og fremst er eit kort for dei som vil spele i 4K eller i 1440p på ein skjerm med høg oppdateringshastigheit. Vår testrigg har ein Intel Core i7-8700k klokka til 5 GHz saman med 16 GB DDR4-minne på 4400 MHz, og flaskehalsen er tydeleg både i 1080p og 1440p. No er ikkje dette noko overrasking då ein ser dei same resultata for 2080 Ti òg, men det er ein del spel der knapt er meir enn nokre få prosent forskjell mellom RTX 3080 og RTX 2080/2080 Super/2080 Ti i 1080p.

KRAFTIG: RTX 3080 er laga for 4K og 1440p-speling med høg biletefrekvens.

For dei som skal spele i 1080p er det nok difor ein god ide å vente til RTX 3070, 3060 og dei nye AMD-korta kjem. Sit du og siklar over dei nye 360hz-skjermane skal eg ikkje seie noko, men det er greitt å ha i bakhovudet. Dei store ytingshoppa i 1080p kjem nok heller når spel blir betre optimalisert for fleirkjernebruk.

NOK MINNE: Det kjem ein versjon av 3080 med 20 GB GDDR6X-minne, men 10 GB-versjonen vil nok halde for dei fleste i 4K.

Men ein fyller fint opp ein 240hz-skjerm med 3080 utan dei heilt store justeringane i dei fleste nye spel, og 3080 peikar seg ut som eit glimrande val i 1440p. Der byrjar skilnadane ned til RTX 2080 Ti å vise seg for fullt. Den magiske 144-grensa er innanfor rekkjevidd i ei rekkje spel, som ein kan nå ved å skru ned ei innstilling her og der – eventuelt ved bruk av DLSS.

Assassins Creed Odyssey er det einaste spelet der me ikkje nådde 60 FPS i 4K, og det fiksar ein lett ved å slå av kantutjamninga. Dette er kanskje den første generasjonen der me har moglegheit til å seie at 4K byrjar å bli mainstream, då ein kan få tilgang til det med eit kort under 10.000 kroner. 2080 Ti er faktisk ikkje kraftig nok til å klare det. RTX 3090 blir nok det einaste som kjem seg over grensa gong på gong, men prisnivået på RTX 3090 er ganske latterleg.

STRÅLESPORING I VEGEN: Nvidia har gjort strålesporing lettare med å betre på algoritmane til DLSS, men det er framleis store tap i yting ved å slå på strålesporing.

Ein del har vore skeptiske til om 10 GB med videominne er nok for 4K. I dei spela som er ute i dag er det stort sett det. Dei få unntaka er dårleg optimaliserte spel som kan bli betre med tid. Eg trur ikkje ein er sikra for framtida i 4K med RTX 3080, men slik vil det alltid vere. Spel blir meir krevjande å drive, og det er sikkert ganske mange år fram i tid før 4K får den posisjonen som 1080p har i dag.

DLSS er nok krykkja me må støtte oss på førebels der.

Når det kjem til strålesporing viser testane våre at RTX 3080 gjer det betydeleg betre enn det RTX 2080 Ti gjer, men at det framleis er ein lang veg å gå. Til dømes i Control er det framleis omtrent like krevjande å setje på strålesporing i 1080p som det er å gå frå 1080p til 1440p. Det er nærmast ei halvering i biletefrekvensen.

Nvidia er ikkje heilt i mål der enno altså. Det vil kome oppdateringar til spela som betrar ytinga etter kvart, og nye drivarar til korta kan gjerne auke ytinga endå meir. Eg gleder meg til å sjå korleis komande RTX-titlar, slik som Cyberpunk 2077, vil vere.

Overklokking

Dei siste generasjonane har det vore mogleg å dra ein del ekstra kraft ut frå korta ved hjelp av manuell overklokking. Utifrå det eg har erfart med ASUS-kortet verkar det som det er mindre å gå på denne gongen.

Dette legg ein liten dempar på den auka ytinga, då ein kunne få opp mot 10 prosent betre yting ved å overklokke dei beste tredjepartskorta for RTX 2080 og RTX 2080 Ti.

Nytt i år er at eit vern for minnebandbreidda gjer at kortet ikkje alltid krasjar ved overklokking av minne, men at ytinga heller går ned. Det har for så vidt skjedd før òg, men det er blitt endå meir krevjande å finne den rette balansen mellom overklokking av minnehastigheita og klokkehastigheita.

INGEN 12-PIN: Det er berre Founders Edition som får den nye leidningen med 12-pinnar-tilkopling. Det er kanskje like greitt, for han gjer det vanskeleg å halde kablane ryddige.

ASUS TUF Gaming RTX 3080 OC lar deg skru opp straumgrensa til 110 prosent, som hjelper litt, men det er ikkje så mykje ekstra kraft å spele på her. Eg fekk til å få opp kjerneklokkehastigheita med 65 Mhz stabilt, og minnehastigheita rundt 650 MHz. Sjølve resultata varierte veldig frå spel til spel.

