Test

Cooler Master MM720

Klumpete og rar, men steikande god

Endeleg er det ei fjørlett og lita mus med skikkeleg ergonomi på marknaden.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Cooler Master har vore fast inventar på pulten min i fleire månadar no. Den lette gamingmusa MM711 var blant vinnarane i vår samletest i haust, og eg har like greitt berre haldt fram med å bruke ho.

No har me fått bryne oss på eit nytt produkt frå det taiwanske selskapet – av det langt meir spesielle slaget. Cooler Master MM720 er ei knøttlita og fjørlett gamingmus med bikakedesign, men med kanskje den mest uvanlege forma me har testa her på huset så langt. Produktet er basert på ein eldre modell, som har fått ei real overhaling.

For 700 kroner får du ein feilfri sensor, låg vekt, ein Paracord-liknande kabel og kraftig RGB-lys. Dette er ei oppskrift på suksess, men den spesielle forma gjer at du kanskje bør tenke deg om to gongar før du går for denne musa.

Design og komfort

Eg har vore borti former som krev litt tilvenning før denne, men ikkje på det same viset. Det som er mest uvant er at MM720 har ei eiga støtte for ringfingeren, som gjorde at eg i byrjinga fleire gongar prøvde å klikke med feil finger. Det kjenst veldig rart å ha ringfingeren så høgt oppe.

Det tok derimot ikkje lang tid før eg blei vand med den uortodokse forma, men det har nok mest med at eg som hardwareskribent byter gamingmus omtrent like ofte som eg skiftar munnbind i desse tider. Slik er det neppe for dei fleste som les dette. Eg tippar at det krev litt omprogrammering av muskelminne før det sluttar å nappe i ringfingeren når ein har siktet på hovudet til ein fiende.

Spesielle passformer er ikkje noko som går inn på toppen av vår liste sjølv om alt anna er bra med musa. Dette er ei mus som du helst bør prøve litt før du kjøper, og det er førebels få fysiske butikkar som har ho til test. Det gjer dette litt vanskeleg å anbefale. Forma er så annleis enn det me er vande med, at det kan vere perfekt for éin person og fullstendig skivebom for ein annan.

SPESIELL ERGONOMI: Det er litt lotto om denne forma passar deg eller ikkje.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Men det er nettopp dette med at ho kan vere perfekt for eit knippe personar som gjer at karakteren blir solid til slutt. Det er sjeldan at ei gamingmus gir så god støtte til handa som denne gjer, med både dedikert ringfinger- og tommelstøtte.

Ergonomien er på topp – men berre for dei med ein viss handstorleik og ein viss grepstype. Brukar eg noko anna enn klogrep syns eg ikkje ho er heilt det store.

MM720 er særs lita, men ryggen er såpass høg at ho kan fungere for dei med store hender i fingertuppgrep. Klogrep kan òg gå viss du har hender opp til 19,5 centimeter, men for handflategrep er dette neppe produktet for deg viss du har hender som er lenger enn 18 centimeter. Då blir MM720 rett og slett for liten.

Testversjonen er dekkja av ei matt, kvit overflate, men det er mogleg å få ho i både matt og glossy versjon. Grepet verkar i alle fall både fast og behageleg med den matte versjonen, og du får òg med ekstra grepsteip i eska viss du vil gjere MM720 litt tjukkare.

På kjøkkenvekta viser displayet knappe 52 gram, som gjer dette til ei av dei lettaste produkta med feilfri sensor du kan få tak i. Den Paracord-inspirerte kabelen i tøy gjer òg at musa er nesten som trådlaus å rekne. Du kjenner rett og slett ikkje noko til kabelen.

Knappar

MM720 har fem knappar og eit klikkbart rullehjul. Museknappane verkar betydeleg meir solide på MM720 enn MM710 og MM711, og lyden av klikket er noko meir romsleg enn på dei. Det er heller ingen knirkelyd når ein legg vekt på museknappane her.