I Shadow of War fekk eg rundt fem prosent ekstra yting i 4K, altså 4–5 FPS. For The Witcher 3: Wild Hunt hadde overklokkinga omtrent null effekt, og skilnaden var på rundt éin prosent. Akkurat det spelet verkar å vere ekstremt ømfintleg for den minste endring i klokkehastigheit forbi det kortet booster til sjølv, då 0.001 % FPS går ned under 10 ved overklokking – også kjend som «micro stutter».

Det er fint mogleg å presse minnehastigheita monaleg høgare, men det ser ikkje ut til å ha noko effekt på biletefrekvensen, så dette er nok omtrent grensa for det kortet eg har. No er det tilfeldig kven som får middels, gode eller veldig gode kort her, for det er del av det ein kallar silisiumlotteriet. Nokre enkeltkort vil kunne bli overklokka betydeleg meir enn andre. Uansett verkar det ikkje som det er verd å bruke noko særleg med tid på manuell overklokking, sjølv om dette kanskje har ei skjermeining som ikkje taklar overklokking like godt.

ASUS-kortet booster nemleg rett opp i 1995 MHz ut av eska. Ein kan ikkje samanlikne klokkehastigheit på tvers av generasjonar eller kort, men det er i alle fall ein betydeleg forskjell frå klokkehastigheita som ligg til grunn. Manuell overklokking pressa kortet opp til 2055 MHz.

Straumforbruk, temperatur og støynivå

Fleire og fleire tredjepartskort har behov for tre 8-pinn-kontaktar for straum, men TUF Gaming-kortet vårt treng berre to. Nvidia meiner ein må ha ei straumforsyning på 750 watt for RTX 3080-korta, men det ser ut som ein kan kome unna med 650 watt dersom ein ikkje overklokkar kortet eller andre komponentar, og har ein straumgjerrig prosessor.

TUF Gaming-kortet drog på det meste 347 watt ut av veggen under stresstesting, og 368 watt når det var overklokka. Det er mogleg å skru ned spenninga til kortet og framleis halde på det meste av ytinga for dei som eventuelt vil bruke heile budsjettet på skjermkort utan å kjøpe ny straumforsyning.

HEFTIG KJØLAR: Ein svær radiator og tjukke varmepiper held temperaturane låge.

Det er når det kjem til temperaturar og støynivå at TUF Gaming OC-kortet verkeleg skin. Kjølaren er glimrande.

Med timelange stresstestar var aldri kortet over 63 grader, anna enn ved oveklokking. Då sneik det seg opp på 64. Kortet er ikkje programmert til å klokke ned før det treff 84 grader, så her er det mykje å gå på. Grensa kan ein sjølvsagt skyve høgare i programvara ved behov.

Det er særs lite lyd frå kortet. Sjølv om viftene går på 1950 omdreiingar i minuttet under full last, og 2020 omdreiingar med manuell overklokking, så har eg ikkje høyrt noko særleg til dei. MSI sitt Gaming X Trio-kort har visstnok noko lågare viftefart og støynivå, men det kostar til gjengjeld monaleg meir. Det trur eg ikkje er verd pengane her.

Med 29 desibel på tomgang og 39 under full last, så høyrer du sannsynlegvis langt meir av prosessorkjølaren enn TUF Gaming-kortet.

Konklusjon

Er du ein av dei som fekk hendene på ASUS TUF Gaming RTX 3080 Gaming OC ved slepp kan du seinke skuldra. Dette er eit skikkeleg velprodusert kort. Kjølaren er venleg på øyra og effektiv nok til å halde temperaturane nede, medan du får eit visst rom for overklokking med straumgrense på 110 prosent – som går opp til 116 med litt manuell triksing.

Kortet er stilig og anonymt, og det er ikkje blant dei aller største. Med tanke på at det kostar like mykje som Founders Edition er dette eit skikkeleg godt kjøp.

Ser me med overblikk på RTX 3080 er saka den same. Det første Ampere-kortet er eit betydeleg betre kjøp enn kva dei kraftigaste Turing-korta var. Nvidia har nok vore nervøse for kva AMD kokar i hop no i oktober, og har skrudd opp ytinga nokre hakk. Når det kjem til rein yting kunne forskjellen gjerne vore endå større mot Turing, men når prisen går ned nærmare 40 prosent og ytinga går opp med 25 prosent mot RTX 2080 Ti, då må me kunne seie at dette er ei god investering for dei som vil dyppe tåa i 4K-speling.

Det er framleis eit stykke å gå, for strålesporing er strengt tatt ikkje blitt noko særleg mindre krevjande, men med nokre oppdateringar her og der ser framtida lys ut. Me har fått eit ekstremt kraftig 4K-kort til ein forholdsvis rimeleg penge.

Og eit av dei billigaste RTX 3080-korta er kanskje det beste som er kome ut enno. Det er ikkje verst.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

9
/10
Asus GeForce RTX 3080 TUF OC Gaming
Eit av marknadens billigaste 3080-kort er førebels eit av dei beste.
4K 60 FPS i det meste
Særs låge temperaturar
Lite støy
Fint design
Betydeleg kraftigare og rimelegare enn 2080 Ti
Høg boost-klokke
Gratis FPS med DLSS
Stort
Lite effekt av overklokking
Strålesporing er framleis altfor krevjande
Brukar svært mykje straum
1: Test og konklusjon
2: Benchmarking av 10 spel

Siste fra forsiden