GODE KNAPPAR: MM720 har betre byggekvalitet enn veslebrørne sine.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sideknappane har fått ei lita «leppe» for å hindre at tommelen kjem borti. Det er lite vandring og skarpe klikk på sideknappane, og dei er for så vidt nærme nok tommelen, men eg kunne godt klart meg utan det skiljet mellom tommel og knappane. Det gjer at det tar nokre millisekund ekstra å trykke inne knappane.

Rullehjulet lagar betydeleg mindre lyd enn på MM710, men er av omtrent same kvalitet. Det har klart definerte trinn som er behagelege å rulle gjennom.

Til sist er det ein PPT-knapp på undersida som lar deg velje mellom opp til sju ulike PPT-trinn.

Sensor

Cooler Master MM720 brukar ein PixArt PMW3389-sensor, så det er lite å seie om ytinga her. Det er støtte for PPT opp til 16 000 for dei som vil at det verkeleg skal gå unna med følsemda, og sporinga er heilt feilfri.

Her er det ingen sjanse for at sensoren spinn ut i det heile.

PMW3389 er, som alltid, tilnærma perfekt.

RGB og programvare

Cooler Master kom nyleg ut med MasterPlus+, ei ny programvare for nokre av dei ferske produkta deira. Designet er ikkje så mykje å rope hurra for, men det er veldig enkelt å navigere rundt i programmet. Her har du alt av moglegheiter du treng, både når det gjeld justering av RGB, PPT, oppdateringsrate og makro, men òg meir avanserte innstillingar som løftedistanse og hastigheit på dobbelklikk.

Slikt er det langt ifrå alle produsentane som tilbyr.

Cooler Master har òg gjort ganske mykje ut av lysa i musa, som takka vere bikakekonstruksjonen skin langt utover pulten. Det sit lyselement i både rullehjulet og sjølve kroppen, og lysa er sterke nok til at dei er klart synlege sjølv med handa på toppen. Det er ikkje dei finaste fargane eg har sett, men det er meir enn nok lys for dei som likar slikt.

Konklusjon

UORTODOKS: MM720 er eit skikkeleg gjennomført produkt, men forma gjer at ho er reservert for ganske få.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Cooler Master har gjort ein særs kapabel jobb med å pusse opp ein gammal klassikar her. Vekta er særs låg, kabelen er glimrande, knappane er for det meste skikkeleg gode å bruke og sensoren er feilfri. 700 kroner for ei slik pakke er heller ikkje så altfor gale.

Det er få produkt for dei med små hender der ute, men passforma er nok litt for spesiell for dei aller fleste. Med mindre du veit at passforma kjem til å fungere for deg ville eg tatt ein tur i ein fysisk butikk først. Problemet er berre at MaxGaming førebels er dei einaste som sel ho i Noreg. Då blir det umogleg å få til.

Men for dei få personane som denne forma passar til, vil dette vere eit heilt kanon produkt. MM720 er klumpete, rar og litt stygg, men samstundes midt i blinken for nokre få sjeler der ute. Hadde byggekvaliteten til MM710 og MM711 vore som dette, hadde eg nok plassert dei endå høgare i samletesten vår.

Personleg er eg fan av denne passforma. Eg syns ikkje ho kan konkurrere heilt med favorittane mine, men det er liten tvil om at dette er eit blinkskot for Cooler Master mot den relativt smale målgruppa. Det er likevel ikkje noko eg vil anbefale i breidda, og difor set me karakteren deretter – sjølv om det eigentleg ikkje er noko gale med ho.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

8
/10
Cooler Master MM720
Lita og fjørlett gamingmus med litt for spesiell passform.
Særs låg vekt
Tøykabel
Feilfri sensor
Behageleg for dei ho passar til
Programvare med mange nyttige funksjonar
Krev tilvenning
Har ei passform som neppe passar til meir enn ei veldig lita målgruppe

Siste fra forsiden